Sikra seg storkontrakt

Dei sunnhordlandsbaserte selskapa Servicebåt AS og Subsea Marintech har signert ein treårskontrakt med Eviny Solutions. I kontrakten blir selskapa sikra totalleveranse av legging av høgspentkablar på havbotn.
- Dei leverer den beste kvaliteten eg har vore borti, seier Kent-Lennie Stamnes, prosjektleiar i Eviny Solutions.
I kontrakten blir Servicebåt AS og Subsea Marintech sikra totalleveranse av subsea kabelinstallasjonar for elektrifisering av oppdrettsanlegg og andre grøne prosjekt. Kontrakten har ei ramme på 3 år, med opsjonar på 1+1 år.
- Dette er ein stor dag for oss. Først og fremst er det ei fjør i hatten at me er akseptert som ein leverandør for dei tunge aktørane i bransjen. Kontrakten har mykje å seia for finansieringa vår og vegen vidare, seier Ståle Torsvik og Tore Brekke.
Totalleveransen omfattar kartlegging, legging og posisjonering av kablar, sikring i landtak, skiltmontering og rapportering til kunde og myndigheiter.

FORPROSJEKT
Det siste året har dei to selskapa utført seks installasjonar på oppdrag frå Eviny Solutions.
- Det er dette arbeidet og handteringa av prosessane som no har ført til kontraktsignering. Eviny Solutions har vore med og observert heile vegen. Det er kvaliteten og profesjonaliteten på utført arbeid som ligg til grunn for at dei no har valt å inngå ein treårskontrakt med oss, seier Ståle Torsvik, dagleg leiar for Servicebåt AS.
- Signeringa betyr at me kan knyta dedikerte årsverk opp til dette arbeidet, noko som igjen betyr at me truleg kan ha 100 prosent belegg på éin båt i året.
Prosjekta har vore knytt til elektrifisering av oppdrettsbransjen. Når høgspentkablar skal leggast på havbotn, er det svært viktig at det vert utført korrekt.
- Når ein legg kablar på botn er det til dømes svært viktig å kartlegga topografien på sjøbotn godt, slik at kablane ikkje vert liggande i frispenn. Det er også avgjerande at kablane har rett bøy ved utlegging, slik at kvalitet og levetid ikkje vert forringa, forklarar Tore Brekke, dagleg leiar i Subsea Marintech.




- Noko av det beste du kan få tak i
Kent-Lennie Stamnes er prosjektleiar i Eviny Solutions, og er imponert over arbeidet som er levert.
- Me har samarbeidd med Servicebåt og Subsea Marintech om seks anlegg det siste året, og har ligd dei inn for å legga høgspentkablar i kystnære strøk. Når du ser på arbeidet deira totalt sett, så er dette noko av det beste du kan få tak i. Me ser fram til fortsetjinga i åra framover, slår han fast.

Eviny Solutions er eit selskap i Eviny-konsernet, og jobbar for grøn omstilling. Dei leverer ei rekke tenester innan elektrisk og digital infrastruktur, og det er i denne prosjekterings- og installasjonsfasen at dei to sunnhordlandsbaserte selskapa no blir totalleverandør.
- Framtidas oppdrettsanlegg er elektriske og digitale. Eviny tilbyr heilheitlege energiløysingar til havbruk utan kompleksitet og risiko. På den måten blir kvardagen til norske oppdrettarar både smartare, grønare og meir lønsam, meiner Stamnes.
Prosjekta som partane skal jobba med, omfattar både oppdrettsanlegg og andre grøne prosjekt, som havvind.
- Det er utan tvil ei spanande næring i omstilling. Difor er det viktig for oss at me har seriøse aktørar som Subsea Marintech og Servicebåt med oss, slik at me kan levera topp kvalitet ut mot våre kundar. Arbeidet deira er noko av det beste eg har vore borti, seier han.


Tore Brekke er dagleg leiar for Subsea Marintech og har jobba innan subsea-bransjen sidan slutten av 80-talet.
Tore Brekke er dagleg leiar for Subsea Marintech og har jobba innan subsea-bransjen sidan slutten av 80-talet.
Kvalitet
Kvalitet er nøkkelordet for leveransane, og etter ein mannsalder innan subsea-bransjen, har det vorte ei fanesak for Brekke at alt skal vera grundig og gjennomarbeidd. Han har sjølv erfaring frå begge sider av bordet.
- Det er viktig for oss å levera kvalitet i alle ledd. Me skal ikkje berre legga ut ein kabel og reisa heim. Effektiviseringa skal ikkje gå på bekostning av kvaliteten, og det skal vera grundig arbeid i alt frå kartlegging til rapportering.
Og det er utvilsamt denne erfaringa og kvaliteten som no har sikra bedriftene ein totalleveranse for Eviny Solutions.
- Partane er svært profesjonelle og utfører arbeidet med høg presisjon. I leveransane merkast det at ein har folk som veit kva dei snakkar om og kan sitt fag. Det er rett og slett upåklageleg, understrekar Stamnes.

