Samarbeider:

- Dette er vinn-vinn for kundane våre

Når Håvard Mæland og XL-BYGG Valvatne får inn ein kunde som ønskjer pris på eit prosjekt, koplar dei på handverkarar som dei veit at leverer kvalitetesarbeid og har rask responstid. Sjølv får dei totalleveranse av materiell og utstyr til prosjektet.

- Dette er vinn-vinn både for oss og kundane våre, seier han.

På Hiskjo er renoveringa av Øystein Østensen sin fritidstbustad i full gang. Totalleveranse og responstid var avgjerande faktorar då han valte byggefirma.

- For meg var det viktig å finna nokon som kunne ta totalleveransen frå A til Å. Difor kontakta eg XL-BYGG Valvatne på Stord, som igjen kopla på Ing. Øyvind Jørgensen AS. Det er eg svært glad for, og prosessen så langt ar gått knirkefritt, skryt han.

Med storhavet som næraste nabo og det gamle fiskeværet like utanfor døra, har Østensen funne sitt ferieparadis. Midt i den vakre skjergarden på Bømlo har ein av gründerane av Skjærårdservice overteke bestefaren sitt gamle hus. Huset vart flytta dit i 1895. Det har vore ombygd og påbygd fleire gonger og for tida held han på med oppussing.

- Det er ekstra kjekt at Øystein har valt å behalda mykje av identiteten til huset. Golvet knirkar og er skeivt etter over hundre års bruk, det er lågt under taket og det plassbygde kjøkkenet skal leva vidare med nymåla frontar.

- På golvet har me til dømes fjerna fleire lag med belegg, og no skal det pussast ned og takast i bruk slik det opprinneleg var. Baderommet blir totalrenovert og utvida ein heil del. Her vil nytt og gammalt gå hand i hand, seier Kim Andre Aga, byggeleiar i Ing. Øyvind Jørgensen AS.

- Det gjer at me blir utfordra til å finna gode løysingar på korleis me kan bevara noko av det originale interiøret, samstundes som me pussar opp etter dagens standard.

Samtlege rom er berørt av oppussinga, der ulike fag som røyr og elektro er kopla på.

XL-BYGG Valvatne leverer varer av høg kvalitet til prosjektet: Alt frå verktøy og materiell til vindauge, måling og golv.

Golvet fortel mange ulike historier. Fleire lag med belegg er fjerna. No skal det originale tregolvet pussast ned slik at det kan vara i mange år.

Noko av sjela til huset skal bevarast. Knirking og skeivhet skal få bli med vidare.

Vegger er retta opp og har fått plater, som igjen skal tapetserast. Nye vindauge er sett inn.

Møllerstuepanel er ein norsk klassiskar med sni elegante og rike profilering, og passar godt inn i hytta.

- Her kjem det verkeleg til sin rett, seier Kim Andre Aga.

Håvard Mæland er proffsalsleiar i XL-BYGG Valvatne og har lang erfaring med små og store prosjekt rundt i heile regionen, både for privat- og bedriftsmarknaden.

- For oss er det viktig at kunden får kvalitet i alle ledd. Difor knyter me til oss bedrifter som me veit leverer både på responstid og kvalitet. Då Østensen kontakta oss for pris på rehabiliteringsprosjektet på Hiskjo, var det difor naturleg for oss å ta ein prat med Kim André og resten av teamet, seier han.

Ing. Øyvind Jørgensen AS har lang erfaring med ROT-oppdrag (rehabilitering, oppussing og tilbygg) i heile sunnhordlandsregionen, og har jobba tett saman med XL-BYGG Valvatne på fleire prosjekt.

- Slik me ser det, er dette ein vinn-vinn situasjon for alle partar. Me får totalleveranse av materiell til heile prosjektet og Ing. Øyvind Jørgensen AS får eit oppdrag. Kunden kan vera trygg på at han får dyktige handverkarar og rask tilbakemelding.

Før og etter

Slik me ser det, er dete vinn-vinn situasjon for alle partar. Me får totalleveranse til prosjektet, Ing. Øyvind Jørgensen AS får eit oppdrag - og kunden kan vera trygg på at han får dyktige handverkarar og rask tilbakemelding.
Håvard Mæland

Responstida er viktig for både Mæland og Aga.

- Det er viktig for oss at me koplar på bedrifter som me veit har rask responstid og kan ta tak i førespurnaden nokså umiddelbart. Av erfaring veit me at rahbiliteringskundane helst ville hatt jobben gjort "i går". I tilfellet på Hiskjo trur eg det var snakk om timar før Kim Andre hadde teke opp tråden med kunden og avtalt synfaring.

Håvard Mæland er proffsalsleiar i XL-BYGG Valvatne.

Øystein Østensen skryt over dialogen og profesjonaliteten i prosjektet. Han dreg også fram det positive med å forhalda seg til éin byggeleiar som koordinerer med elektro, røyr, måling og interiør.

- Eg er svært nøgd så langt. Eg har fått god oppfølging og har blitt godt ivareteke heile vegen. Det har vore ein fin og ryddig prosess. No gler eg meg til å gå sommaren i møte på ei nyoppussa hytte langt uti havgapet, smiler han.

Håvard Mæland er proffsalsleiar i XL-BYGG Valvatne.

Håvard Mæland er proffsalsleiar i XL-BYGG Valvatne.

Kontakt oss

Håvard Mæland
hm@valvatne.no
Tlf. 92 05 14 37

Opningstider
Mån - fre: 07 - 17
Laurdag: 09 - 14

OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST

Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.

Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.

Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!

© Copyright Polaris Media Vest