Hjelper deg med heile prosjektet

- Klappet & Klart er ei perfekt løysing for kundar som ikkje kan, vil eller har tid til å gjera jobben sjølv, seier Reidun Iren Esperø, proff salsansvarleg hos XL-BYGG VALVATNE.
I ein travel kvardag er fritida vår verdifull. Mange vil gjerne sleppa å bruka tid på vedlikehald av hus. Dette har XL-BYGG VALVATNE løysinga på.
- Med Klappet & Klart kan du senka skuldrane og vita at erfarne fagfolk tek seg av jobben - anten du skal byte vindauge, bygge terrasse eller skifte tak, fortel Reidun Iren Esperø.

Håvard Mæland kjem gjerne heim til deg på synfaring.
Ho har lang erfaring i bransjen og har selt byggevarer i over tjue år.
Esperø påpeiker at folk i større grad snekra og gjorde ting sjølv tidlegare, men at det er blitt strengare krav til montering av straum, røyrlegging og liknande arbeid.
- For å få mange av jobbane godkjente, trengst det fagfolk. Det får du hos oss, slår ho fast.

Håvard Mæland kjem gjerne heim til deg på synfaring.
Håvard Mæland kjem gjerne heim til deg på synfaring.


I butikken på Heiane får kunden profesjonell hjelp.
- Det einaste du treng å gjera er å fortelja oss kva du vil ha gjort. Enklare blir det vel ikkje? seier Håvard Mæland med eit smil.
Etter tjue år som tømrar har han lang erfaring og mykje kunnskap som han tek med seg inn i prosjekta til kunden.
- Det er viktig for oss at kunden får god vegleiing. Treng du nytt vindauge går me gjennom moglegheitene som finst. Kanskje er det vindauge med integrert solskjerming det du eigentleg treng? Ein skal vera sikker på at vala er gjennomtenkte og varige, legg Reidun til.


Reidun Iren Esperø og Håvard Mæland hjelper deg med små og store prosjekt.
Reidun Iren Esperø og Håvard Mæland hjelper deg med små og store prosjekt.
Etter at du har fortalt kva du vil ha gjort, kjem Reidun eller Håvard heim til deg på synfaring.
- Saman med kunden går me gjennom kva ein ynskjer å ha gjort. Så tek me mål og gir våre anbefalingar. I etterkant får du eit uforpliktande tilbod som inneheld éin pris for både materialet og jobben. Når prosjektet er ferdigstilt skal det vera opprydda og strøkent på plassen - klappa og klart til å ta i bruk, forklarar Reidun.

Reidun Iren Esperø lovar kvalitet i alle ledd.
Klappet & Klart-ordninga til XL-BYGG gjeld både små og store prosjekt.
- Ved større prosjekt koplar me på samarbeidsfirma. Uansett kva kunden treng hjelp til, skal han vera trygg på at han får hjelp av dyktige fagfolk med lang erfaring, understrekar Håvard.
- Me stiller strenge krav til dei som jobbar for oss, og arbeidet må utførast tilfredsstillande for kunden og ut i frå gjeldande forskrifter. Partnerane våre i Klappet & Klart er seriøse bedrifter som me veit at leverer kvalitetsarbeid, supplerer Reidun.

XL-BYGG VALVATNE ligg lett tilgjengeleg på Heiane.
- Valvatne Trelast vart etablert i Sagvåg i 1900. Selskapet har vorte drive gjennom generasjonar, og gjennom desse 121 åra har me alltid hatt kunden i fokus. Me har bygd oss opp eit solid rykte som ein kvalitetsleverandør av trelast og byggevare som du kan stola på. Det ryktet er viktig at me tek med oss, også i Klappet & Klart-prosjekta våre. Det skal vera kvalitet i alle ledd - og enkelt for deg som kunde å velja XL-BYGG, avsluttar Håvard.

Reidun Iren Esperø lovar kvalitet i alle ledd.
Reidun Iren Esperø lovar kvalitet i alle ledd.

XL-BYGG VALVATNE ligg lett tilgjengeleg på Heiane.
XL-BYGG VALVATNE ligg lett tilgjengeleg på Heiane.
Med Klappet & Klart får du
- Eigen prosjektleiar
- Rett kompetanse
- Tryggleik i ein lokal aktør
- Konkurransedyktige prisar
- Éin fakturaavsendar og ingen overraskingar
