Liv Hege pussar opp med XL-BYGG

For to år sidan kjøpte Liv Hege Dagsland einebustad i Kårevik.

Sidan den gongen har ho totalrenovert huset - med god hjelp og fagkunnskap frå XL-BYGG Valvatne.

Dåke kjenner meg jo godt etter kvart, seier Liv Hege Dagsland med glimt i auga.

Ho står i stova heime i einebustaden i Kårevik saman med Kristina Nilsson frå XL-BYGG Valvatne. I omnen brenn det lystig, og mot dei store stovevindauga herjar hauststormane. Inne er det lunt og godt.

Nilsson har teke turen heim til Dagsland for å ta mål av eit par eldre kjellarvindauge som skal bytast ut før vinteren. Ho jobbar som kundehandsamar og har lang erfaring med kundebesøk, rådgiving og vegleiing i forhold til ulike byggeprosjekt.

- Liv Hege er ein kunde som veit korleis ho vil ha det, bekreftar ho med eit smil.

HUSET ER FRÅ 1957 og er eit typisk hus frå slutten av 50-talet. Dårleg isolert, lite energieffektivt og med løysingar som ikkje lever opp til dagens standard.

Trass i offshore-turnus og tre born på 10, 12 og 17 år, let ikkje Liv Hege seg skremma av renoveringsjobben som fylgde med huset.

- Absolutt ikkje! Eg har alltid vore handy og er ikkje redd for å ta i eit tak. Eg klarer det eg bestemmer meg for - og dersom mannfolka kan, så kan vel eg óg klara det, blunkar ho.

Nilsson nikkar: - Det som er ekstra kult med Liv Hege, er at ho har skikkeleg bein i nasen. Ho har stått for det meste av oppussinga sjølv, og gjennomfører det ho har bestemt seg for. Ho ser løysingar i staden for hindringar, og me heier på slike kvinner!

Liv Hege Dagsland (t.h.) har pussa opp einebustaden med god hjelp av Kristina Nilsson og proffavdelinga i XL-BYGG Valvatne.

DET ALLER FØRSTE Liv Hege gjorde, var å legga golvteppe på alle soverom.

- Teppe på golva gjer romma lune og gode. Det er lite som slår kjensla av å stå opp og setja føtene ned på eit teppe - i alle fall ikkje når huset er så trekkfullt som dette var. Golvteppe er eit val eg absolutt ikkje har angra på, smiler ho.

Deretter gjekk ho laus på alle dei store tinga: riva kjøkken, etterisolera, byta kledning, pussa opp badet og laga trappehol. Allereie før Liv Hege hadde pussa opp badet, hadde taksten på huset auka med over éin million kroner.

Liv Hege har stått for totalerenovering av badet.

Liv Hege Dagsland (t.h.) har pussa opp einebustaden med god hjelp av Kristina Nilsson og proffavdelinga i XL-BYGG Valvatne.

Liv Hege Dagsland (t.h.) har pussa opp einebustaden med god hjelp av Kristina Nilsson og proffavdelinga i XL-BYGG Valvatne.

Liv Hege har stått for totalerenovering av badet.

Liv Hege har stått for totalerenovering av badet.

Byte av vindauge sparar deg for store summar

- Dei gamle vindauga var heilt krise. Nokre kunne eg leggja handa på og så bevegde heile ruta seg opp og ned. Det er blitt ein enorm forskjell, og eg sparar mykje straum på det, fortel Liv Hege.

Eitt av dei mest lønsame tiltaka for å spara straum på lang sikt, er nettopp å investera i nye og meir energieffektive vindauge. Det kan også auka verdien på bustaden.

Kristina Nilsson har lang erfaring med vindauge og har ei klar oppfordring:

- Om ein tek på eit vindauge og vindauget er kaldt, virkar det ikkje. Eller om du sit føre vindauga og kjenner kald trekk. Då er det noko som ikkje fungerer.

