Pendlar med Stordflyet
til Stortinget


Stordflyet spelar ei essensiell rolle for at stortingsrepresent Odd Harald Hovland skal kunna pendla mellom heimen sin på Bømlo, til Stortinget i Oslo kvar veke.
Ute i havgapet, inst i fjorden, i små bygder og grender, og i sentrale byar finn du dei: Fiskeoppdrettarar, HR-sjefar, ingeniørar, prosjektleiarar og politikarar. Felles for dei alle: Dei kan bu og leva lokalt, og samstundes ha heile Noreg og verda som sin arbeidsplass.
Ved Stord lufthamn møter me breidda i norsk næringsliv. Menneske som driv verdiskaping på kryss og tvers av vårt langstrakte land. Det osar kompetanse og ambisjonar der dei sit, med pc-en på fanget og med øyroklokker på. Nokre av dei reisande skal vidare ut i den store verda, for når ein landar på Gardermoen éin time seinare, har ein faktisk verda for sine føter.

Torsdag ettermiddag møter me Odd Harald Hovland på Stortinget i Oslo. Sidan 2021 har han vore stortingsrepresentant for Hordaland og medlem av justiskomiteen. For nokre år tilbake, frå 2011 til 2019, var han ordførar for Bømlo kommune.
Stortinget, den staselege og flotte bygninga, har vore Hovland sin arbeidsplass i 2 år. Pendlartilværet har eksistert like lenge. Torsdagar plar han reisa heim til Bømlo med Stordflyet. Denne dagen er ikkje noko unntak, og me får vera reisefølgje.




Som stor lokalpatriot, er Hovland bevisst på å nytta den lokale flyplassen så ofte som råd. Han ser enorm verdi i å ha ein lokal flyplass.
- Det er høgst naudsynt at me har eit lokalt flyplasstilbod. Stord lufthamn er ein viktig vekstimpuls for heile regionen, samstundes som den gir vekst i næringslivet. Det handlar om å ha moglegheit til å reisa og få besøk av nære og kjære, det handlar om regional vekst og det handlar om verdiskaping på kryss og tvers av landet vårt. Flyplassen bidrar til å gjera regionen vår attraktiv, for om unge i etableringsfasen og folk som jaktar nye jobbar skal kunna flytta ut i distrikta, er dei heilt avhengige av infrastrukturen og god kommunikasjon. Stordflyet er difor ei viktig brikke, fastslår han.

Å fly er blitt eit meir tidseffektivt transportmiddel enn før i tida. Den høge regulariteten og frekvensen gjer det mogleg å pendla med fly. Og slik kan ein flytta kompetanse på kryss og tvers, utan at folk treng å byta bustadadresse. Heile 15.431 passasjerar nytta seg av Stordflyet si Oslorute i fjor.
– Eg reiser heim i mitt valdistrikt når eg kan, for det er der eg trivst. Men så har eg ein viktig og gjevande jobb å gjera her på Stortinget. Me som jobbar her har ein veldig spesiell arbeidskvardag, med mange møter både på dag- og kveldstid. Då er det ein grei måte å gjere det på, seier Hovland om kvifor han vekependlar.
Kunne du tenkt deg å flytta til Oslo?
- Nei, svarer han kontant.
- Fleire tenkjer ikkje på at me er folkevalde for fylket me er innvalde frå. For meg inneber det at eg prøver å vera så mykje som mogleg heime på Vestlandet. Møtefri periode i eksempelvis sommarsesongen gjer at eg i større grad kan representere fylket, samstundes som eg får verdifull tid saman med kona mi heime på Bømlo. Men ettersom to av borna våre bur i Oslo-område, hender det ho tek seg ein helgetur hit også, seier han og legg til.
- Men så er det slik at det å vera stortingsrepresentant er ganske travelt og uforutsigbart, så når ein vel å gå inn i dette yrke, må ein trivast og rekna med mykje reising og lange dagar. I løpet av ei veke er det mange møter ein skal delta i, både på Stortinget og rundt om i landet hos ulike organisasjonar og institusjonar. I travle periodar reiser eg ofte frå Stord allereie søndags ettermiddag, og heim att igjen på torsdagen eller fredagen, noko som fungerer veldig fint.

