Måla huset i sommar?
Her får du tips til korleis du gjer det - og korleis malingen varar lengst mogleg!

Skal du måla utandørs i sommar? Med enkle grep får du eit godt resultat som varar lenge.
Her får du vita alt du treng å tenka på før du svingar målekosten!


Å måla huset er eitt av dei viktigaste grepa for å vedlikehalda og beskytta huset ditt. Kor ofte det bør gjerast avhenger av kva måling du har brukt tidlegare og korleis vêr og vind har slite på målinga.
- Gjer du jobben grundig og bruker eit godt produkt, held målinga seg mykje lenger, seier Kristina Nilsson hos XL-BYGG Valvatne. Ho har jobba med måling i ei årrekkje og deler gjerne sine beste tips.

Det første du må gjera er å vaska husveggane.
Grønska, sopp, vegstøv, pollen, regn og sol slit på målinga kvar dag og fører til at huset bør vaskast kvart år.
- Målar du utan å vaska først, vil du blanda skiten inn i målinga og få eit dårlegare resultat. Husvasken bør eigentleg takast kvart år, men det kjem an på underlaget. Det finst måling som er sjølvreinsande og som gjer at du ikkje treng å vaska like ofte, tipsar Nilsson.
Til vaskinga bør ein nytta kraftvask eller husvask, avhengig av korleis underlaget er. Om den eksisterande målinga er veldig sliten eller har parti med ubehandla treverk, vert kraftvask for sterkt.

- Som regel bruker ein husvask. Bland såpevatn og spray det på. Lat det stå i nokre minutt før du bruker ein gatekost til å vaska godt med. Vask nedanfrå og opp - før du skyl ovanfrå og ned. Det er svært viktig å bruka hageslange. Ikkje bruk høgtrykkspylar, det vert for hardt for treverket.
Til slutt skrapar ein av flassande måling.




Målingssprøyte er effektivt når du skal måla huset.
Målingssprøyte er effektivt når du skal måla huset.
Det er viktig å velja rett tidspunkt for målejobben. Unngå å måla i direkte sollys.
- Generelt bør det ikkje vera under fem grader, og ikkje varmare enn rundt tjuefem. Overskya dagar er fine å måla på, seier Nilsson.
Dersom treverket er ubehandla eller målinga er heilt nedsliten, bør du bruka grunning først.
- Deretter bør du ha to lag med måling. Eit tjukkare lag vil tåla meir nedbryting og sol, og gir ofte eit finare resultat.
Investerer du i godt utstyr, vil mykje av jobben vera gjort.

Målingssprøyte er effektivt når du skal måla huset.
- Du kan gjerne bruka rulla med forlengingsskaft på husveggen. Ein bør likevel gå over med pensel etterpå for å vera sikker på at ein dekkjer alle krikar og krokar, forklarar ho.
- Men det som kanskje er den mest effektive måten å måla på, er å bruka målingssprøyte. Det søler ikkje og gir eit jamt og fint resultat. Berre sørg for å dekka til alle vindauge og stader som ikkje skal påførast måling - og vel ein vindstille dag. Du vil ikkje ha målingsflekkar på naboen sin bil.
Eit heitt tips er å måle grunnmuren. Du kan gi huset eit heilt nytt utsjåande dersom du tek eit strok med måling over.


Beisa terrassen?
Skal du beisa terrasse er framgangsmåten i prinsippet lik som for måling av huset.
- Du må alltid vaska terrassen før du skal beisa han. Gå over med den same husvasken før du spyler det reint. Også her bør ein unngå høgtrykkspylar. Eventuelt kan ein nytta terrassevaskar som skrubbar borda for deg, seier Nilsson.

Med denne moppen frå Jordan påfører du enkelt terrassebeis på borda. - Heilt genialt, seier Kristina Nilsson hos XL-BYGG Valvatne.
- Produkta i dag er svært gode, mellom anna er terrassebeisen vår regnsikker etter berre éin time. Kom gjerne innom oss for gode tips og råd - anten du skal måla huset eller terrassen i sommar, smiler ho.

Med denne moppen frå Jordan påfører du enkelt terrassebeis på borda. - Heilt genialt, seier Kristina Nilsson hos XL-BYGG Valvatne.
Med denne moppen frå Jordan påfører du enkelt terrassebeis på borda. - Heilt genialt, seier Kristina Nilsson hos XL-BYGG Valvatne.
Slik går du fram!
- Ta deg tid til å vaska huset før du måler.
- Skrap vekk lause målingsflak etter at du har vaska.
- Bruk grunning på bart treverk.
- Sørg for å ha godt utstyr - då er halve jobben gjort.
- Ta deg tid til å måla to strøk.
- Sjekk vêrmeldinga for dei optimale forholda å måla i.

Kristina Nilsson hos XL-BYGG Valvatne.

Kristina Nilsson hos XL-BYGG Valvatne.
Kristina Nilsson hos XL-BYGG Valvatne.