Subsea-spesialisten i Sagvåg

- Lange arbeidsdagar? Det vert ein livsstil, humrar Tore Brekke og plukkar opp ein joystick til ein ROV.
Den vesle boksen har han bygd sjølv, og med denne kan han styra undervassfartøyet til å inspisera bestemte røyrdelar.
- Berre tenk kor heldige me er som får skru på slike system og leika oss heile dagen!
Noreg har ei samla kystline på 100.915 kilometer.
Det plasserer oss på ein andreplass i verda, berre slått av Canada.
På havbotn rundt oss ligg milevis med kablar og røyr.
Mange av desse har samfunnskritiske funksjonar
- alt frå kraft- og telekablar til avlaupsrøyr.

Tore Brekke og Subsea Marintech har over tretti års erfaring innan subsea-segmentet.
Tore Brekke og Subsea Marintech har over tretti års erfaring innan subsea-segmentet.
Korleis vert desse kablane plassert der nede i djupet? Korleis utfører ein ettersyn - og kva om det skjer noko med desse?
Det er her Subsea Marintech kjem inn i biletet.

Tore Brekke og Subsea Marintech har over tretti års erfaring innan subsea-segmentet.
Ved hjelp av ROV (Remotely operated underwater vehicle) kan ein både inspisera eksisterande objekt og kartlegga korridorar der det er mogleg å leggja ned kablar og røyr.
Men under sjøen er det mange faktorar som spelar inn: Helling i terrenget, straumforhold, vêrforhold, båttrafikk og fiskeaktivitetar.
Alt som kan påverka sjølve installasjonen og kablane etterpå må takast med i betraktninga.
- Det er mykje forskjellig som finst nede på havbotn. Då me skulle leggja kraftkablar i Adriaterhavet, hamna me midt i eit dumpefelt for krigsammunisjon frå andre verdskrig. Eg slutta å telja då me kom til over 20.000 objekt, fortel Tore Brekke.
- Det er eit avansert og tidkrevjande arbeid, og i akkurat dette prosjektet tok det månadar før me hadde kartlagt kor me kunne plassera kablane.

Subsea Marintech sin største ROV veg rundt 3.000 kilo. Denne opererer på større oppdrag. Den minste ROV-en veg rundt 20 kilo, kan gå på batteri og er eit godt verktøy i inspeksjon av røyrar og kablar.

Subsea Marintech sin største ROV veg rundt 3.000 kilo. Denne opererer på større oppdrag.
Den minste ROV-en veg rundt 20 kilo, kan gå på batteri og er eit godt verktøy i inspeksjon av røyrar og kablar.
MED LOKASJON I GRUNNAVÅGEN har Subsea Marintech plassert seg midt i smørauga for utfordringar knytt til subsea-segmentet.
Bedrifta er dotterselskap av BK Marine, som driv med maritime tenester.
Lokala ligg heilt nede ved sjøen, og gjer at ROV-ar og andre system enkelt kan fraktast ut til prosjekt via sjøvegen.

Tore Brekke og Kjetil Bjelland Johannessen jobbar i Subsea Marintech og har lokale i Grunnavågen.
Bedrifta sitt botnsolide arbeid har ført dei ut i verda, mellom anna som kontrollørar for indiske myndigheiter når 2000 kilometer med kablar skulle leggjast på djupner ned til 3000 meter.
- Me har utført arbeid i Spania, Hellas og Japan for å nemna nokre stader. Me gjer mange oppdrag i Noreg, men i utlandet har me gjerne meir omfattande jobbar, forklarar Brekke.
Etter nyttår vender dei forhåpentlegvis tilbake til India, når 17 kilometer med kraftkablar skal leggjast på botn av Indiahavet.

Tore Brekke og Kjetil Bjelland Johannessen jobbar i Subsea Marintech og har lokale i Grunnavågen.
Tore Brekke og Kjetil Bjelland Johannessen jobbar i Subsea Marintech og har lokale i Grunnavågen.

Beltegåande ROV-system under montering av Belmouth på Njord A.
Beltegåande ROV-system under montering av Belmouth på Njord A.

Beltegåande ROV-system ved Njord A-plattforma.
Beltegåande ROV-system ved Njord A-plattforma.