Som pendlar er Hovland avhengig av at alt går på skinner, bokstaveleg talt. Både på heimebane, på flyet, på flytoget og på jobben. Og gjer det det, meiner han at pendlarlivet er til å leva med.
- Og her er Stordflyet ein av dei betre. Å reise frå Stord lufthamn går som regel knirkefritt. Flyet er i rute, og det heile er enkelt og effektivt. Det tek litt under tre timar frå eg går ut døra på Stortinget, til eg parkerer heime i tunet på Bømlo. I tillegg er dei som jobbar der svært hyggelege og serviceinnstilte, smiler han, medan me går mot utgangen på Stortinget. Me har nemleg eit fly å rekka.
16.15
Hovland pakkar ned datamaskinen, går frå Stortinget og set kurs mot Nationaltheatret.
16.24
Flytoget går til Gardermoen. Eit tog som er viktig å få tatt slik at ein unngår det alle fryktar; dårleg tid på flyplass. På toget har mange eit favorittsete, deriblant Hovland. For å få dette, må han posisjonera seg. Difor står han som regel på same plass på perrongen, og kan dermed – om togføraren stoppar der han skal – tre rett inn i toget. Det er i rute, og Hovland nyttar tida til å svara på mailar og sjekke siste nytt i nyheitsverda.
16.50
Innsjekking står for tur, og for Hovland går dette på automatikk. Han likar å ha alt klart før han kjem på flyplassen, og brukar minst mogleg tid på ineffektiv logistikk. Datamaskinen er sjølvsagt tatt ut av trillekofferten, og mobiltelefonen blir lagt i kassen på bandet. Han er ein ekte pendlar - innlært og rutinert.
17.10
Boarding. Gaten til Stord lufthamn ligg heilt i enden på Gardermoen, ein gå-tur Hovland er godt kjende med. Køen er lang, og ein ser raskt at dei 46 passasjerseta på flyet blir fullt opp, både av familiar, venner og forretningsfolk som pendlar.
17.30
Avgang. Hovland sit på sin favorittplass, framme i kabinen med vindaugsplass. Før flyet i det heile tatt har letta, har han fått på seg headsettet med støydemping. I den eine timen flyet er i lufta likar Hovland å høyra på podcast, eller ta seg ein powernap. Stordflyet blir som ei frisone for han. Her koplar han av, for noko særleg jobb er det uansett ikkje tid til på den korte strekninga.
17.42
Berre nokre minuttar etter flyet har teke av, kan ein gjennom dei små vindauga sjå gråvêret endra seg til eit flott måleri. Landskapet og naturen tek pusten frå deg.
18.35
Vel framme på Stord lufthamn. Hovland reiser alltid med handbagasje, så det tar ikkje lange tida før han er komen seg ut i bilen. Denne står gratis parkert medan han er på jobb i Oslo. Har ein El-bil, kan Stord Lufthamn tilby gratis opplading medan du er på reis.
19.05
To timar og femti minutt etter at han gjekk frå Stortinget, parkerer Hovland utanfor heimen sin på Bømlo. Dagen etter har han heimekontor, før han kan ta ei vel fortent frihelg som inkluderer mellom anna arbeid i hagen, fjelltur og avslapping.

Frå venstre: Dag Aksnes, Jan Morten Myklebust og statssekretær Bent-Joacim Bentzen. Foto: Samf.dep.
Frå venstre: Dag Aksnes, Jan Morten Myklebust og statssekretær Bent-Joacim Bentzen. Foto: Samf.dep.

Flyplass-sjef Jan Morten Myklebust er takksam for alle som nyttar Stordflyet, og gler seg over at Stord lufthamn endeleg kan lova betre ruteplan og billegare prisar til nettopp desse. Dette for at regjeringa har konkludert med at Stord lufthamn skal bli inkludert i FOT-rutene, ruter der staten kjøper inn tenestene for å sikra eit tilbod, frå og med våren 2024.
- Dette var fantastisk gode nyhende. Oslo-ruta er svært viktig, spesielt for næringslivet. Flytilboda våre har vore svekka etter pandemien, noko me har jobba aktivt med for å forbetra, og det har me greidd no. I dag tilbyr flyplassen åtte rotasjonar per veke, eit tal som er alt for lågt. Når ordninga trer i kraft vil det bli minimum to daglege avgangar frå Sørstokken, seks dagar i veka, fortel Myklebust.
Samstundes reduserer regjeringa prisane på ei rekkje flyruter i distrikta frå 1. april 2024 med opptil 50 prosent, deriblant flyruta Stord-Oslo.
- Dette vil gi oss eit ytterlegare løft. Og ved at me i tillegg tilbyr raskast veg til Oslo og gratis parkering, står me att med eit veldig godt produkt til kundane våre, smiler han. Myklebust peiker også på at det ikkje berre er flyruta som er viktig, men òg flyplassen i seg sjølv.
-Den har ein særdeles viktig beredskapsfunksjon, både når det gjeld eksternt, ved til dømes brann, men ikkje minst ved at flyplassen kan ta i mot helikopter og flytrafikk dersom det er problem i områda rundt.
Ta snarvegen heim!




OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.
Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.
Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!
© Copyright Polaris Media Vest