- Du har så mange moglegheiter her!

Kasper, Ingveig og Thomas er viktige brikker når framtida til Leirvik AS skal formast.
Med mange moglegheiter fortel dei tre unge vaksne om ein arbeidskvardag som er både spanande og lærerik.
I produksjonshall sju er Kasper Mæland i full gang med arbeidsdagen, tolv meter over bakken. Det blenkjer i blått i det 18-åringen nyttar sveiseapparatet til å sveisa saman ulike aluminiumsplater.
Platene er ein del av ein splitter ny bustadmodul som skal stå klar i 2024.
Som aluminiumskonstruktør former og samanføyer han plater, røyr og profilar av aluminium.
- Det er spanande å jobba hjos Leivik. Arbeidsdagane er varierte, og eg får prøva meg på mange ulike jobbar. Det gjer at eg trivst veldig godt, smiler han.





Kasper har jobba som lærling innan aluminiumkonstruksjonsdaget hos Leirvik AS sidan i sommar. Han gjekk på Rubbestadnes vidaregåande skule, der han gjekk TIP på Vg1 og Maritim på Vg2. Deretter begynte han i lære.
- Eg var ganske lei av skulen, og ville ut i arbeidslivet for å tena eigne pengar, seier han.
- Eg hadde høyrd mykje bra om Leirvik, noko som var grunnen til at eg valte å søka meg hit. Bror min jobbar her, og han fortalte meg om alle moglegheitene. Difor virka Leirvik som ein spanande plass å ha læretida - og eg har ikkje vorte skuffa, seier han.

Arbeidsdagen i produksjonen startar klokka 07, noko som var ein av dei største endringane frå skulekvardagen.
Kasper og dei andre lærlingane har eigne fadrar som har ansvar for å støtta og hjelpa med deg faglege. Fadrane har også ansvar for å sleppa lærlingane til i arbeidet, for å motivera og gi jamlege tilbakemeldingar.
- Eg får prøva meg mykje i arbeidet sjølv - det er ikkje slik at me berre ser på. Når me får prøva oss lærer me også betre, forklarar Kasper.
- Noko av det eg set mest pris på, er at det er stor takhøgde for å spørja om ting. Er det noko eg lurer på eller ikkje får til, veit eg at kan spørja om hjelp. Det er så mange erfarne og dyktige folk som jobbar her.


Ingveig Stensletten har ein bachelor i økonomi, men ei stillingsannonse frå Leirvik AS trigga ho til å søka som lærling innan kontor- og administrasjonsfaget.
- Eg tenkte at dette såg utruleg spanande ut, og det skremte meg ikkje i det heile tatt at det var ei stilling som lærling, smiler ho.
Sidan ho ikkje har yrkesfag i botn, skulle Ingveig eigentleg gått i lære i fire år, men på grunn av anna relevant utdanning har ho fått korta det ned til to år. No har ho eit halvt år igjen før ho skal ta fagprøven.
- Med fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget har eg eit sært godt grunnlag for fleire typar stillingar innan sal, kundeservice, rekneskap og administrativt arbeid, forklarer ho.



Sidan Ingveig begynte for halvtanna år sidan, har ho vore innom fleire ulike avdelingar i Leirvik. På den måten har ho fått prøva seg på mange ulike typar arbeidsoppgåver, og fått eit unikt innblikk i korleis bedrifta fungerer. Ho får jobba allsidig og med relevante oppgåver for lærefaget hennar.
- Mellom anna har eg vore innom resepsjonen, HR, HMS, kostkontroll, løn og rekneskap. Ein gong i veka får eg vera med HMS (Helse, Miljø og Sikkerheit) ut på rundar i produksjonen. Det er spanande, og gjer at eg er tett på både administrasjonen, ingeniørane og fagarbeidarane våre.
Ingveig er tydeleg på at ho kjenner meistringskjensle med arbeidsoppgåvene ho får.
- Eg har ulike oppgåver som bare er mine, og som eg har ansvar for å følgja opp. Difor føler eg at eg faktisk utgjer ein forskjell, og det er med på å bidra til at eg trivst så godt, smiler ho.
- Det tok lang tid før eg skjønte at Ingveig var lærling. Ho har kontroll på det meste, skyt Tor Erik Eide, senior HR, inn frå sidelina - til ei smilande Ingveig.
- Det er jo eit stort kompliment, og tyder vel på at eg gjer noko rett.

Ho ser for seg å fortsetja hos Leirvik AS etter fagprøven - dersom bedrifta vil ha ho.
- Noko av det eg synest er spannade med å jobba her, er at det er så mange moglegheiter. Me byggjer ikkje berre bustadmodular, men har også andre forretningsområde som går på akvakultur og infrastruktur. Som tilsett opnar det seg difor opp utruleg mange moglegheiter, og eg gler meg til vegen vidare.

