Det gode livet på naustet

Sju måsar sirklar over ein fritidsbåt som ligg like utanfor moloen på Skjersholmane. Ein liten speedbåt skyt fart ut frå båthamna og set kursen tvers over fjorden.

I den lune hamna har familien Hammersland Eldøy rigga seg til for ein nydeleg sommardag i naustet.

- Me likar godt å tilbringa tid her, seier Martha Hammersland.

- Velkomen inn! Kan eg by på ein iskald Cola?

Martha Hammersland opnar dørene til det 40 kvadratmeter store naustet i Skjersholmane Båthamn.

På den eine langsida er eit plassbygd kjøkken, og ho hentar raskt ut to colaboksar frå kjøleskapet. Langbordet i midten av rommet vitnar om at naustet kan bli brukt til å samla både familie og vener.

- Me bruker naustet året rundt, smiler ho og nikkar mot ei bålpanne som står plassert like innanfor naustdøra. – Denne er det heilt magisk å fyre opp i, både på svale sommarkveldar og resten av året.

Foto: Privat

DET VAR I fjor sommar at familien Hammersland Eldøy kjøpte naustet, som ligg idyllisk plassert på enden av den gamle moloen. Eit kommunalt friluftsområde er næraste nabo, og Martha har fått sett opp ei trapp ned til sjøen, til fri ferdsel for alle. Naustet ligg i rekkje med fem andre, og er utstyrt med kaifront og flytebrygge.

- Me har framleis ting me ynskjer å gjera her, og gler oss til å setja i gong med ulike prosjekt. Me bur i Hornelandsvågen, så det er enkelt for oss å stikka innom, seier ho.

Frå Skjersholmane Båthamn er det kort veg til badestrender, Leirvik sentrum og andre utferdsmål. Øyriket Bømlo med den fantastiske vestkysten ligg berre ein kort båttur unna, det same gjer skjergardsidyllen på Fitjar.

- Det er mange flotte plass i området som er verdt eit besøk med båten. Då er det midt i blinken å ha eit naust med båtplass. Her kan me bruka heile dagen i solveggen og bada, før me tek ein tur ut på fjorden med båten. Det er heilt perfekt.

Martha og hunden går ofte turar i området rundt Hornelandsvågen og Skjersholmane.

Foto: Privat

Foto: Privat

Martha og hunden går ofte turar i området rundt Hornelandsvågen og Skjersholmane.

Martha og hunden går ofte turar i området rundt Hornelandsvågen og Skjersholmane.

Martha og familien sitt naust ligg i nedre del av bilete, inn mot friluftsområdet.

Martha og familien sitt naust ligg i nedre del av bilete, inn mot friluftsområdet.

FAMILIEN HAMMERSLAND ELDØY har budd i Hornelandsvågen i over tjue år, og kjenner difor området rundt Skjersholmane godt.

- Me har alltid nytta oss av turløypene her, frå Alnavågen til Størjevikjo. Ungane er praktisk talt oppvaksne ved sjøen, og John Ståle og eg har alltid vore glad i båtlivet.

Familien vart difor nysgjerrige då Fronta presenterte planane om utbygging av naust med båtplassar. Etter kvart vaks tanken om eige naust fram hos heile familien.

- Dei seinaste åra har området blitt oppgradert med ny molo, båthamn og naust. Fronta er ein dyktig utbyggar som ikkje gjer noko halvvegs.

Naustet til familien Hammersland Eldøy ligg til venstre. Foto: Privat

Martha legg til at Skjersholmane er eit område som er blitt meir populært i takt med utbygginga som er gjort.

- Fleire og fleire nyttar seg av området. Det er mykje meir aktivitet her enn for berre nokre år sidan. Ungdomar kjem hit for å bada, og dei har til og med laga eige «dødse-tårn» her borte, smiler ho.

Til saman skal 48 naust byggast i båthamna, alle på 40 kvadratmeter. På fellesarealet er det servicebygg, parkeringsplassar og drivstoffanlegg.  

- Berre det at me kan fylla drivstoff på båten vår her, har mykje å seia.

No gler familien seg stort til alt står ferdig.

- Det kjem til å bli fantastisk her nede, smiler ho.

Naustet til familien Hammersland Eldøy ligg til venstre. Foto: Privat

Naustet til familien Hammersland Eldøy ligg til venstre. Foto: Privat

PÅ UTLIGGAREN FORAN naustet ligg ei knallgrøn jolle av merket Summer Fun og duvar i takt med bølgjene. Den er det tvillingane på 13 år som køyrer, og Martha understrekar at det er viktig for ho å læra ungane opp til å ha respekt for sjø og båtliv.

