Andreas og Marius mønstrar på det grøne skiftet

SMART Automation er eit ramsalt døme på ei lokal gründerbedrift med global suksess.

Serviceingeniørane Andreas (23) og Marius (25) er allereie viktige brikker i den framtidige satsinga.

No ser dei etter nye kollegaer.

- Noko av det beste med jobben som serviceingeniør er at eg får høve til å utvikla meg fagleg. Eg interesserer meg for hybride fartøy og elektrisk framdrift, og får fordjupa meg i dette. Slik får eg ta del i det grøne skiftet, seier Andreas Havn.

Saman med Marius Monsen jobbar han med morgondagens utfordringar innan automasjons- og kraftsystem, og dei unge bømlingane fortel at jobben byr på ein variert kvardag. Både nybygg og alarmsystem skal fungera, kontrollering av energien om bord eller ved å sørga for at motorane snakkar saman. Dei utfører også service på eksisterande system.

Marius Monsen jobbar som serviceingeniør og fortel om spanande dagar i SMART Automation. Foto: Rune Skjærvold/Zpirit

- Nokre dagar er me på reise, andre gonger er me på Bømlo. Nyleg var eg i Ålesund for å gjera ein jobb der oppe. Det er fint at me får lov til å reisa. Førebels har det vore mest i Noreg, men SMART Automation jobbar også i Norden og resten av verda.

Marius er einig. - Eg jobbar som elektrikar tidlegare og trong nye utfordringar. Her får eg jobba med system og fag som interesserer meg, og bedrifta legg godt til rette for at eg skal kunna vidareutvikla meg. Med ei så omfattande bedrift som SMART, er det ingen dagar som er like.

Marius Monsen jobbar som serviceingeniør og fortel om spanande dagar i SMART Automation. Foto: Rune Skjærvold/Zpirit

Marius Monsen jobbar som serviceingeniør og fortel om spanande dagar i SMART Automation. Foto: Rune Skjærvold/Zpirit

I DEN OVER 40 år gamle teknologiverksemda i Hollundsdalen mønstrar det stadig på unge med teknisk utdanning.

Her blir det utvikla maritime produkt som er etterspurde både i Noreg og over heile verda. Produkta bygger på kompetanse på alt frå software-utvikling, motor- og elektrodrift, automasjons- og alarmsystem og erfaring frå fartøy som skal handtera kvardagen på hav og fjord.

Andreas Havn er serviceingeniør og fortel om spanande dagar på jobb.

Dette er produkt som vinn marknad i ei næring som med stor fart seglar inn i ei framtid der berekraft og miljøavtrykk er avgjerande for suksess.

- Me leverer produkt og tenester hovudsakleg til marine- og havbruksmarknaden, seier dagleg leiar John Kåre Torkelsen. - I møte med kunden prøver me å vera lyttande, fleksible og tilgjengelege. Me opplever at mange reiarar ynskjer å kombinera utstyr som dei opplever at fungerer godt saman, og me jobbar heile tida tett på kundane våre for å finna dei beste løysingane saman.

Resultatet er eit integrert system som gir enkel betening av fartøyet.

Andreas Havn er serviceingeniør og fortel om spanande dagar på jobb.

Andreas Havn er serviceingeniør og fortel om spanande dagar på jobb.

DEN GLOBALE HAVBRUKSNÆRINGA ser til Noreg når det gjeld det grøne skiftet og overgangen til hybrid og heilelektrisk framdrift.

- Grønt fokus og bevisstheit rundt miljø er stadig viktigare i utviklinga av framtidas produkt. Hybrid og elektrisk framdrift opnar dørene for ei lang rekke energikjelder. Det vil seia at fartøy utstyrt med slike berekraftige løysingar er klare til å møta morgondagens krav om betydeleg reduksjon av utslepp, seier Torkelsen.

For å kunna levera heilheitlege og integrerte løysingar som er i tråd med tida, nyttar SMART Automation si erfaring frå tusenvis av prosjekt dei siste 40 åra.

- Det krev kunnskap å kunna levera på dette. Både om automasjon, elektriske system og batteri- og hybridiseringstiltak. Bransjen er i konstant utvikling, og det krev sitt av dei tilsette som heile tida må vera oppdaterte. Å koma dit me er i dag, hadde ikkje vore mogleg utan dedikerte tilsette som jobbar iherdig for å skapa ein tett dialog med både kundane og kvarandre.

- Tett dialog er den beste moglegheita for å finna den optimale løysinga - å lytta til kunden og hans behov og sidan skreddarsy ei løysing basert på kompetansen vår. For å gjera dette er driftsprofil, tilgjengelege energikjelder, fleksibilitet og ROI (return on investment) viktige faktorar.

Me leverer
- IAS (Integrated Automation System)
- PMS (Power Management System)
- PCS (Propulsion Control System)
- Komplette elektriske løysingar for skip

INGVALD BAUGSTØ SIT midt i dette og har lang erfaring og fartstid i SMART Automation.

- Me leverer blant anna eigenutvikla programvare og jobbar med programvare på veldig mange nivå: heilt frå å kommunisera med sensorar og styringar til å legga data i sky. Me har eiga programvare for alarmbehandling, algoritmar for styring og utstyr som pumper og ventilar og alt anna utstyr om bord på fartøy, frå store motorar til moderne batteriløysingar, fortel han.

Programvare inngår i alle delar av SMART Automation sine leveransar, og ein har til og med eit eige prosjektstyringsverkøy som vert nytta internt på alle prosjekt ein gjennomfører.

Ingvald Rune Baugstø finn dei beste løysingane for kunden.

- Me har også eigenutvikla grafisk framstilling, såkalla GUI, på skjermane våre, der me har alarmvisning, prosess-styring for trending av data. Alle denne programvara vedlikeheld og forbetrar me heile tida, og me satsar på nyutvikling. Ikkje minst treng me fleire folk, utdjupar han.

Baugstø har lang fartstid i SMART Automation.

- Det er ein bra arbeidsplass der ein verkeleg får både utfordra og utfalda seg. Formell kompetanse er bra, men aller viktigast er interessa for programvarefaget og lysta til å skapa noko.

Ingvald Rune Baugstø finn dei beste løysingane for kunden.

Ingvald Rune Baugstø finn dei beste løysingane for kunden.