Thomas Halderaker (25) er Structural Engineer og sit i tredje etasje i "nybygget" frå 2015. I det opne kontorlandskapet er alle på "hei" med kvarandre. På skjermen har han teikningar av ein bustadmodul som snart skal produserast, og jobbar med fleire spanande prosjekt samstundes.
- Jobben min er å teikna grunnlaget for det som dei lagar ute i produksjonen, forklarer han. - Difor jobbar eg for det meste i 2D eller 3D. Som Structural Engineer skapar me forma og strukturen til prosjekta våre, eksempelvis å teikna opp bustadmodular. Det er utruleg gøy å sjå det du har vore med på å teikna bli realisert.

Thomas starta karrieren som lærling hos Leirvik AS i 2015. Han tok fagbrev i aluminiumkonstruksjonsfaget, og fekk sidan tips om å søka seg inn på Stord-modellen.
- Då eg begynte i lære, kjente eg at eg eigentleg ikkje var heilt ferdig med utdanning. Eg ynskte å ha den praktiske erfaringa i botn som fagbrevet gir, men visste at eg var motivert for å utdanna meg vidare. Eg tok difor eitt år påbygg, for å halda alle moglegheiter opne. Det var før eg fekk vita at Stord-modellen var eit alternativ, fortel han.
Stord-modellen er eit initiativ frå fire av dei største industribedriftene på Stord. Bakgrunnen for initiativet er at ein ønskjer å gi fagarbeidarar eit relevant vidareutdanningstilbod, og redusera kompetanselekkasje til større byar.
Modellen følgjer eit toårig utdanningsløp, og gjennom utdanninga kombinerer ein difor jobb og skule.

- Eg jobba i to veker og gjekk på skulen i ei veke. Det var ei fin ordning. I tillegg sponsa Leirvik utdanninga mi, noko som gjorde at eg kom ut med i overkant av 90 prosent av løna mi medan eg var under utdanning. Eg er veldig nøgd med løysinga, understrekar Thomas.
Han gjekk Stord-modellen saman med to andre kollegaer frå Leirvik.
- At me var tre stykk som gjekk saman, gjorde alt mykje enklare og meir motiverande. Eg er glad for at eg fekk denne moglegheita til å utvikla meg fagleg. Noko av det som er ekstra kjekt med å jobba her, er at du blir oppfordra til å ta kurs og vidareutdanning. Det set eg pris på.



Ingveig, Kasper og Thomas trivst godt på jobb, og skryt over arbeidsmiljøet.
- Leirvik er ein god plass å både ha læretida si og vera tilsett hos. Du blir godt ivaretatt, og Linda Karlsson Brekke spesielt er som ein mammafigur for oss lærlingar, seier Kasper. Dei to andre er einige.
- Det er også positivt med alle moglegheitene som opnar seg når ein jobbar i ei slik bedrift. Du kan velja å bygga deg opp til å ha spesialkompetanse innan enkelte fagfelt, eller du kan prøva ut ulike ting. Det er eigentleg opp til deg sjølv korleis du vil at framtida skal formast - så legg Leirvik til rette for deg, avsluttar Thomas.

Satsar på lærlingar
Linda Karlsson Brekke er ansvarleg for lærlingane, saman med Per Furset. Ho fortel om tett oppfølging av det faglege og ein kvardag der dei unge får prøva seg på ulike arbeidsoppgåver som er relevante for deira lærefag.
- For Leirvik AS er det svært viktig å ha lærlingar, og målet vårt er å utdanna dei med hensikt å rekruttera vidare etter bestått fagprøve.
Det er viktig å framsnakka yrkesvegen som ein utdanningsmoglegheit, og Linda meiner det er eit samfunnsansvar å ta inn lærlingar i industrien for vidareutdanning.
- Lærlingane er framtida, og me ynskjer at dei skal trivast hos oss. Kvart år inviterer me difor skuleklassar på besøk til oss, for å læra dei om kva jobbar, yrke og moglegheiter som finst her. I tillegg deltek me på Utdanningsmessa på Vikahaugane og på Yrkesdagen som blir arrangert av YSO (Ytre Sunnhordland Opplæringskontor), der Leirvik er medlem.
- Me vil vera synlege og håpar å framstå som ein attraktiv stad å ha læretida, seier ho.
Alle lærlingar får tilbod om sommarjobb før dei begynner læretida.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon!
Per Furset, Welding engineer IWE
Tlf. 98 299 306
per.furset@leirvik.com
Linda K. Brekke, Personnel HR Coordinator
Tlf. 982 99 316
linda.karlsson.brekke@leirvik.com