Tore Brekke er dagleg leiar for Subsea Marintech og har jobba innan subsea-bransjen sidan slutten av 80-talet.
Fruktbart samarbeid
Samarbeidet mellom Subsa Marintech og Servicebåt var mst tilfeldig, skal me tru Torsvik og Brekke.
- Me driv jo i same bransje, og selskapa våre har hatt litt med kvarandre å gjera opp gjennom åra. For ei tid tilbake kjøpte eg eit kabelstativ til den eine båten vår, noko som vart starten på satsinga vår saman, forklarar Torsvik.
Tore Brekke har vore operativ i subsea-industrien sidan slutten av 80-talet, og har dermed lang erfaring frå undervassbransjen. Tilsette i Subsea Marintech har erfaring frå oppdrag utført over heile verda, med alt frå legging av mindre kablar i kystnære strøk, til store prosjekt på djupner ned til 3000 meter. Kundegruppa famnar om alt frå kraftsektoren og kommunar, til NVE og store industribedrifter.
- Bakgrunnen til Subsea Marintech gjer oss godt rusta til å utføra denne typen oppdrag for Eviny. Her ser me ein moglegheit til å gjera noko saman, og det har vist seg å vera eit godt og fruktbart samarbeid for begge partar. Kontrakten med Eviny Solutions er ein god start på dette. No ser me oss om tter ein større båt med accommodation for meir mannskap, understrekar Torsvik, som sjølv har lang erfaring med oppdrag for oppdrettsnæringa.

Ståle Torsvik (t.v.) og Tore Brekke
Ståle Torsvik (t.v.) og Tore Brekke

Topp klasse
Utstyret som blir brukt er av ypparste kvalitet. Subsa Marintech har mellom anna utvikla eit system for kartlegging og inspeksjon av sjøbotn, kablar og røyrleidningar.

- Dokumentasjon er viktig i alle fasar av prosjekta våre. Systemet me har utvikla for kartlegging og inspeksjon, gir kunden moglegheit til å følgja aktivt med under ROV-operasjonane, utan at dei sjølv er til stade i båten. I praksis betyr dette at me kan sitja med kunden og ha livestream på eit sikkert nettverk medan ROV-en er ute og inspiserer. Teknologien let oss deretter "overstyra" slik at me kan ta kontroll og styre ROV-en bort til bestemte delar for nærare inspeksjon, forklarar Brekke.
Det er ei krevjande oppgåve å utføra undervassoperasjonar med høg presisjon. Subsa Marintech og Servicebåt har difor satsa på utstyr og sensorar med høg kvalitet og nøyaktigheit. Ofte blir utstyret laga av Brekke og kollegaene i verkstaden i Grunnavågen.

Tore Brekke held opp ein av høgspentkablane som tidlegare er lagt på havets botn. Delen er laga av kopar og veg opp mot 20 kilo.
Også Eviny Solutions har lete seg begeistra: - Utstyret som vert brukt i operasjonane er av topp klasse, og på nivå med det beste i bransjen. Eg veit i alle fall at dersom eg treng tilsvarande arbeid, så er Servicebåt og Subsea Marintech førstevalet mitt.


Tore Brekke held opp ein av høgspentkablane som tidlegare er lagt på havets botn. Delen er laga av kopar og veg opp mot 20 kilo.
Tore Brekke held opp ein av høgspentkablane som tidlegare er lagt på havets botn. Delen er laga av kopar og veg opp mot 20 kilo.

DEI FØRSTE HØGSPENTKABLANE er allereie installert etter avtalen, og med den auka oppdragsmengda kjem også behovet for fleire tilsette - hos begge partar.
- Subsea Marintech ser etter personar med interesse for faget, som me sjølv kan læra opp. Selskapet er no i gang med å bli godkjend som lærebedrift i ROV- og surveyfaget. Personar med relevant erfaring er og velkomne til å ta kontakt. Me har fleire subsea-prosjekt gåande og treng snarleg tilsetjing. Det er berre å ta kontakt om ein ynskjer å vita meir, oppmodar Brekke.

Også Torsvik ser for seg at den nyvunne kontrakten kjem til å generera fleire arbeidsplassar for Servicebåt AS i framtida.
- Me kunne gjerne tenkt oss ein lærling innan matrosfaget - i tillegg til dyktige sjøfolk. Dt er ein spanande bransje å vera i, og ein er varmt velkomen til å ta kontakt dersom ein har spørsmål, avsluttar han med eit smil.
Kontakt oss
Ståle Torsvik
Tlf. 920 46 609 / staale@servicebaat.no
Tore Brekke
Tlf. 932 76 649 / tore.brekke@sub-mar.no

