HEGE stortrivst i jobben som journalist




La deg inspirera av Hege Sønstabø Alvsvåg, som etter mange år i interiørbransjen byrja i eit heilt nytt yrke, no som journalist i Bømlo-nytt.

- Skrivegleda hadde vore der lenge, men terskelen for å sende søknaden var stor. Eg er glad eg tok mot til meg og gjorde det. Det er veldig fint at ein er med og formar sin eigen arbeidsdag. Ingen dagar er like, smiler Hege.

Bømlo-nytt treng fleire journalistar og har mange spanande oppdrag på blokka. I dette intervjuet fortel Hege om sine opplevingar som journalist.

- Folk er engasjert og bryr seg om det eg skriv, det er givande

Du har vore journalist i Bømlo-nytt i eitt år, korleis går det i jobben?

- Eg stortrivst, det meiner eg verkeleg. Eg må innrømma at eg ikkje såg føre meg at overgangen til eit nytt yrke skulle gå så fint. Kollegaer i Bømlo-nytt og lesarane våre har tatt veldig godt i mot meg. Det å gå på butikken og få positive kommentarar på arbeidet mitt varmar meg veldig. Eg var litt redd for det motsatte, at eg vart irettesett for feilskriving, og at eg hadde vinkla artiklane mine feil og slikt. Folk er engasjerte og bryr seg om det eg skriv, det er givande. Ein dag ringde ein lærar eg hadde i tysk for over 20 år sidan til meg. Ho fortalde at ho likte godt artiklane mine og det eg skreiv, men gav meg òg nokre gode råd ved eit par formuleringar. Det kjennest godt når lesarane bryr seg.

Kva var det som gjorde at du søkte på stillinga? 

- I 2016 la eg merke til ei stillingsannonse der Bømlo-nytt søkte etter ny journalist. Eg var innom tanken på at det kunne vore interessant. På den tida var eg butikkleiar på Princess og treivst veldig godt, men kjende på at eg hadde enda meir å gi. Det resulterte i at eg engasjerte meg i både det eine og andre på fritida mi. Eg arbeidde ein del for Moster Amfi på denne tida, noko som var veldig kjekt.

­- Før jul i 2021 dukka det på ny opp ei stillingsannonse for Bømlo-nytt. Heilt impulsivt søkte eg på denne. Eg trong nok ei endring, og ynskje om å skriva hadde alltid vore der. Eg er glad i å skriva, eg elskar å lesa, vere kreativ, sjå dokumentarar og bruka språket. Eg har alltid hatt stor interesse for lokalhistorie. Når ungane vart større, samla eg lokalhistorie og skreiv dei om, slik at ungane kunne lese og lære av det. Eg hadde aldri skreve for andre utanom det. Søknaden vart sendt inn same kveld som eg såg annonsen. Det vart nokre sommarfuglar i magen, men eg såg ikkje føre meg at eg kom til å få stillinga.




Korleis vil du beskriva dei første dagane på jobb,
og kva tenkjer du no? 

- Det er alltid spesielt og utfordrande når ein tek til i ein ny jobb, og kanskje litt ekstra skummelt når det er eit heilt nytt felt. Men det gjekk veldig fint, i starten var eg fortsatt butikkleiar på dagtid, og tok nokre oppdrag for avisa når eg hadde kapasitet. Det kjennest trygt å starte gradvis og at eg fekk styre tempoet og arbeidsmengde sjølv.

Eg såg føre meg tidspress og at det vart stressande, men det har ikkje vore slik. Me er eit godt team på jobb, som dreg lasset i saman. Trygge medarbeidarar, som viser veg når ein treng det er fantastisk å ha. Det er eit hav av moglegheiter der ute, og ingen dagar er like. Det kom noko godt ut av 40 års krisa, det var vel kanskje den som gjorde at eg søkte til slutt.

Kva likar du best med jobben?

- Det er pulsen i lokalsamfunnet som styrer korleis me jobbar. Ein kan sitja i eit rørande intervju og kjempa mot tårene med nokon som deler ei sterk historie, og i neste stund ler ein saman med glade born i Kulturhuset. Det er så mange interessante folk der ute, dei inspirerer og rører noko ved meg. Viser du engasjement og interesse, så får du vera med på ei fascinerande reise med dei du intervjuar og historiene deira.

- Tysdagar og fredagar er trykkedagar, og då kokar det alltid litt ekstra. Då jobbar me alle godt saman og får avisa i hamn. Det er ei god kjensle når me skriv ut sidene me har laga på papir og heng dei på veggen til gjennomlesing. Då går det opp for meg kva eg er ein del av, og kor viktig jobben vår i lokalavisa er for samfunnet vårt. Det hadde eg ikkje tenkt gjennom før eg byrja i denne jobben.

- Viser du engasjement og interesse, så får du vere med på ei fascinerande reise med dei du intervjuar og historiene deira

Som journalist tek du pulsen på det som skjer i lokalmiljøet.
Kva saker gjer mest inntrykk på deg? 