I dag får ein vindauge som er både vedlikehaldsfrie, sjølvreinsande og soldempande.

- Det er mykje å velja mellom. Difor kan det vera lurt å få hjelp til kva som passar seg og sine behov, understrekar Nilsson.

LIV HEGE HAR sjølv bakgrunn frå byggevarebransjen, og då ho starta renoveringsprosessen var ho aldri i tvil om kven ho ville ha som totalleverandør av byggevarer, utstyr og verktøy.

- Hos XL-BYGG veit eg at eg får god kvalitet på det eg handlar, og at dei kan hjelpa meg med det eg treng. Eg kjenner folka som jobbar her og veit kva dei står for, seier ho.

Ho verdset kompetansen til XL-BYGG.

- Kristina og kollegaene har hjelpt meg med alt frå sponplater, panel og tak til isolasjon, vindauge, måling, golv, baderomsinnreiing og byte av omn. Eigentleg det meste.

Liv Hege har snart bytt ut alle vindauga i huset, og kan stolt seia at ho har utført byta sjølv. - Forskjellen er enorm etter at dei nye vindauga kom på plass, seier ho.

- Me er faghandlar og har førstehandskunnskap om både produkt og utføring av jobbar. Difor kan ein snakka med oss når ein treng byggevarer, legg Nilsson til.

Liv Hegehar alltid hatt eit tydeleg bilete av kva ho treng og vil ha.

- Når eg kjem opp i butikken så fortel eg Kristina eller dei andre kva eg treng. Dei stiller gjerne kontrollspørsmål for å sjekka at det blir rett, og hjelper meg slik at eg får det resultatet eg ynskjer. Eg er veldig fornøyd, smiler ho.

Liv Hege har snart bytt ut alle vindauga i huset, og kan stolt seia at ho har utført byta sjølv. - Forskjellen er enorm etter at dei nye vindauga kom på plass, seier ho.

Liv Hege har snart bytt ut alle vindauga i huset, og kan stolt seia at ho har utført byta sjølv. - Forskjellen er enorm etter at dei nye vindauga kom på plass, seier ho.

Å byta til ein reintbrennande vedomn gir både reduserte straumprisar, miljøgevinst og betre komfort.

Å byta til ein reintbrennande vedomn gir både reduserte straumprisar, miljøgevinst og betre komfort.

Små detaljar gjer det vesle ekstra

Kryssfinerplater

I gangen er veggane dekka av kryssfinerplater, som ho har beisa for å få rett look.

Gjenbruk av parkett

Kjøkkenbordet har fått veggpanel på toppen, noko som gir ein stilig finish. - Eg likar å setja mitt særpreg på ting, og prøver å finna alternative løysingar som ikkje alle andre har.

Sjølv om ho har valt å gjera det meste sjølv, er det enkelte ting Liv Hege har brukt profesjonelle handverkarar til. Som å lage trappehol og byte kledning.

- Om ein kunde kjem inn og beskriver jobben som skal utførast, hjelper me med å kopla på vår proffavdeling. Der har me fleire dyktige handverkarar som er tilknytt butikken. Då hentar eg inn prisar og instruerer om jobben som skal gjerast, forklarar Nilsson.

- Det gjer det veldig enkelt for meg som kunde, og eg er veldig nøgd med handverkarfirma som eg har hatt til å utføra ulikt arbeid, understrekar Liv Hege.

Liv Hege er oppteken av å ikkje setja begrensningar for seg sjølv.

- Eg er av den oppfatning at ein kan klara det aller meste berre ein prøver seg fram. Læringskurva er bratt, og det gir ei utruleg meistringskjensle når ein har gjort noko, avsluttar ho.

Har du eit prosjekt?
Me hjelper deg gjerne!

Kristina Nilsson
kn@valvatne.no
Tlf. 53 40 20 60

Våre opningstider
Mån - fre: 07 - 17
Laurdag: 09 - 14