Ein spanande arbeidsplass:
Frå design til produksjonsoppfølging

Zenit Engineering AS har sidan 2000 vore ein viktig leverandør av tekniske og mekaniske løysingar til eit stort mangfald av kundar i Sunnhordland.
- Vår visjon er at vi skal vera den puslebrikken som manglar hos kunden og at våre kompetanse skal komplementere det kunden har behov for, seier Bente Marie Sjo, dagleg leiar i Zenit.
Bedrifta er lokalisert med kontor på Sunde i Sunnhordland og i Odda, og har i dag 16 tilsette.
- Vi leverer ingeniørkompetanse innan maskin, røyr, bygg, materialteknologi og mekanisk design. Dermed kan vi ta på oss varierte oppdrag, både innan utleige av ingeniørar og ved vår eiga in-house avdeling, seier Bente.

Fokus på kortreist kvalitet
Som lokal aktør i bransjen er det særleg viktig for Zenit å halda fokus på kvalitet i alle ledd.
- Kundar som bestiller ingeniørtenester hos oss skal vite at dei får tenester av kvalitet, og at ein slepp rundar der jobben ikkje er utført på ein skikkeleg og tilfredsstillande måte, seier Bente.

F.v.: Dagleg leiar Bente Marie Sjo, kvalitetsinspektør Andreas Leininger, sivilingeniør materialteknologi Petter Ottesen og mekanisk designingeniør Margaret Hivand.
Sjølv har ho tru på at det vil gagne både bedrifta og kundane å velja eit samarbeid med Zenit.
- Det er ein fordel for kundar å henvenda seg lokalt i og med at det er korte linjer mellom behov og løysing. Samstundes er det eit ønskje å halda arbeidsplassane våre lokalt.

F.v.: Dagleg leiar Bente Marie Sjo, kvalitetsinspektør Andreas Leininger, sivilingeniør materialteknologi Petter Ottesen og mekanisk designingeniør Margaret Hivand.
F.v.: Dagleg leiar Bente Marie Sjo, kvalitetsinspektør Andreas Leininger, sivilingeniør materialteknologi Petter Ottesen og mekanisk designingeniør Margaret Hivand.

Tommy på synfaring om bord på Johan Castberg.
Tommy på synfaring om bord på Johan Castberg.

F.v.: Dagleg leiar Bente Marie Sjo på besøk hos maskiningeniør Tor Haugen Valvatne og røyringeniør Tommy R. Grøtte, som er utleigt til Aker Solutions.
F.v.: Dagleg leiar Bente Marie Sjo på besøk hos maskiningeniør Tor Haugen Valvatne og røyringeniør Tommy R. Grøtte, som er utleigt til Aker Solutions.
Kjekt med variert arbeid
Tommy Røyrvik Grøtte har jobba sidan 2007 og Tor Haugen Valvatne har vore i bedrifta sidan 2020. Dei pendlar frå Dimmelsvik til Stord kvar dag og har over ein time reiseveg kvar veg.
Dei stortrivst med å vera utleigt til Aker Solutions og syns det er ein flott kunde å jobba for.

Tommy på synfaring om bord på Johan Castberg.
- Det er ikkje noko problem å køyra litt bil når ein trivst i jobben ein køyrer til, smiler Tommy som er røyringeniør.
Det er også Tor, maskiningeniør, einig i. For han er er det særleg variasjonen i arbeidet som gjer bedrifta attraktiv å jobba i.
- Her er det god spredning i kunnskap og fag. Vi er ei bedrift som brukar kvarandre dersome in må trø utanfor våre eigne disiplinar. Som ingeniør blir ein veldig allsidig av å jobba her, seier han.
Ein annan ting dei to ingeniørane set pris på, er det gode samhaldet på arbeidsplassen.

F.v.: Dagleg leiar Bente Marie Sjo på besøk hos maskiningeniør Tor Haugen Valvatne og røyringeniør Tommy R. Grøtte, som er utleigt til Aker Solutions.
- Det har eg kjent på frå første stund i Zenit. Det er eit kjempemiljø og ein låg dørstokk der ein kan gå rett inn til leiar og kollegaer og få den hjelpa eller ta den praten ein har behov for, seier Tommy.
- Ja, ein kjenner seg alltid heime og velkommen, legg Tor til.
For leiar, Bente, er godt samhald høgt prioritert.
- Zenit er ingenting utan dei tilsette og difor er det viktig at dei har det bra på jobb. Vi må sørga for at dei tilsette har lyst å bidra slik at vi lukkast i arbeidet vårt, seier ho.
Eit kreativt arbeid
Ein av dei som jobbar på avdelingskontoret i Odda er Jørn Eirik Olsen. Han er engineeringskoordinator og mekanisk sivilingeniør, og har i dag det tekniske ansvaret for prosjekta som føregår i Odda.

