Slik er kvardagen i Stord Helsepark

- Kom, bli med inn!
Randi Beathe Hovland smiler oppmuntrande og viser veg gjennom ein av dei to hovudinngangnae og går mot opninga i den innbydande allmenningen der ho har plassert to gode sofaer for ventande gjester.
Det myldrar av liv i bygget denne onsdags føremiddagen, og Randi Beathe smiler og nikkar til forbipasserande medan ho tek oss med vidare. Veggane her i første etasje er måla i ein varm lys, nesten litt rosa farge. Golvet er støypt i terrazzo og alle messingdetaljane i tak, lys og skilt gjenspeglar messingkarmane rundt alle vindauga på utsida av bygget.
Seks etasjar med helserelaterte tenester, 24 aktørar innan helse og velvære, endå to til flyttar inn no før sommaren.
- Folk blir framleis overraska over kor mange ulike aktørar som er i Helseparken. Det er litt av greia her - folk veit ikkje kor stort tilbodet er. Her finn du alt under same tak - frå tannlege, legar og psykolog, til skjønnheit, frisør og velvære. Det er verkeleg eit unikt tilbod med enkel tilkomst frå heile regionen, anten du kjem med båt, buss eller vil nytta parkeringa på sjøsida av bygget.

Sidan sommaren 2021 har Stord Helsepark vore eit naturleg samlingspunkt for helserelaterte tenster.
Sidan sommaren 2021 har Stord Helsepark vore eit naturleg samlingspunkt for helserelaterte tenster.
- Så holder me litt til! 3... 4... 5...!
Seks spreke damer er samla til gruppetrening i gymsalen i andre etasje. Lisa van der Hagen seier motiverande ord medan ho betraktar gruppa.
- Hugs at hoftene skal vera parallelle med ryggen, smiler ho og legg ei varsam hand på korsryggen til ein av deltakarane på kurset.
Som kiropraktor er Lisa oppteken av ein aktiv kvardag, og arrangerer mellom anna ulike gruppetreningar. "Sterk 60+" og "Sterk mamma/Sterkt svangerskap" har blitt populære, og har trening ein gong i veka.
- Eg fekk gruppetreninga anbefalt av ei venninne som gjekk her i haust. Ho skrøyt sånn av opplegget, så eg fann ut at eg ville prøva det sjølv, kommenterer ein av deltakarane.
- Ja, den personlege tilpassinga du får her, betyr mykje. Lisa passar på at me utfører øvingane korrekt. Den tette dialogen og oppfølginga får du ikkje andre plassar, skyt ei anna inn.
Lisa smiler, synest det er kjekt å høyra.
- For klientane mine er det ekstra positivt at me held til i Helseparken. Det er så sentralt, og eg veit for eksempel at gruppene plar å samlast på Urt & Ugras etter gjennomført økt. Me har inngått avtale med kafeen som gjer at dei får rabatt på mat, og det er veldig positivt at ulike aktørar kan dra nytte av kvarandre på den måten.
Kjersti Ystad har drive praksis i sentrum i 17 år. For halvtanna år sidan flytta ho praksis inn i splitter nye lokale i Stord Helsepark.
Det innbydande venterommet og treningssalen deler ho med kiropraktor Lisa van der Hagen, osteopat Anne-Maren Monsen og fysioterapeut Katrin Aase. Næromsorg, privat barnevernsteneste, er også i same gang.
- Det er veldig fint å kunna ha eit samarbeid med andre aktørar, og at ein har så lett tilgang til fagleg kunnskap og kompetanse, meiner Ystad.
Noko av det beste med å driva praksis i Helseparken, meiner ho er den sentrale lokasjonen i Borggata.
- Eg har kundar som kjem tilreisande med båt, så dette er verkeleg midt i smørauga for folk frå heile regionen.
På behandlingsbenken føre henne ligg dagens femte pasient. Kjersti bruker hendende aktivt, trykker på triggerpunkt og set tørrnåler.
Som naprapat diagnostiserer, behandlar og rehabiliterer ho smertetilstand og funksjonelle problem i ledd og musklar. Dei vanlegaste plagane er vonde skuldre, stiv nakke, spenninghovudverk og ryggsmerter.
På nabokontoret har Alida Nesse lagt seg ned på behandlingsbenken hos osteopat Anne-Maren Monsen.
I vel åtte månadar har Alida gått til behandling for falsk isjias og eit trøblete bekken.
- Endeleg har eg funne behandlinga som hjelper! Eg har fått til fleire ulike behandlarar, men har ikkje følt at noko har hjelpt - før eg prøvde osteopati. Det er som natt og dag, smiler ho.
- Osteopati er i det biopsykososiale sjiktet. Det betyr at eg prøver å finna samanhengar mellom plager, kropp og kvardag, forklarar Anne-Maren.
- Ho er utruleg dyktig som behandlar. Anne-Maren er like oppteken av samtalen rundt for å forstå kva som kan ligga bak plagene, utdjupar Alida og ser på behandlaren sin.
- Ja, eg baserer meg i større grad på ein grundig sjukehistorie, manuell undersøking og behandling. Det er viktig å vektleggja samanhengen mellom fysiske, psykiske og sosiale faktorar, forklarar
osteopaten, som er rekna som autorisert helsepersonell.
- Eg merker i alle fall utruleg stor forskjell etter at eg begynte her, smiler Alida.
Fire etasjar opp, i sjette etasje, har gestaltterapeut Åse Renolen innreidd eit heimekoseleg rom med ei lun atmosfære.
- Klientane skal senka skuldrane og vera i trygge omgjevnadar, difor er det viktig at det ikkje er klinisk og sterilt her.
Gestaltterapi er ein form for psykoterapi, og eignar seg gjerne for dei som strever med tankar og kjensler. Terapiforma kan også vera effektiv for dei som ynskjer å utvikla seg sjølv.
Nede i første etasje slår optikar Arnhild Myklebust frå Brilleriet av ein prat med sekretær Maria Kristiansen Steinsbø frå Ifocus.
Maria har gått ned for å levera ein bunke med epikriser frå augelegen, som elles ville blitt sendt med posten.
- Takk, smiler Arnhild og tek i mot.
– Korleis ser neste veka ut for
dåke, forresten? Eg lurer på om eg skal stikka oppom i lunsjen ein dag.
- Gjer det! Onsdag neste veke er ein god dag for oss, nikkar Maria,
før ho går opp igjen til fjerde etasje.


