Difor bør du byta ut den gamle omnen din!

- Ved å investera i ein moderne og reintbrennande omn vil du auka varmeeffekten samstundes som ein gjer miljøet ei stor teneste. Pengane sparar du inn på få år, seier Marita Kartveit Svendsen.
Ein omn skal varma deg gjennom eit kaldt vinterhalvår og skapa hygge og lun stemning. Mange supplerer med vedfyring no som straumprisane er høge - heile 70 prosent av straumrekninga går nemleg til oppvarming.
- I butikken er me i ferd med å byta ut ein del av omnane i utstillinga vår. Går du med tankar om å investera i ny omn har du difor ein sjeldan sjanse til å koma innom og skaffa deg ein omn til ein veldig god pris, seier Marita Kartveit Svendsen hos XL-BYGG Valvatne og syner fram ei rekkje ulike omnar i butikken på Heiane.


Det er mykje å tenka gjennom når ein skaffar seg ny omn, og Marita hjelper gjerne med å finna omnen som passar deg og ditt behov.
I butikken fører dei omnar frå tradisjonsrike, norske merke som Jøtul, Nordpeis og Dovre - og kan vera behjelpelege med å skaffa reservedelar.
- Designet spenner frå det klassiske til det moderne, med alt frå store vindaugsflater til vegghengte modellar. Det er ikkje eit problem å flytte pipa dersom ein ynskjer ny plassering. Omnen er eit møbel i seg sjølv og vert eit naturleg midtpunkt. Likevel bør ein vurdera ulike ting før ein bestemmer seg, fortel ho.
Er omnen for stor vil ein alltid fyra på for låg effekt. Dette fører til dårleg forbrenning og sot på glas og i pipa. Er omnen for liten vil den verta overbelasta og få redusert levetid.
- Som regel er 60 - 70 KW per kvadratmeter eit godt utgangspunkt, men det er betre med ein omn som er litt for stor enn for liten.

Byter du omn vil du også få betre inneklima.
- Vedfyring er ei kjelde til svevestøv og kan føra til alvorlege helseplager. I 1997 kom det eit krav om at det berre skal seljast reintbrennande omnar, då desse etterbrenn gassar og partiklar. Likevel har mange omnar som er eldre enn dette, og desse er det ekstra viktig at vert skifta ut - både for inneklimaet og miljøet utandørs.
I tillegg til den positive effekten på miljøet, er reintbrennande omnar langt meir energieffektive.
- Ein reintbrennande omn har ei verkningsgrad på 75-80 prosent. Det gir ein reduksjon i forbruket av ved. Omnen vert fortare varm, og i toppen er det ekstra ventilar for tilføring av luft. Mindre sot reduserer også risikoen for pipebrann.
- Når ein fyrer er det viktig å opna ventilen heilt, slik at det vert god trekk. Veden må også vera tørr. Brenn det godt med klår flamme, kan du lukke ventilen nesten heilt igjen. Eit sikkert teikn er når det kjem stikkflammar, forklarar Marita.
Omnen har du lov til å montera sjølv, så lenge du kan dokumentera at det er gjort i høve til monteringsforskriftene.
- Me er her for å hjelpa deg med alt frå val av omn til montering. Me har fagfolk som kan utføra dette dersom ein ynskjer det, forsikrar ho.


Tips og råd
- Ny omn? Finn ut kva behovet ditt er!
Oppvarming eller hygge? - Kor skal omnen stå?
Plassering av peis har mykje å seia for utnytting av varme. - Kor stor skal omnen vera?
Storleiken må passa med arealet omnen skal varma opp. - Reduser sot på glaset ved å få opp trekken.
- Lat det vera igjen to centimeter med oske etter reingjering. Det isolerer brennkammeret og gjer at veden brenn betre.
- Optimal utnytting av veden får du ved å la glørne avgi varme ei stund før du legg innpå meir ved.
