Veslemøy, Anna og Renate valde helsefag:

- Før hadde eg knapt ei vakt med same kollega, men her er samheldet heilt unikt

I august tok Veslemøy Vågen Eilertsen (23) med seg mann og born til Tysnes for å bli praksiskandidat på omsorgssenteret.

- Det eg har sett og opplevd av Tysnes så langt har vore heilt fantastisk. Det er ikkje berre arbeidet, men også naturen og staden. Det er mindre stress og kaotisk her, smiler Eilertsen.

At ho skulle jobbe innan helse, er noko ho har vore sikker på i lang tid. Men då ho fekk born vart skulegangen meir utfordrande å gjennomføra.

- Difor var det bra at dei har praksiskandidatløysinga her på Tysnes, slik at eg kan få jobba meg opp timar og deretter ta fagprøven om nokre år, fortel Eilertsen.

Renate Vikøren Frugård, Anna Olea Fjeldet Sunde og Veslemøy Eilertsen stortrives med jobben på omsorgssenteret.

På to månadar har ho rukke å koma godt inn i miljøet på omsorgssenteret der ho no jobbar i 50% stilling.

- Det er fantastisk kjekt å bli kjend med alle kollegaene mine. Der eg jobba tidlegare hadde eg knapt ei vakt med same kollega, men her er samhaldet heilt unikt, smiler ho.

Renate Vikøren Frugård, Anna Olea Fjeldet Sunde og Veslemøy Eilertsen stortrives med jobben på omsorgssenteret.

Renate Vikøren Frugård, Anna Olea Fjeldet Sunde og Veslemøy Eilertsen stortrives med jobben på omsorgssenteret.

KOLLEGA OG VERNEPLEIAR Renate Vikøren Frugård (25) er einig i at arbeidsmiljøet blir annleis på ein liten plass som Tysnes.

- Eg flytta vekk nokre år, men valte å koma tilbake igjen. Grunnen til det er at eg trivst veldig godt på jobb her. Eg opplev at kommunen strekk seg langt for at du skal kunna utvikla deg og halda deg fagleg oppdatert, seier ho.

Samstundes opplever ho at kommunen er flinke til å ta vare på og nytte ressursane dei har rundt seg.

- Til dømes er fleire av ekstravaktene her pensjonistar som har vore her lenge. Dei er utan tvil ein viktig ressurs for oss.

Sjølv er Renate ansvarleg for opplæring av lærling Anna Olea Fjeldet Sunde. Ho går TAF helse og omsorg, eit vidaregåande løp som gjev både studiekompetanse og fagbrev i helsefag.

- Eg har alltid visst at eg ville jobba innan helse, men har vore usikker på kva retning eg skulle velja. Difor synest eg TAF var eit spanande løp slik at eg kan få testa ut litt forskjellig, fortel Sunde.

Det er godt å vera tilsett ved omsorgssenteret.

Sidan august har ho jobba to dagar på omsorgssenteret i Tysnes, fulgt av tre dagar med skule.

- Det er ei veldig grei løysing. Det eg lærer i helsefaga på skulen, ser eg igjen i praksis. Ein kan relatera til det ein lærer på ein annan måte, seier ho.

Sjølv om ho ikkje er heilt sikker på kva ho vil utdanne seg til, utelukkar ho ikkje at ho blir å jobba i heimkommunen i framtida.

- Eg har lyst til å flytta vekk og studera, men eg endar nok opp på Tysnes itl slutt. Det er eit godt miljø her, og mange jobbmoglegheiter for meg som vil jobba innan helse, slår ho fast.

Det er godt å vera tilsett ved omsorgssenteret.

Det er godt å vera tilsett ved omsorgssenteret.