Hos Ifocus Augelege Christian Nilsen blir du møtt av eit mørkeblått resepsjonsområde med flotte innslag i eik.
Augelegen har sjølv vore med på å innreia, og opna praksisen sin i Helseparken for vel eitt år sida – med topp moderne utstyr som hjelper han med å diagnostisera ulike augetilstandar.
Som ein av to augelegar på Stord har han travle dagar. Pasientane får han tilvist frå fastlege eller optikar, og han ser på det som svært positivt å vera ein del av eit tverrfagleg miljø i Helseparken.
- Det er eit flott bygg å vera aktør i, og eit godt samarbeid mellom aktørane. Ekstra kjekt er det at det er felles vaffelfredag
den siste fredagen i månaden oppe i kantina, smiler han.
DET ER MYLDRANDE LIV i Helseparken denne onsdag, og heisen som går opp i dei to ulike tårna blir flittig brukt.
Ein servitør frå Urt & Ugras piler gjennom foajeen og smett inn til Brilleriet. I handa held ho ein rykande fersk kopp kaffi.
- Det er utruleg flott at me kan gjera det på denne måten. Me bestiller, og så kjem dei og serverer oss. Både me som jobbar
i bygget, og kundane våre, set stor pris på den servicen, skryt Arnhild Myklebust.






Også Bente Nygård hos Saxen Frisør sleng seg på: - Det er eit
fantastisk kafétilbod som er svært tilgjengeleg, og me bestiller ofte til oss sjølv eller kundane våre.
Ho fortel om auka kundemengde og større del av handlande kundar etter at frisørsalongen flytta inn i Helseparken.
Fem frisørar er i sving med saksene, og med lokasjon på bakkeplan merker dei godt at det er mykje folk innom Helseparken kvar dag.