- Me bur trass alt på ei øy, så det er viktig at dei blir vane med båt. Dei køyrer saman med venene sine på fjorden her, og plasseringa på naustet gjer at eg kan stå på bryggekanten og følgja med. 

Denne Summer Fun-en har fått plass foran naustet. Ved sidan av plar familien sin daycruiser å ligga.

Sjølv er Martha «Vikjo-jente», oppvaksen ved familien sitt naust i Aslaksvikjo. Mange gode minne herifrå gjorde også sitt til at familien valte å kjøpe naust i Skjersholmane Båthamn då moglegheita baud seg. Båtlivet har alltid stått hjarta hennar nære.

- I tillegg til ungane sin Summer Fun har me ein daycruiser som me reiser på dagsturar med. Den er tjuetre fot, og heilt perfekt storleik på. Når ein bur så sentralt som me gjer, har me ikkje sett behovet for ein båt me kan overnatta i. Det er så mange fine plassar å reisa på dagsturar til – så kan me heller nyta sommarkveldane i naustet.  

Sommarkveldane er nydelege i båthamna. Foto: Privat

Denne Summer Fun-en har fått plass foran naustet. Ved sidan av plar familien sin daycruiser å ligga.

Denne Summer Fun-en har fått plass foran naustet. Ved sidan av plar familien sin daycruiser å ligga.

Sommarkveldane er nydelege i båthamna. Foto: Privat

Sommarkveldane er nydelege i båthamna. Foto: Privat

FOR MARTHA VAR utsikta avgjerande då familien skulle velja naust.

- Frå solveggen kan eg sjå tvers over fjorden og innover mot fjella i Kvinnherad og til Fjelberg. I sør ser eg toppen på Siggjo.

Alle dei planlagde nausta har svært gunstige solforhold.

- Sola står opp bak fjella i Kvinnherad, før ho går over heile himmelkvelvinga. Til slutt går ho ned i vest, over Bømlo. Solgangen gjer at me kan nyta sola på naustet frå tidleg morgon til sein kveld. Det er utruleg godt, og bidreg til at me kan bruka naustet heile dagen.  

NO GLER FAMILIEN seg til late sommardagar på naustet, og Martha fortel at besten har laga krabbekiste som dei har håp om å fylla i løpet av sesongen.

- Det er godt med krabbeplassar langs berget her. I tillegg er det rikeleg med gode fiskeplassar, så for den fangstinteresserte er det berre å kasta snøret uti og dra opp, smiler ho.

Martha understrekar at ho håper at framtidige kjøparar ynskjer å tilbringa tid i nausta – ikkje berre bruka dei til oppbevaring.

- Det kjem til å bli eit flott samlingspunkt her. Ferjekroa ligg like ved, og ein kan springa bort og kjøpa seg is på varme dagar. Blir ein lei av å sitja i solveggen, kan ein ta seg ein dukkert. Om kvelden slår me opp naustdørene, kokar krabbe og inviterer vener og familie. Livet er godt ved sjøen!

48 prosjekterte naust med båtplass

Drøymer du om eige naust ved sjøen? Eit naust der du kan dyrka hobbyar som fisking, båt eller kajakkpadling, eller ein stad der du kan samla vener og familie til hyggelege stunder ved sjøen?

Båtplass i same breidde som naustet er inkludert i kjøpet. Båtplassen ligg på flytebryggjeanlegget framfor nausta, med langgang ned frå kaien fleire stader. Kjøpar må kjøpa utriggar sjølv. Rettigheita til båtplass vert tinglyst og oppmerka på skøyte.

Nausta blir bygd i grupper frå 4-7 i ei rekkje. Det er store dørar i front og mindre dør i bakkant, saman med ei ekstra dør.

Nausta ligg på ei bein rekkje, men er trekt litt fram/tilbake i forhold til kvarandre. Det er køyrbar veg i bakkant av nausta, slik at ein kan køyre heilt fram.

Verdt å merka seg:

  • Inkludert båtplass framfor naustet på flytebryggeanlegget
  • God og romsleg båthamn
  • Svært gode solforhold
  • Stor felles parkeringsplass med moglegheit til å køyre fram til naustet.

Nausta er 40 kvm og prisen ligg på kr. 1.590.000,-.

Me tilbyr ei unik ordning for deg som ynskjer å leiga naust!

Kjøp i dag eller leige inntil 3 år!

Avdraga på leigesummen blir trekt frå dersom du ynskjer å kjøpa i leigeperioden. * Du betalar kun rentene.

Interessert?
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat!

Magne Jostein Mikkelson
Tlf. 454 02 889
magne.jostein@frontagruppen.no

OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST

Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.

Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.

Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!

© Copyright Polaris Media Vest