Reiser verda rundt på jobb

SMART Automation er eit ramsalt døme på ei lokal gründerbedrift med lokal suksess.

Dei tilsette er viktige brikker i den framtidige satsinga inn mot det grøne skiftet - og fortel om spanande arbeidsdagar over heile verda.

Heile 4000 fartøy seglar på verdshava med utstyr frå SMART Automation. Etter å ha vore ein del av bransjen i over 40 år, mønstrar det stadig på unge, kloke hovud med teknisk utdanning og interesse.

- Produkta me utviklar her er etterspurt over heile verda. Dei bygger på kompetanse om alt frå software-utvikling, motor- og elektrodrift, automasjons- og alarmsystem og erfaring frå fartøy som skal handtera kvardagen på hav og fjord, seier John Kåre Torkelsen.

Som dagleg leiar styrer han bedrifta med stødig hand inn i den grøne framtida.

SMART Automation leverer til alle typar fartøy, blant anna til brønnbåtar, fiskebåtar og arbeidsbåtar.

- Me har stor breidde i det me leverer. Blant anna skal me levera teknologi til fleire nye prosessbåtar. All verdiskapinga skjer her på Bømlo, og det er positivt å kunna føra noko tilbake til lokalsamfunnet.

NÅR CHRIS LOUIS JOHNSEN (25) får sitja på ein flyplass i ein eller annan verdsmetropol og jobba, trivest han aller best.

Den unge bømlingen reiser verda rundt på jobb som serivceingeniør for SMART Automation.

- Nyleg returnerte eg frå Zumaya i Spania, der eg har hatt comissioning på ein båt. Eg får reisa heile verda rundt og jobba - er det rart eg trivst?

Chris Louis tok fagbrev som automatikar i SMART Automation og fulgte opp med ein bachelor i automatisering med robotikk. Det gjer han ettertrakta på jobbmarknaden, og med deit godt auga for spanande teknologi og kraftsystem får han utfordra seg fagleg når SMART sine kundar treng hjelp.

- Det er reisejobben som freistar meg, og er hovudgrunnen til at eg søkte meg tilbake til bedrifta. Eg synest det er utruleg kjekt, og eg får opplevd mykje gjennom jobb, fortel han.

Chris Louis Johnsen trivst best når han får sitja på ein flyplass og jobba.

Rotasjonen han jobbar er tre veker på og tre veker av, men han veit aldri korti han kan bli kalla ut på nye oppdrag. Ofte får han berre éin til to dagars varsel på å pakka kofferten.

- Sånn er det i vår bransje. Det kan vera ein kunde som treng service på ein båt, og då er det ikkje snakk om å venta fleire veker eller månadar på at me har tid. Då er det berre å hiva seg rundt.

Abu Dhabi, Spania, Frankrike... lista over land som Chris Louis har besøkt, begynner å få ei imponerande lengde - og det er berre på det siste halve året.

Ute hos kunden jobbar han ofte aleine, og representerer då SMART Automation.

- Du må kunna stå opp for deg sjøl, jobba sjølvstendig og kommunisera med kunden. Eg har eit heilt team av dyktige ingeniørar i ryggen her heime i Noreg, så om eg treng hjelp eller har spørsmål, veit eg at dei berre er ein telefon unna. Det gir meg ein ekstra tryggleik når eg er ute på reise aleine, seier han.

Arbeidsoppgåvene er varierte. SMART leverer blant anna eigenutvikla programvare og jobbar med programvare på mange nivå: heilt frå å kommunisera med sensorar og styringar til å legga data i sky. Ein har også eiga programvare for alarmbehandling, algoritmar for styring av utstyr som pumper og ventilar og alt anna utstyr om bord på fartøy, frå store motorar til moderne batteriløysingar.

- Jobben er utfordrande på fleire faglege plan. Det kan vera alt frå teikning og feilsøking til planlegging. Om du liker å planlegga, ha stor friheit og reisa, då trur eg at dette kan vera ein god arbeidsplass for deg, smiler Johnsen.

Chris Louis Johnsen trivst best når han får sitja på ein flyplass og jobba.

Chris Louis Johnsen trivst best når han får sitja på ein flyplass og jobba.

Stian Sævarud Alvsvåg (40) er automasjonsingeiør og har lang erfaring med framdriftssystem. I fjor søkte han nye utfordringar, og fekk jobb hos SMART som prosjektingeniør. Han er stasjonert på kontoret i Hollundsdalen.

- Eg jobbar med fleire ulike prosjekt, og leverer både teikningar og software til kundane. Me skreddarsyr og prøver å finna den optimale løysinga for kundane våre basert på deira behov.

Han er ein av dei som sit på kontoret og støttar serviceingeniørare som er ute og jobbar hos kundane.

Stian Sævarud Alvsvåg jobbar som prosjektingeniør.

Stian synest det er spanande å jobba med det grøne skiftet. Den globale havbruksnæringa ser til Noreg i overgangen til hybrid og heilelektrisk framdrift. Her har også SMART Automation befesta sin posisjon og jobbar aktivt inn mot framtida.

- Det er spanande å få vera ein del av dette. Bransjen vår er i konstant utvikling og det krev at me tilsette må ha oppdatert kunnskap.

Han trekkjer spesielt fram det gode arbeidsmiljøet.

- Bedrifta er akkurat passe stor! Det er ikkje lange liner når avgjerder skal takast, og me jobbar heile tida tett på kvarandre. Du føler at du utgjer ein forskjell på jobb. I tillegg er det eit godt kollegialt miljø, og du får vera med og påverka.

Stian Sævarud Alvsvåg jobbar som prosjektingeniør.

Stian Sævarud Alvsvåg jobbar som prosjektingeniør.

JENNY SAGVAAG er elektroingeniør og jobbar med spanande oppdrag ute hos kundane.

- Akkurat no er eg i Rotterdam, fortel ho på telefon. - Eg reiste ned på måndag og kjem heim på fredag. No har eg vore på to ulike båtar og utført jobbar. Me leverer automasjonssystem, så jobbane kan dreia seg om alt frå oppdateringar av desse, vedlikehald eller installering. Me tilpassar produkta til kundane våre, seier ho.

Rotasjonen er tre veker på og tre veker av, og ho må ofte snu seg raskt rundt dei vekene ho er på.

Jenny reiser stort sett ut på oppdrag aleine, og etter tre år i stillinga kan ho røpa at ho aldri har møtt ei anna kvinne i same stilling når ho er ute. Sjølv stortrivst ho i jobben som serviceingeniør, men legg til at ein bør vera glad i sjølvstendig arbeid.

- Det er stor variasjon i arbeidsgoppgåvene mine, noko som gjer at eg også får utfordra meg fagleg. Å jobba med eit så stort spekter av kundar gjer også at det aldri blir kjedeleg på jobb. Det er alltid noko nytt å læra. Eg er jo veldig glad i å jobba med automasjon, og har fagbrev som automatikar i botn. Eg set også stor pris på å få lov til å reisa rundt i heile verda, smiler ho.

Jobbe hos oss?

Sjå våre ledige stillingar på
https://smartautomation.no/careers/