Frå kjøkkendraum til verkelegheit

Kjøkkenet er hjarta i huset og eit naturleg samlingspunkt som skal dekka mange ulike funksjonar.

- Kjøkkenet er kanskje det viktigaste rommet i huset. Nettopp difor er det viktig å finna eit kjøkken som speglar behova ein har, seier Snefrid Vikanes, kjøkkenspesialist hos Montér Stord.

Snefrid Vikanes er kjøkkenspesialist og har travle dagar hos Montér Stord.

I den flotte butikken på Heiane møter Snefrid Vikanes og kollegaene kundar som ønskjer hjelp til å skapa draumekjøkkenet.

I kjøkkenutstillinga kan ein koma for inspirasjon: Åtte ulike kjøkkenkrokar er stilfullt innreidd med ulike fargepalett og små detaljar som set prikken over i-en.

- Målet er at ein skal koma hit med kjøkkendraumen og få idear. Det ligg mange tankar og mykje innsats bak eit nytt kjøkken, så me legg til rette for at kundane skal få ein god start på vegen frå draum til verkelegheit, smiler Vikanes.

Snefrid Vikanes er kjøkkenspesialist og har travle dagar hos Montér Stord.

Snefrid Vikanes er kjøkkenspesialist og har travle dagar hos Montér Stord.

Snefrid Vikanes og Gro Ludvigsen Bjellebø

Snefrid Vikanes og Gro Ludvigsen Bjellebø

Dette bør du tenka på

Vikanes er kjøkkenspesialist og har jobba med faget i snart femten år. Ho losar kundane trygt i hamn frå draum til verkelegheit og kjem gjerne med gode tips og råd.

- Tenk gjennom den eksisterande kjøkkenløysinga di. Kva er du nøgd med? Kva ynskjer du at skulle vore annleis? Om du set opp eit budsjett så blir det enklare å forhalda seg til. Mange lagar også ei ønskjeliste over ting dei synest er viktige å ha med. Det gjer det enklare for oss å finna ei optimal løysing for deg og dine behov.

Snefrid Vikanes og Gro Ludvigsen Bjellebø

Benkeplater av stein eller laminert treverk? Klassisk eller moderne stil? Slette overflater eller profil? Kva med detaljane, skal dei vera i svart, gull, messing eller stål?

Det er mange små og store val å ta i prosessen fram mot realisering av kjøkkendraumen.

- AUBO har femten ulike kjøkken som også kan kombinerast for å få noko heilt unikt. Me skreddarsyr gjerne løysingar for kundane våre, og set oss ofte ned føre teiknebrettet for å avdekka behov og sjå på dei ulike moglegheitene som finst.

I butikken kan ein setja seg ned og planlegga kjøkken i ro og fred saman med kjøkkenspesialistar. Ein finn også lokale produkt frå Podlen Verkstad, Jærfjøla, 3 Piker og Skeidar.

I butikken kan ein setja seg ned og planlegga kjøkken i ro og fred saman med kjøkkenspesialistar. Ein finn også lokale produkt frå Podlen Verkstad, Jærfjøla, 3 Piker og Skeidar.

Løysingar for ein kvar smak

Planløysing og utforming av rommet har mykje å seia for kva kjøkkenløysing ein bør velja.

- Kjøkken er ei investering og ein endrar ikkje kjøkken annakvart år. Difor er det viktig at ein skapar eit rom som held seg i fleire tiår - både når det gjeld løysingar, funksjonalitet og design, seier Gro Ludvigsen Bjellebø.

- Kundane våre er opptekne av miljø og berekraft og me ser at kvalitet og godt handverk er viktig for folk. Når ein vel kjøkken frå AUBO så kan ein vera trygg på at ein får eit kjøkken som held svært høg kvalitet.

Den flotte tapeten i bakgrunnen finn du også i butikk.

AUBO har 25 års garanti på bevegelege delar, og store delar av sortimentet er dokumentert i forhold til ein av verdas leiande miljøsertifiseringar, BREEAM.

- BREEAM har stort fokus på rett material og miljøvenlege komponentar i alle kjerneområda av innkjøp og produksjon.

Mitt beste råd er å tenka på seg sjølv i prosessen. Ikkje bry deg om kva som trendar, verken av fargar eller stil. Tenk heller godt gjennom kva behov du har og kva som er viktig for deg. Skap eit allrom som opnar for samvær og nærleik i ein travel kvardag, eit samlingspunkt for heile familien. Nettopp difor er det viktig å ha eit kjøkken der ein trivst. Ei god utforming på kjøkkenet gjer det også kjekkare å laga mat, smiler Vikanes.

Trend Venzia i Royal Blue. Levert for Balansebygg. Foto: Linn Valentinsen

Skap- og benkeplass får ein sjeldan nok av.

- Målet er å utnytta arealet maksimalt utan at det verkar trongt eller overfylt. Behovet avhenger av både livsstil og livssituasjon.

Det å ha nokon som har auga både for heilskap og detaljar opplever Vikanes at kundane set stor pris på.

