Byggjer framtidas hurtigbåtar

Sjå for deg eit kystsamfunn med båtbyggarar på nesten kvar einaste holme. Slik var det langs Norskekysten for 113 år sidan, då Oma Baatbyggeri starta opp i fjæresteinane inne på Døso.

Eit lite produksjonslokale, ei gründerånd og ein lidenskap. Moglegheita til å skapa båtar, arbeidsplassar - her, ved innseglinga til Leirvik.

Eitt etter eitt har verfta langs kysten forsvunne. Eit samfunn i endring, ny teknologi og utanlandsk konkurranse har gjort det utfordrande å overleva i bransjen.

Dei seinaste åra har ei grøn bølgje skylt inn over båtindustrien og stilt nye krav til verfta. Verda ser til Noreg og den enorme utviklinga har ført til at dei som ikkje evnar å omstilla seg, må skru av motoren og leggja inn årene.

Oma Baatbyggeri har klart å snu seg, staka ein ny kurs som tek verftet med inn i framtida.

Kunnskapen og erfaringa som er opparbeidd gjennom over hundre år ligg i botn for alt som vert produsert - og den same lidenskapen for faget som for fire generasjonar sidan er framleis drivkrafta.

- Det startar med pallar med aluminiumsplater- og profilar.

Lars Litlabø og Styrk Breistein (begge 19) er andreårslærlingar i industrirøyrleggarfaget og har travle dagar i produksjonshallane hos Oma Baatbyggeri.

Tre prosjekt er under arbeid, og når båtane står klare, ventar ein lengre testperiode for å sjå at alt fungerer optimalt.

- M/S Frey her er snart klar for sjøsetjing. Lars og eg har vore med på å bygga ho frå botn av. Det har vore ganske utruleg, og er spanande å vera ein del av, seier Styrk.

- Ekstra kjekt er det at me får ta del i dei fleste prosessane - frå sveising og bøying av røyr, til måling og andre ting. Det gir oss verdfull erfaring, skyt Lars inn.

Ole Mikal Åsheim (t.v.), Lars Litlabø og Styrk Breistein har vore med og bygga M/S Frey, som snart er klar til sjøsetjing.

Ole Mikal Åsheim (t.v.), Lars Litlabø og Styrk Breistein har vore med og bygga M/S Frey, som snart er klar til sjøsetjing.

Ole Mikal Åsheim (t.v.), Lars Litlabø og Styrk Breistein har vore med og bygga M/S Frey, som snart er klar til sjøsetjing.

Lars og Styrk fekk eit positivt inntrykk av Oma då dei hadde arbeidsveke her.

- Eg har høyrd mykje bra om bedrifta frå vener og kjende, i tillegg til den gode opplevinga eg hadde under arbeidsveka. Då eg skulle velja lærestad, var eg difor ikkje i tvil om at eg ville søka meg hit, seier Lars medan Styrk nikkar einig:

- Me vart tekne godt imot under arbeidsveka og følte oss inkluderte frå første stund.

Som lærlingar får dei unge gutane prøva seg på mange ulike oppgåver.

- At bedrifta ikkje er så stor betyr at me lærlingar får variasjon i arbeidsoppgåvene. Me blir ikkje sett i bås, og det er noko av det eg likar aller best med å vera lærling her. At læretida blir så allsidig gjer at me kjem ut med ei breiare erfaring enn om me hadde vore i ei stor bedrift, meiner Lars.

Arbeidsdagen startar klokka 07 og varer til 15.

- Klokka sju er det samling i røyrverkstaden. Her går arbeidsleiaren gjennom oppgåver for dagen og fortel kor ein skal vera, seier Styrk.

Han innrømmer at det var ein hard overgang frå skule til arbeidslivet, men seier det gjekk seg raskt til.

- Eg synest det er fint at me lærlingar aldri blir plassert i uoversiktlege situasjonar eller situasjonar me ikkje kan takla. I byrjinga hadde me mykje oppfølging, men no jobbar me meir sjølvstendig, fortel Lars.

Ole Mikal Åsheim, produksjonssjef, understrekar at filosofien er å la dei unge prøva seg sjølv.

- Ein lærer lite av å sjå på når andre utfører arbeidet. Ein må prøva seg fram sjølv. Då lærer ein mykje og gjer seg viktige erfaringar, seier han.

Ole Mikal Åsheim er produksjonssjef og har ansvaret for lærlingane. Han understrekar at dei unge er ein viktig ressurs for bedrifta.

