Løyser subsea-utfordringar med eigne system

Frå Grunnavågen i Sagvåg utviklar og produserer Subsea Marintech eigne system og komponentar til subsea-industrien.
Med innovasjonsteknologi siktar dei seg no inn på nye marknadssegment.
- Det er ofte like enkelt å laga delane me treng sjølv. Då går me ikkje på kompromiss med kvaliteten, heller.
Tore Brekke i Subsea Marintech snakkar høgt og engasjert. Heilt sidan han var liten, har han hatt ei interesse for å forstå korleis tekniske ting fungerer.
Akkurat no snakkar han om eit komplett sensorsystem som han og kollegaene utvikla til Hywind-prosjektet til Aker Solutions tidlegare i år.

Tore Brekke utanfor lokala i Grunnavågen.
Sensorsystemet berekna avstanden frå betongelementa og ned til underlaget, samt vinkelendringar og rørsler ned til 0,01 grader. Mange faktorar spela inn: lufttrykk, vasstrykk og rørsler.
- Det var ei utfordring, men utruleg artig når me ser at det fungerer i praksis. Me opplever at det er enklare for oss å skreddarsy løysingar til kundane våre når me lagar alle komponentane sjølv, forklarar han.

Tore Brekke utanfor lokala i Grunnavågen.
Tore Brekke utanfor lokala i Grunnavågen.

Kontrollrom til ROV som Subsea Marintech har bygd frå botn av. Med joysticken kan operatøren styra ROV-en, og har full kontroll under heile operasjonen.
Kontrollrom til ROV som Subsea Marintech har bygd frå botn av. Med joysticken kan operatøren styra ROV-en, og har full kontroll under heile operasjonen.

ROV som bedrifta har vidareutvikla.
ROV som bedrifta har vidareutvikla.

Med beltevogn på havbotn kan bedrifta utføra større og tyngre operasjonar.
Med beltevogn på havbotn kan bedrifta utføra større og tyngre operasjonar.

Sensorsystem utvikla til Hywind-prosjektet til Aker Solutions tidlegare i år. På skjermen har operatøren full oversikt over målingar og avvik.
Sensorsystem utvikla til Hywind-prosjektet til Aker Solutions tidlegare i år. På skjermen har operatøren full oversikt over målingar og avvik.
Kontrollrom til ROV som Subsea Marintech har bygd frå botn av. Med joysticken kan operatøren styra ROV-en, og har full kontroll under heile operasjonen.
ROV som bedrifta har vidareutvikla.
Med beltevogn på havbotn kan bedrifta utføra større og tyngre operasjonar.
Sensorsystem utvikla til Hywind-prosjektet til Aker Solutions. På skjermen har operatøren full oversikt over målingar og avvik.

Lykter og kamera produsert av Subsea Marintech.
Lykter og kamera produsert av Subsea Marintech.
Utviklingsarbeid. Slik kan ein best beskriva det som skjer i lokala til Subsea Marintech i Grunnavågen.
System og produkt til subsea-industrien vert bygd frå botn av, gjerne med innovative løysingar. Det er eit solid stykke handverk.

Lykter og kamera produsert av Subsea Marintech.
- Det er litt klisjé å seia dette, men det vert ein livsstil. Ein kan ikkje gi seg, for løysinga på problemet finst jo - det gjeld berre å finna vegen fram dit. Og dei gongene du får ei openberring og skjønar korleis ting må vera... det er ubetaleleg, humrar han.
Det finst nok av produsentar der ute som kunne gjort jobben til Subsea Marintech langt enklare, om bedrifta hadde brukt masseproduserte delar. Så kvifor har dei denne iveren etter å laga noko som er skreddarsydd for prosjekta?
- Rett og slett fordi produkta ikkje er gode nok, er for dyre eller ikkje passar inn i systema i sin heilheit. I mange tilfelle eksisterer ikkje systema me utviklar, på marknaden. Då spesialtilpassar me systema til dei forskjellige prosjekta. Eit komplett system kan bestå av både ferdige komponentar og eigenutvikla komponentar. I mange tilfelle vert også programvara for systema utvikla hjå oss.
Subsea Marintech er sett saman av eit kompetanseteam som har vore operative i subseanæringa sidan slutten av 80-talet, då som ein del av moderselskapet BK Marine.
Kundemassen famnar om alt frå kraftsektoren, kommunar, NVE og industri.
Damanlegg

Noreg har meir enn 4.200 dammar, eller demningar, som regulerer vassreservoar. Mange av desse vert brukt i kraftproduksjon, og er bygde opp av anten stein eller betong.
Dersom uhellet hadde vore ute og eitt av desse hadde gitt etter, ville det vore ei katastrofe av enorme dimensjonar. Difor er det alfa omega med jamlege og grundige inspeksjonar av damanlegga.