- Me som jobbar på kjøkkenavdelinga er også interiørkonsulentar og bidreg gjerne til å skapa gode og personlege løysingar for kundane våre, smiler ho.

KJØKKEN: Fenix - svart med trekantar i eik. Levert for GB Stord. Foto: Linn Valentinsen

Montér har også bad frå AUBO. Dette er Trend Siena. Levert for Norgeshus Bømlo. Foto: Linn Valentinsen

Den flotte tapeten i bakgrunnen finn du også i butikk.

Den flotte tapeten i bakgrunnen finn du også i butikk.

Trend Venzia i Royal Blue. Levert for Balansebygg. Foto: Linn Valentinsen

Trend Venzia i Royal Blue. Levert for Balansebygg. Foto: Linn Valentinsen

KJØKKEN: Fenix - svart med trekantar i eik. Levert for GB Stord. Foto: Linn Valentinsen

KJØKKEN: Fenix - svart med trekantar i eik. Levert for GB Stord. Foto: Linn Valentinsen

Montér har også bad frå AUBO. Dette er Trend Siena. Levert for Norgeshus Bømlo. Foto: Linn Valentinsen

Montér har også bad frå AUBO. Dette er Trend Siena. Levert for Norgeshus Bømlo. Foto: Linn Valentinsen

Fenix - svart, med trekantar i eik

Levert av GB Stord

Foto: Linn Valentinsen

Sense - Sort

Benkeplate: Dekton Liquid Shell

Foto: Linn Valentinsen

Oak Line - Latte

Farge: Sense Kvit

Foto: Linn Valentinsen

Målingseksperten

I målingsavdelinga hjelper Heidi Beate Helland både privatkundar og bedrifter som kjem innom for råd og tips.

Målingsavdelinga er omfattande, og du får kvalitetsmåling og måleutstyr til alle typar overflater, inne som ute, frå kvalitetsleverandørar som Jotun, Opus og Jordan.

- Tidlegare skulle "alle" ha kvitt men no er det ein dusare fargepalett som dominerer, gjerne i jordfargar. Det er også kjekt at folk er blitt meir vågale når det kjem til å bruke fargar på veggene.

Heidi Beate Helland med ein av dei mest populære interiørmålingane - Pure Color.

For å få eit godt resultat når du måler, løner det seg å få hjelp av ekspertar.

- Mange blir litt overraska når dei kjem inn i butikken og me stiller kontrollspørsmål om kva glansgrad ein vil ha, om kva underlag ein måler på? Panel, gips eller plater? Kva skal målinga tåla? Dessutan er det svært viktig å ha godt verktøy til jobben. Alle desse tinga har noko å seia for korleis resultatet blir, forklarar ho.

I butikken finn du eit stort utval av kvalitetsutstyr frå kjende leverandørar

I butikken finn du eit stort utval av kvalitetsutstyr frå kjende leverandørar

Heidi Beate Helland med ein av dei mest populære interiørmålingane - Pure Color.

Heidi Beate Helland med ein av dei mest populære interiørmålingane - Pure Color.

Eit strøk måling kan endra stemninga i eit rom og har mykje å seia for trivselen vår.

- Me har prismatch på måling som du får kjøpt hos Montér. Det vil seia at me matcher alle identiske varer om du framlegg bevis på at målinga er billegare hos ein av våre konkurrentar, forklarar Helland, som har nesten ti års erfaring i faget.

Det er også 100% fornøydgaranti på måling frå Opus.

- Det er ofte slik at ballen byrjar å rulla om ein fornyar kjøkkenet eller andre rom. Då er det fint at me er her og kan skapa ein heilheit for deg - frå måling, tapet og golv - til kjøkken, garderobe, vaskerom og bad.

Skap heilhet - leik deg med fargar!

Kva med å bruka universal-lakk til å henta opp veggfargen i ulike interiørelement?

Vasar, blomepotter og andre ting får eit heilt nytt liv med ei slik oppfrisking.

Slik får du best mogleg resultat

  1. Rydd rommet og vask veggen du skal måla.
  2. Deretter maskerer du og dekker til flater som ikkje skal målast, for å unngå målingssøl.
  3. Start med å "ramma inn" flata du skal måla, ved å måla ytterkantar, hjørne og langs lister. Til dette bruker du ein presisjonspensel.
  4. Deretter bruker du målerulle og superbrett til å fylla i dei store flatene. Begynn på midten, og rull frå topp til botn. Det blir best resultat om du ikkje ruller meir enn to rullebreidder om gongen.
  5. Pakk vekk penslar, kar og ruller i ein plastpose når du er ferdig å måla det første strøket.

Kontakt oss

KJØKKEN
Snefrid Vikanes
Tlf. 916 79 799
snefrid.vikanes@monter.no

MÅLING
Heidi Beate Helland
Tlf. 934 57 163
heidi.helland@monter.no

For meir inspirasjon
@monterstordkjokken

@aubo_norge
@aubo_danmark