- Lærlingane våre er med på å bygga opp bedrifta og er svært viktige i kvardagen. Å føla at ein betyr noko er viktig for dei unge. Det gjeld ikkje berre lærlingane våre, men alle som er tilsett her hos oss. Det er viktig at ein vert sett, og at ein utgjer ein forskjell.

Åsheim tok sjølv fagbrev i aluminiumkonstruksjonsfaget hos Oma på byrjinga av 90-talet.

- Me har lange tradisjonar for lærlingar, og har hatt dette sidan 80-talet. Me er opptekne av å forma dei unge, og ynskjer sjølvsagt at dei blir verande i bedrifta etter å ha teke fagbrev. Me trur at varierte arbeidsoppgåver er viktig for trivsel på arbeidsplassen. Det finst mange og gode moglegheiter for dei som ynskjer å ta læretida her.

Ole Mikal Åsheim er produksjonssjef og har ansvaret for lærlingane hos Oma Baatbyggeri.

Ole Mikal Åsheim er produksjonssjef og har ansvaret for lærlingane hos Oma Baatbyggeri.

- Det kjekkaste er å få vera med på heile prosessen, frå å laga røyr ut i frå teikningane me får, til å plassera desse og sjå at det blir ein heilheit i båten. Det er lærerikt og utfordrande, seier Lars Litlabø.

- Det kjekkaste er å få vera med på heile prosessen, frå å laga røyr ut i frå teikningane me får, til å plassera desse og sjå at det blir ein heilheit i båten. Det er lærerikt og utfordrande, seier Lars Litlabø.

Då Oma Baatbyggeri starta opp i 1909, var det robåtar og seglbåtar som dominerte. Sidan har det vore ei reise via damp- og dieselmotorar til dagens hybride og heilelektriske framdriftssystem.

- Framtida er grøn. Det som tidlegare var ein visjonær draum er i dag blitt realitet, og for å henga med må me heile tida utvikla oss, seier Åsheim.

I nær 70 år har Oma Baatbyggeri laga båtar av aluminium, noko som har gjort dei til ein leiande aktør innan utvikling, design og konstruksjon av aluminiumsfartøy.

I dag har dei utvida porteføljen til å inkludera hurtigbåtar, småferjer og passasjerbåtar for transport ut til offshoreinstallasjonar.

- Byggeblokkene i vårt design er framleis fokus på teknologisk utvikling, sjødyktigheit, låg vekt og lågt drivstofforbruk.

Åsheim peikar på ein dyktig stab som har evna å tilfredsstille behova i marknaden.

- Frå å bygga hovudsakleg hurtigbåtar har me "snudd oss" og leverer i dag fleire typar topp moderne fartøy i aluminium. Det er mange kreative og dyktige folk som jobbar her, som ser moglegheiter snarare enn avgrensingar. At Oma har evna å endra seg i takt med tida har vore avgjerande for å kunna overleva som båtbyggeri i over eitt hundreår.

Lars og Styrk er blant brikkene som skal vera med og forma framtida.

- Det er ein trygg arbeidsplass med gode moglegheiter. Arbeidsmiljøet er godt, og det er alltid nokon å spørja til råds om ein lurer på noko. Eg trivst veldig godt her, seier Lars.

Ordreboka er full ut 2023, og ein jobbar heile tida med nye tilbod inn på marknaden.

- Det er mange prosjekt på gang, og bransjen ser lovande ut. Me har ein god horisont føre oss og kan seia med sikkerheit at det blir mykje arbeid framover, avsluttar Åsheim optimistisk.

Oma Baatbyggeri er lokalisert i Aslaksvikjo på Stord, ved innsegla til Havnebassenget på Leirvik.

Oma Baatbyggeri er lokalisert i Aslaksvikjo på Stord, ved innsegla til Havnebassenget på Leirvik.

Oma Baatbyggeri er lokalisert i Aslaksvikjo på Stord, ved innsegla til Havnebassenget på Leirvik.

Lærefag hos oss

  • Aluminiumkonstruksjonsfaget
  • Sveisefaget
  • Industrimekanikarfaget
  • Industrirøyrleggarfaget
  • Snekkarfaget (skipsinnredning)

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med
Ole Mikal Åsheim
Tlf. 90 20 85 81
ole.mikal.aasheim@oma.no

Me er alltid på utkikk etter dyktige fagfolk, og grunna auka oppdragsmengde ser me etter fleire medarbeiarar. Ta gjerne kontakt for spørsmål om våre ledige stillingar, eller les meir her.

VÅRE BÅTAR

Hurtigbåtar

Ferjer

Transport offshore