Testing og montering av utstyr før inspeksjonsjobb i Aurland.
- Me nyttar sonar for å inspisera damanlegg og har lang erfaring med dette. Ofte kan det vera utfordrande å få gjennomført, då ein helst vil ha fulle vassmagasin under inspeksjonen. Det gir eit snevert tidsrom å utføra omfattande inspeksjon på.
- Difor har me utvikla eit system som nyttar laser i tillegg til sonar, slik at me kan inspisera alt frå botn og opp - uavhengig av kor mykje vatn som er i damanlegget, fortel Brekke.
Han fortel om ein inspeksjonsjobb i ei trykksjakt i Aurland. Røyra hadde ei helling på 46 grader og gjekk frå dammen, inne i fjellet og ned til kraftstasjonen i bygda.
- Mannholet, eller luka me kunne koma oss inn i, var 50 centimeter brei. Det vil seia at inspeksjonsutstyret vårt ikkje kunne ha komponentar som var større enn dette. Sjølve diameteren på røyra var 3,6 meter, før dei smalna inn. Utfordringa her var mellom anna at me måtte bygga inspeksjonsutstyret vårt inne i røyret, forklarar han.

Røyrmodell som Subsea Marintech laga før inspeksjonsjobb i trykksjakt.
For å vera sikre på at dette var gjennomførbart, laga Subsea Marintech ein modell av røyra som dei senka ned i Grunnavågen og testa grundig. Dei laga også til avvik på røyret som systemet skulle fanga opp.
I tillegg laga dei eit koordinasjonssystem, slik at kunden fekk eksakte mål på kor i røyret inspeksjonen føregjekk.
- Slike prosjekt er av stor verdi for kunden. I enktele tilfelle kan det kosta kunden fleire milliardar kroner dersom slike dammar og røyr ikkje er undersøkt godt nok. Det er med andre ord store verdiar som avheng av at ting vert korrekt utført. Difor er det svært viktig med nøyaktig og presis oppmåling og inspeksjon.

Testing og montering av utstyr før inspeksjonsjobb i Aurland.
Testing og montering av utstyr før inspeksjonsjobb i Aurland.

Røyrmodell som Subsea Marintech laga før inspeksjonsjobb i trykksjakt.
Røyrmodell som Subsea Marintech laga før inspeksjonsjobb i trykksjakt.
Inspeksjon av røyr

Subsea Marintech har nyleg utvikla eit nytt og betre system for kartlegging og inspeksjon av sjøbotn, kablar og røyrleidningar.
- Det gir ein svært god dokumentasjon av inspeksjonen. Systemet gir kunden moglegheit til å følgja aktivt med under ROV-operasjonen, utan at kunden sjølv er til stade om bord i båten, forklarar Brekke.

Slik ser det ut når røyr på havbotn vert inspisert.
- I praksis betyr det at me kan sitja i møte med kunden og ha livestream på eit sikkert nettverk medan ROV-en er ute og inspiserer. Teknologien let oss "overstyre" slik at me kan ta kontroll over ROV-en og styre han til bestemte røyrdelar for nærare inspeksjon dersom ein vil det.
Målet er at kunden skal få betre kunnskap og forståing, samt ein forbetra

Slik ser det ut når røyr på havbotn vert inspisert.
Slik ser det ut når røyr på havbotn vert inspisert.
Oppdrettsnæring

Noko av den same teknologien som ved inspeksjon av røyr, vil Subsea Marintech nytta seg av når dei no beveger seg over i oppdrettsnæringa.
Metoden vil vera klar frå hausten av.
- Me har utvikla eit system som kan kontrollera forankring, og har same visning som i røyrinspeksjonane våre. Me gler oss til å koma i gang med dette, smiler Brekke.
Produkt og tenester
- Kamera
- Lys
- Komplette system
- ROV/Undervasskablar
- ROV
- Serviceverkstad ROV
- Beltegåande ROV-system
- Nedgravind av kablar
- Boring av forankring
- Kartlegging av sjøbotn
- Kartlegging damanlegg
- Konsulent og rådgjeving