Subsea Marintech var ansvarleg for kontroll og aksept-test av over 2000 km kabel og repeater for indiske mynidgheiter. Her under ein kontroll hos produsenten NEC i Japan.
Subsea Marintech var ansvarleg for kontroll og aksept-test av over 2000 km kabel og repeater for indiske mynidgheiter. Her under ein kontroll hos produsenten NEC i Japan.
PÅ SLUTTEN AV 80-TALET starta Tore Brekke karrieren som arbeidsdykkar - eit risikoutsett yrke i ei undersjøisk verd svært få av oss kjenner til.
Etter ti-tolv år byrja det å røyna på, og Brekke hoppa over til å bli det som var mest nærliggjande: ROV-operatør.
Kartlegging av havbotn kom inn som ein naturleg del, og sidan den gong har Brekke dukka ned i alt frå miljøsanering utanfor Haakonsvern til offshoreoppdrag i inn- og utland, både som operatør og kontrollør for kunde.
Med erfaring frå begge sider av bordet meiner han at mykje av det arbeidet som vert utført i bransjen er av varierande kvalitet og kunne ofte ha blitt gjort betre.
- Nettopp difor er me opptekne av å levera kvalitet i alle ledd. Effektivitsering skal ikkje gå på bekostning av kvaliteten, slår han fast.
- Det skal også vera kvalitet i rapporteringa. Alt skal vera grundig og gjennomarbeidd, av det slaget eg sjølv ville sett pris på å få dersom eg var kunde. Det har vorte ei lita fanesak for meg.

Ein krane må til når Subsea Marintech sin største ROV skal løftast over på land.
Ein krane må til når Subsea Marintech sin største ROV skal løftast over på land.

Arve Pedersen, Kjetil Bjelland Johannessen og Tore Brekke i Subsea Marintech.
Arve Pedersen, Kjetil Bjelland Johannessen og Tore Brekke i Subsea Marintech.
I TILLEGG TIL ROV-TENESTER, spesiallagar og utviklar Subsea Marintech system og produkt til subsea-industrien, gjerne med innovative løysingar.
Dei aller fleste systema byggjer Brekke og kollegaene frå botn ved hjelp av allereie velkjend teknologi. Slik vert også systema skreddarsydd til kvart prosjekt.
- Det handlar om å bruka eksisterande teknologi og kunnskap på nye måtar. Me har alltid utvikla mykje for eige bruk, alt frå sensorsystem, kamera- og styringssystem, seier han.

Ein krane må til når Subsea Marintech sin største ROV skal løftast over på land.
- Eitt av prosjekta våre er på oppdrag for Aker Solutions i forbindelse med Hywind-prosjektet. Der har me laga eit sensorsystem som bereknar avstand frå elementa og ned til underlaget, samt vinkelendringar og rørsler ned til 0.01 grader. I bygginga av slike system må ein ta hensyn til både vasstrykk, lufttrykk og rørsler. Det er små marginer som skal klaffa på slike prosjekt - men det jo så moro når me får det til, smiler Brekke.
- Og så byrjar me jo å bli litt drivne etter kvart.

Arve Pedersen, Kjetil Bjelland Johannessen og Tore Brekke i Subsea Marintech.

Kjetil Bjelland Johannessen i Subsea Marintech.
Kjetil Bjelland Johannessen i Subsea Marintech.
INNOVASJONSPROSJEKT
Parallelt med den daglege drifta, jobbar Subsea Marintech med eit innovasjonsprosjekt der 60% er finansiert gjennom støtte og lån frå Innovasjon Norge.
Prosjektet går ut på å utvikla eit nytt og betre system for kartlegging og inspeksjon av sjøbotn, kablar og røyrleidningar.

Denne ROV-en kan fjernstyrast og er ein del av innovasjonsprosjektet som Subsea Marintech jobbar med.
- Målet er at kunden skal få betre kunnskap og forståing, samt ein forbetra dokumentasjon av inspeksjonen. Systemet vårt vil gi kunden større moglegheit til å følgja aktivt med under ROV-operasjonen, utan at kunden sjølv er til stade om bord i båten, forklarar Tore Brekke.
- I praksis betyr det at me kan sitja i møte med kunden og ha ha livestream på eit sikkert nettverk, medan ROV-en er ute og inspiserer. Teknologien let oss "overstyre" slik at me frå møterommet kan styre ROV-en til bestemte røyrdelar for nærare inspeksjon.

Med innovasjonsprosjektet kan Subsea Marintech gi kunden eksakt og nøyaktig video av kablar og røyr.
TEKNOLOGIEN SOM VERT BRUKT er allereie brukt av større selskap i offshore-industrien, men Subsea Marintech ynskjer å vidareutvikla og forbetra denne, og komprimera den ned til ein storleik som kan nyttast av mindre båtar på ein god og kostnadseffektiv måte.
- Me håpar å kunna tilby kundar ein unik kartleggings-og inspeksjonsløysing der video og bilete er "smelta saman" med 3D-terrengdata i éin pakke.