- Dei vonde historiene festar seg. Det kan vera mobbesaker, ulukker og spesielt saker der born er involvert. Det set spor. Eit lokalsamfunn vert ekstra lite når det skjer noko alvorleg, då vert alle veldig nære. Det er fint å kunna bidra i slike situasjonar. Som lokalavis vert me den viktigaste kanalen ut til folket når det gjeld rett informasjon til lesarane våre. Me når tidleg ut til folket via nettavisa vår, det er særs viktig ved store ulukker, leiteaksjonar og ved brann og slikt for å unngå uoversiktlege og farlege situasjonar.

Mange tenkjer at ein må vere god med fotoapparatet i ei
slik stilling, er det slik?

- Eg har alltid likt best å ta bilete med mobiltelefonen. Eg hadde eit spegelreflekskamera for lenge sidan, men forstod meg ikkje heilt på det. Det går fint å bruke mobilen her på jobb, og det har gått opp for meg kor gode kamera det er på desse telefonane, dei gjer mykje av jobben sjølv. Eg har gradvis fått opplæring med meir avanserte kamera, det er ikkje så vanskeleg som eg tenkte. No brukar eg begge deler, det som passer meg og oppdraget best. Eg vil presisera at ein ikkje treng vere teknisk god med kamera for å gjera ein god jobb som journalist, motivet er det viktigaste.

Du har tidlegare jobba i interiørbutikk og innan kultur. Hadde du sett for deg journalistrolla for nokre år sidan?

- Nei, eg hadde nok ikkje det. Sjølv om eg som ung, før eg fekk born, tenkte at om eg skulle valt yrke på nytt ville det bli som journalist.

- Alt var liksom på plass i livet mitt, eg hadde ein kjekk jobb, ein fin ekstrajobb, og god tid til familien og andre fritidsaktivitetar. Men så var det denne nysgjerrigheita og skrivegleda som ikkje ville gje seg. Det er eg glad for i dag.

Bømlo-nytt treng fleire med på laget, kva vil du sei til
potensielle søkjarar? 

- Er det ein liten del av deg som seier du skal søkje, så berre gjer det! Min veg inn til yrket var at eg liker å skriva, men minst like viktig er det at du er glad i folk og er nysgjerrig og engasjert i det som skjer rundt deg. Jobben er mindre skummel enn du tenkjer.

Etter eit intervju går mykje av skrivinga av seg sjølv, og i tillegg er det god hjelp å få om ein ynskjer det. Me er heldige som bur på Bømlo – her skjer det alltid noko som fengjer deg.

Arbeidsmiljøet på huset er lite og veldig trygt. All erfaring frå tidlegare har eg fått bruk for i denne jobben. Det er berre ein fordel at me har ulik bakgrunn når me skal spegla eit lokalsamfunn der me alle er forskjellige. Søk på stillinga, eller kom innom for ein prat – me treng deg med på laget!

- Me treng nokon
som kan styrkja oss
på det digitale

Bømlo-nytt er på haustjakt etter nye journalistar.
Ansvarleg redaktør Nils-Tore Sele er klar på kva han ser etter.

– Dyktige digitale «håve»!, kjem det bastant på vaskekte
bømlamål, frå redaktøren i Bømlo-nytt. - Det er det me treng no.

– Me er ute etter dei rette personane. Enkelt og greitt. Anten me finn dei lokalt, eller dei kjem langvegsfrå. Velkomen til oss, kven du måtte vera og kor du måtte komma frå! Me vil ha tak i deg som er flink digitalt, god på sosiale medium og som kan hjelpa oss med å ta steg vidare i vår digitale utvikling, fortel han.

– Me er allereie godt på veg ut i den digitale medieverda. Omtrent alt som me produserer i vår redaksjon vil du finna først på nett. Framover ønskjer me å vidareutvikla oss digitalt, satsa meir på podkast, videoar og nett generelt. Me har jobba godt digitalt, men ynskjer å utvikla oss endå meir, og då er ein person med dei rette kvalifikasjonane veldig viktig å knyta til oss.

Ansvarleg redaktør Nils-Tore Sele.

– Det eg kan lova er at me gjev deg jobb i ein liten, framoverretta, engasjert og hardtarbeidande redaksjon. Me er eigentleg i gang med å byggja opp redaksjonen på nytt etter ein periode der mange har slutta. Slik vil dei som no får jobb hos oss, kunna komma i ein unik og spanande posisjon. Det blir eit unikt høve til å vera med å påverka det framtidige Bømlo-nytt på den vegen me skal gå. I tillegg er Bømlo ein veldig aktiv distriktskommune, med eit ekspansivt næringsliv og eit sydande lags- og organisasjonsliv.

Dei rette personane vil ikkje keia seg på jobb som journalistar i Bømlo-nytt. Det er ein veldig variert og spennande jobb i lokalavisa for kommunen som marknadsfører seg med slagordet «Driftige folk i vakker natur». For å omskriva det litt, så kan ein seia det slik at lokalavisa no søkjer etter «Driftige digitale folk på jobb i vakker
natur», understrekar redaktøren.

Ansvarleg redaktør Nils-Tore Sele.

Ansvarleg redaktør Nils-Tore Sele.

I Gamlebanken og opp trappa
- der finn du oss

Kanskje er du vår nye journalist?

Kom gjerne innom for ein
prat med Nils-Tore eller Hege

Søknad kan du sende til:
nils-tore@bomlo-nytt.no
eller ring 982 42 015

www.bomlo-nytt.no

OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST

Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.

Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.

Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!

© Copyright Polaris Media Vest