- Hei, kan eg hjelpa deg?
Som eit knutepunkt for heile bygget, finn ein Urt & Ugras. Venlege smil og imøtekomande tilsette møter den jamne straumen av kundar. Disken er full av freistande salatar, søtsaker og
smoothie i friske fargar. Ei god lukt av nykverna kaffi breier seg i lokalet.



Julie Log starta Urt & Ugras saman med ektemannen Fredrik for fire år sidan.
Ved sidan av kafeen driv dei også catering, og på smaksbordet dukkar det opp spanande rettar med fokus på både lokal mat, vegetarversjonar og eit par klassikarar – som grovbrød med hummus og avokado, bacon & barbeque-sandwich og poke bowl.
- Det betyr alt for drifta vår at me har ein så god plassering som her i Helseparken, og me trivst godt med det. Dette er staden kor folk kan kome innom, setja seg ned for å jobba eller studera, møta vener for lunsj eller berre kjøpe ein kaffi og ta med seg.


NÅR EIN KJEM INN døra til Paula Baena sin velværesalong,
senkar skuldrane seg umiddelbart. Salongen er lekkert innreidd
og har ein lun, avslappa atmosfære som innbyr til sjølvpleie og
det å roe ned tempoet litt i kvardagen. Hyllene er fylt opp med
hudpleieprodukt frå Selvert Thermal.
Paula Baena Velvære tilbyr hudpleie, manikyr, vippeløft,
vippeextensions, mesoterapi og terapeutisk massasje.

- Me har hatt ein fin auke i kundar etter at me flytta hit, og det
skuldast nok den sentrale plasseringa. Me har ein diskret inngang
frå parkeringsplassen, eller ein kan gå gjennom bygget via hovudinngangen. Det er ein symbiose av ulike aktørar, og eit fint fellesskap å vera ein del av, seier Paula Baena.
I dag jobbar fire hudpleiarar i salongen. I tillegg har dei samarbeid med to ulike legar.
- Hos oss kan kundane koma for eigenpleie og eit pusterom i
kvardagen, smiler ho.


- ME ER UTRULEG glade for den heilheita som me har fått her i
bygget. Me har samla eit sterkt fagmiljø for helse- og velveretenester, og det er ein totalitet i tilbodet som gjer at du har alt du treng på same plass. Du kan faktisk setja deg i frisørstolen etter å ha vore hos fysioterapeut eller tannlege, medan du sippar til ein smoothie. Før du går heim kan du stikka innom apoteket og
handla det du treng, seier Hovland entusiastisk – og røper at det
er fleire planar for framtida.
- Me jobbar med spanande forprosjekt som verkeleg kan gi
sunnhordlendingane eit endå betre tilbod lokalt, utan lang reisetid. I Stord Helsepark finn du verkeleg alt under same tak.

Våre aktørar
Brilleriet
Optikar
Anne-Maren Monsen
Osteopat
Apotek1
Kloke helsevalg og bedre livskvalitet
Kjersti Ystad
Helse i sentrum - Naprapat
Lisa Nyhammer
Helse i sentrum - Kiropraktor
Urt & Ugras
Café
Paula Baena Skjønnhet og velvære
Hud Vest
Kosmetisk behandling
Christian Nilsen
Augelege - Ifocus
Åse Renolen
Mellom oss - Gestaltterapi og veiledning
Wounds AS
Legeteneste - sårbehandling
Åge Bjelland
Tannlege
Tannklinikk
Vestland Fylkeskommune
Saxen Frisør
Næromsorg
Tenester innan barnevern, helse og omsorg
Helsestasjon
Stord kommune
Jofrid Bjørkvik
Psykolog
Katrin Aase
Fysioterapi
Hordaland Friomsorg
Landsbylegane
Dr. Ottesen
Øre Nese Hals
Stord Akupunkturklinikk
Dr. Søreide
Sunnhordland Øre Nese Halssenter

OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.
Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.
Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!
© Copyright Polaris Media Vest