Engineeringskoordinator Jørn Eirik og mekanisk designingeniør Margaret Hivand på veg til synfaring hos kunde.
- Vi gjer alt frå prosjekteringsarbeid og utrekningar til modellering og teikning av forskjellige typar løysingar for kundane våre.
Sjølv set han pris på å ha ein allsidig arbeidskvardag med fleire ulike prosjekt på gong samstundes.
- Det er ein veldig spanande og interessant arbeidskvardag. EIn kjem borti mange ulike utfordringar i løpet av ein dag, og ein får verkeleg brukt kreativiteten i arbeidet vi gjer.

Engineeringskoordinator og sivilingeniør mekanisk, Jørn Eirik Olsen, er klar for lift og inspeksjon av skorstein på Tizir.

Engineeringskoordinator Jørn Eirik og mekanisk designingeniør Margaret Hivand på veg til synfaring hos kunde.
Engineeringskoordinator Jørn Eirik og mekanisk designingeniør Margaret Hivand på veg til synfaring hos kunde.

Engineeringskoordinator og sivilingeniør mekanisk, Jørn Eirik Olsen, er klar for lift og inspeksjon av skorstein på Tizir.
Engineeringskoordinator og sivilingeniør mekanisk, Jørn Eirik Olsen, er klar for lift og inspeksjon av skorstein på Tizir.

F.v.: Porsjektingeniør prosess og mekanisk, Arne Haugland, og prosjektleiar og maskiningeniør Jan Egil Apeland, som er utleigt til Hydro Husnes.
F.v.: Porsjektingeniør prosess og mekanisk, Arne Haugland, og prosjektleiar og maskiningeniør Jan Egil Apeland, som er utleigt til Hydro Husnes.

Ein viktig del av engineeringsarbeidet er å diskutera ulike løysingar og potensielle konsekvensar.
Ein viktig del av engineeringsarbeidet er å diskutera ulike løysingar og potensielle konsekvensar.
Utviklar nye løysingar
Som ingeniør i Zenit får ein vera med på alt frå prosjektering av prosessanlegg til installasjonsoppfølging av trehytter og mykje anna.

F.v.: Porsjektingeniør prosess og mekanisk, Arne Haugland, og prosjektleiar og maskiningeniør Jan Egil Apeland, som er utleigt til Hydro Husnes.
I følge Jørn er det det å kunna utvikla nye løysingar for kundar som er det mest spanande med jobben.
- Vi har den siste tida vore med og hjelpt Njord Aqua med å utvikla eit nytt verktøy. Dei visste kva dei ønskte å gjera, men dei visste ikkje korleis dei skulle gjera det. Då var vi med og designa og utvikla alle mekaniske komponent som skulle vera med. Det er veldig interessant og kunna ved med på å utvikla slike løysingar som ikkje finst frå før av, seier han.
For tida er dei også i gong med eit heilt anna prosjekt som dreier seg om å skapa betre miljø.

Ein viktig del av engineeringsarbeidet er å diskutera ulike løysingar og potensielle konsekvensar.
- Her er vi med på å finna ut korleis vi kan bidra til å redusera støvutslepp på ein arbeidsplass. Då ser vi på kva som finns av tilgjengeleg teknologi, og finn tiltak som kan hjelpa oss med å redusera støvproblematikken.
- Ei bratt læringskurve
Med mange prosjekt på gong, er Zenit ei lærerik bedrift å jobba i. Det kan Erlend Røneid skriva under på. Han byrja som nyutdanna i Zenit for eitt og eit halvt år sidan, og jobbar i dag som sivilingeniør innan prosess og mekanisk.

Erlend Røneid, nytilsett i Zenit.
- I og med at dette er ei lita bedrift, får ein tatt del i mykje her. Det har vore ei relativt bratt læringskurve der eg har fått kasta meg ut i det meste, seier han.
Fram til no har han jobba mykje med 3D-modellering og design av ulik karakter.
- Det er artig å sjå igjen ting som ein har lært om, og få setja teorien ut i praksis.
I følgje Erlend har Zenit vore ei god bedrift å starta karrieren i.

Inspeksjon i rulleovn.
- Eg får jobba med det fagfeltet eg er utdanna innan, samstundes som eg får prøvd meg på mykje anna. Det er utvilsamt eit miljø for læring i Zenit, slår han fast.

Erlend Røneid, nytilsett i Zenit.
Erlend Røneid, nytilsett i Zenit.

Inspeksjon i rulleovn.
Inspeksjon i rulleovn.