Topp 8 vandreturar i Sunnhordland

I Sunnhordland vil du kunne finne vandreturar som passar for alle, uansett om du er fjellvant eller ikkje. I Sunnhordland startar dei fleste turane i nærleiken av sjøen, og difor kan du mange stader ta båten inn til kai og gå rett til topp.

Om du ikkje kjem sjøvegen er det dei fleste stader mogleg å kome fram til med kollektivtransport eller eigen bil.

Sunnhordland har nesten uavgrensa med vandreturar, under her har vi plukka ut 8 av våre favorittar.

1

Malmangernuten i Rosendal

Topptur til Malmangernuten, der du på toppen får flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger. Foto: Bjarne Øymyr

2

Tysnessåto

Frå Tysnessåto, 753 moh, er det flott utsyn i alle retningra. Vandrekart for vegen opp til Tysnessåto kan kjøpast på kommunehuset eller på turistinformasjonen i Våge.
Foto: Ranveig Marie Nesse

3

Topptur til Siggjo

Eit fantastisk utsiktspunkt - og eit spanande geologisk område. Ein lett tilgjengeleg topptur som tek om lag ein time opp.

4

Tindaslottet i Fitjar

Ein flott topptur på 3-4 timar til Tindane på Fitjar. På toppen ligg den vakre steinhytta "Tindaslottet". Rundtur. Foto: Wenke Åse

5

Dagstur til Langfoss

Langfoss er det femte høgaste fossefallet i Noreg. CNN Travel har kåra Lnagfoss til eit av verdas ti flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på 612 meter og er godt synleg frå startpunktet.

6

Turløype Trollvassnipen

Frå det høgaste fjellet i Sveio, Trollvassnipen, ser du nesten frå Bergen til Stavanger på klåre dagar. Flott tur i dels bratte løyper.

7

Sherpatrappene opp til Kattnakken

Ta turen opp Sherpatrappene og nyt utsikta over Sunnhordlandsbassenget mot Huglo, Tysnes, Kvinnheradsfjella, Halsnøy og Borgundøy. Folgefonna får du også eit glimt av!

8

Nordsjøløypa på Stolmen

Turløype til Stolmen med start anten i Årland eller Kvalvåg. Foto: Jan Morten Wiland Nesse