Ståle og Magdalena fann draumekjøkkenet hos Sigdal

- Det er akkurat slik eg har sett for meg i draumane mine - berre betre, stråler Magdalena B. Vikanes mot ektemannen, Ståle Vikanes.

Med panoramautsikt over Langenuen har Ståle og Magdalena B. Vikanes funne sin draumebustad. Den sjarmerande einebustaden frå 1983 er totalrenovert - for ekteparet har det vore viktig å behalda identiteten til huset.

- Begge likte utgangspunktet, og så har me vidareført det me likar. Blant anna har furugolvet og panelet i taket fått bli. Også detaljar som trapp og lampar, fortel Magdalena.

- Me likar når ting har personlegheit og ikkje er for moderne. Difor var det også utfordrande å finna eit kjøkken som me likte godt.

Signatur Favn frå Sigdal

Signatur Favn frå Sigdal

KORT TID ETTER bustadkjøpet starta prosessen med å finna rett kjøkkenleverandør.

- Eg synest at dei fleste kjøkkenmodellane på marknaden er veldig like. Det var heilt tilfeldig at me kom over denne då me var innom Sigdal, fortel Magdalena.

- Modellen heiter Signatur Favn og var heilt ny då me såg han for første gong. Me fall for det naturlege uttrykket, og det var stor jubel då Stord Kjøkkensenter fekk denne inn i utstillinga på Heiane.

Kjøkkenkonsulent Ingebjørg Habbestad Sandvik har jobba tett med ekteparet i planlegginga av kjøkkenet.

Ingebjørg Habbestad Sandvik er kjøkkenkonsulent og har jobba tett med ekteparet gjennom prosessen.

- Ingebjørg har vore heilt fantastisk! Ho har ein stor lidenskap for faget og har vore flink til å sparra med oss og fått oss til å tenka gjennom kva behov me har. Ho har losa oss trygt gjennom heile prosessen, frå planlegging til ferdig kjøkken, skryt Ståle.

- Ja, Ingebjørg såg kven me var og kva me ønska oss. Eg veit ikkje kva me skulle gjort utan ho i denne prosessen, legg Magdalena til med eit smil.

Ingebjørg Habbestad Sandvik er kjøkkenkonsulent og har jobba tett med ekteparet gjennom prosessen.

Ingebjørg Habbestad Sandvik er kjøkkenkonsulent og har jobba tett med ekteparet gjennom prosessen.

DET FERDIGE KJØKKENET er inspirert av nordisk natur, og har avrunda hjørne, svevande benkeplate og mange flotte detaljar. Den brune nøttefargen i finert eik gir eit lunt inntrykk.

- Noko av det eg likar best er måten høgskapa er ramma inn på. Desse kunne me valt at gjekk heilt opp til taket, men me synest at denne løysinga gjev eit lettare uttrykk, forklarar Ståle.

Ekteparet er svært nøgd med måten høgskapa er ramma inn.

Stord Kjøkkensenter har stått for monteringa.

- For vår del har det handla litt om at mei kkje fekk svara eller løysingane me ville ha andre plassar. Dei fleste leverandørar tilbyr standard når du spør, og det er få som skreddarsyr på same måte som Sigdal. Ingebjørg har verkeleg brydd seg om at me skal få eit kjøkken som me er nøgde med - og det har me fått til.

Ekteparet er svært nøgd med måten høgskapa er ramma inn.

Ekteparet er svært nøgd med måten høgskapa er ramma inn.

NO ER INNFLYTTINGA like om hjørna, og ekteparet gler seg til at lukta av mat fyller huset.

- Det er blitt ei veldig fin og lun stemning her på kjøkkenet, med ein sjarmerande og naturleg look. Det flotte kjøkkenet er eit resultat av eit godt samarbeid med flinke folk i Stord Kjøkkensenter, understrekar Ståle.

Ekteparet påpeikar viktigheita av å ha ein lokal kjøkkenleverandør.

- Det har vore ein tryggleik i å ha ein lokal leverandør som me kan stikka innom, bruka tid saman med og sjå på løysingar med utan og måtte tenke på reiseveg eller andre faktorar. Det har vore utruleg enkelt.

- Me føler at kjøkkenet speglar oss på ein god måte, og kunne ikkje vore meir nøgde, smiler dei.

NYTT KJØKKEN?

Stord Kjøkkensenter
Tlf. 56 12 60 05
info@stordkjokkensenter.no