Spanande kvardag i Baker Hughes

Cathrine Brady og Audun Møgster er viktige brikker når leiande teknologiløysingar skal leverast til den internasjonale energibransjen.
No er dei på jakt etter fleire kollegaer til avdelinga på Eldøyane.

Cathrine Brady er IWOCS Team Lead/Project Engineering Manager
- Du må ikkje la deg skremma av dei avanserte titlane eller stillingsannonsane på engelsk, forklarer Cathrine Brady med glimt i auga.
Solide ordrebøker som gir trygge framtidsutsikter, gode moglegheiter for vekst og nye faglege utfordringar gjer det utruleg kjekt å jobba i Baker Hughes. I tillegg til alle dei kjekke folka, sjølvsagt.

Audun Møgster jobbar som Lead Engineer Mechanical.
BAKER HUGHES STORD leverer brønnkontrollsystem til den globale energiindustrien, og 90% av alle ordrane er eksport.
Sjølv om Baker Hughes er eit internasjonalt konsern, fungerer bedrifta på Stord som eit mikrosamfunn med alle disiplinar: frå tilbodsavdeling, engineering og prosjektleiing, til innkjøp, service, logistikk og verkstad.
- Det eg likar best er all utforskinga eg får gjera på jobb, seier Audun Møgster.
Han jobbar som Hydraulic & Mechanical Engineer og tek del i heile prosessen frå design og 3D-modellering til testing av ferdigbygd utstyr.
- Du får stor eigarskap til det me lagar og leverer. Me på engineering jobbar tett med verkstaden, noko som betyr at eg som ingeniør får vera med på testing og sjå at ting fungerer som dei skal.
På den måten får ingeniørane ei unik innsikt i produkta dei leverer.
- Du får ei heilt anna forståing for korleis ting fungerer. Me er involverte i prosessen heilt til produkta vert shippa ut i verda, seier han.
- Dessutan utfører me etterservice på mange produkt, og då er det ekstra kjekt når det er "dine" ting som kjem tilbake, legg Brady til.

Cathrine Brady er IWOCS Team Lead/Project Engineering Manager
Cathrine Brady er IWOCS Team Lead/Project Engineering Manager

Audun Møgster jobbar som Lead Engineer Mechanical.
Audun Møgster jobbar som Lead Engineer Mechanical.

SJØLV STARTA MØGSTER som lærling hos Baker Hughes for ti år sidan. Han tok fagbrev som automatikar og har seinare hatt utdanningspermisjon for å bli ingeniør.
- Eg fekk ein utruleg god start på arbeidslivet då eg starta som lærling her. Eg fekk prøva meg praktisk på mange ulike prosjekt, noko som har gitt meg ein god grunnmur.

Brady har bakgrunn som maskiningeniør og har vore i bedrifta i snart ni år.
Ho fortel om spanande dagar som byr på faglege utfordringar.
- Du blir ikkje utlærd, i alle fall! Det er alltid noko nytt å fordjupa seg i, noko som gjer arbeidsdagane både interessante og varierte.
- Ja, eg ser ikkje på klokka i løpet av arbeidsdagen for å seia det sånn, legg Møgster til med eit smil.



Å JOBBA I Baker Hughes gir mange moglegheiter.
- Baker Hughes er eit globalt selskap med avdelingar i mange land. For min eigen del så jobbar eg tett med Storbritannia sidan eg er Project Engineering Manager. Det er mange moglegheiter til å læra av dyktige kollegaer, anten det er lokalt på Stord, i Stavanger eller internasjonalt, seier Brady.
Ho skryt over arbeidsgivaren sin: - Me blir gjerne oppfordra til etterutdanning. Sjølv held eg på med ei leiarutdanning, og får støtte av Baker Hughes til å gjennomføra. Det synest eg er veldig fint.

INGENIØRANE FORTEL OM mykje sosialt samvære.
- Endeleg har ting kome i gang igjen etter pandemien. Me har eigen velferdsklubb som arrangerer aktivitetar. Det kan vera alt frå fredagspils etter jobb til sport. Eg høyrer rykte om at det er mykje padelspeling for tida, smiler Brady.
- Årsfestane våre, som sommarfest og oktoberfest, er også veldig kjekke, skyt Møgster inn. - Det gjer mykje for samhaldet og miljøet på arbeidsplassen.
Brady er einig: - Og kvar fredag pleier me på engineering å setja av tid til å samlast rundt kaffimaskina og snakka om andre ting enn arbeid. Det er godt med eit slikt pusterom i ein travel kvardag.


