Christian har ansvar for høgteknologisk maskinpark:
- Opnar for ein ny måte å jobba på

Christian Fredheim har ei sentral rolle i framtidas Leirvik AS. Investeringar i fleire nye maskinar og digitalisering av prosessar stiller nye krav til fagkunnskap og arbeidar.
- Det er ein ny måte å jobba på som opnar for uendeleg mange moglegheiter. Akkurat det gjer dette utruleg spanande, seier han.
Det er hektiske dagar i Aslaksvikjo på Stord. Aktiviteten er stor, framtida lys. I den største hallen blir Jackdaw bustadmodul og helikopterdekk produsert, og skal stå klart i byrjinga av 2024.
Produksjonen blir snart flytta ut av hallen for å gjera plass til Hugin A-prosjektet for Aker BP. Hugin A har ein verdi på ein milliard, og sikrar arbeid for Leirvik i mange år framover.
Førre veke kom meldinga om at Leirvik AS har fått kontrakt med Statens vegvesen om utbygging av Hangarbrua i Trondheim.
Omtrent samstundes la OptiRAS frå kai. Det landbaserte oppdrettsanlegget i aluminium representerer eit kvantesprang i utvikling innan næringa - og er eit tydeleg signal om at berekraft og miljø er ledestjerne for framtidas prosjekt hos Leirvik AS.
Med høg aktivitet og ei solid ordrebok har bedrifta eit stort behov for fleire tilsette i tida framover.

DET ER EIN NY måte å jobba på, som gir oss uendeleg mange moglegheiter med desse maskinane, seier Christian Fredheim.
Som leiar for vedlikehald har han ei sentral rolle når Leirvik AS no har investert 48 millionar kroner i fire nye maskinar:
- Ein vasskuttar
- Ein plasmakuttar
- Ein profilkuttar
- Ein sveiserobot
Investeringane gir ei stor styrke inn mot den globale marknaden, og er eit viktig ledd i digitaliseringsplanen som Leirvik AS vedtok for fem år sidan.
- Heile maskinparken er moderne og avansert, seier Fredheim og viser veg til Hall 6 der profilkuttaren nyleg kom på plass.

- Maskinane er svært effektive og stiller andre krav til fagmannen. Det gjer at me må tilpassa, og treng ein anna kompetanse no enn tidlegare. Det manuelle arbeidet vil vera viktig også i framtida, og med dei nye maskinane blir arbeidsdagen enklare, tryggare og meir effektiv. Automatiseringa gir svært mange moglegheiter, og det er veldig spanande å få ta del i dette.

SJØLV STARTA FREDHEIM si reise i industrien då han tok fagbrev som CNC-operatør. CNC står for Computer Numerical Control, og operatøren brukar datamaskin til å styra mekaniske maskinar og laga komplekse delar i metall eller anna materiale. Det omfattar også planlegging, programmering, produksjon og overvaking av prosessen.

Etter fleire år med reising, opparbeidde han seg ei solid og brei erfaring innan fagfeltet. For eit drygt halvår sidan vart han tilsett som ein del av Prefab-prosjektet til Leirvik AS. I dag stortrivst han med ein variert arbeidsdag i ein spanande bransje, og skryt over det gode arbeidsmiljøet.
- Det å løysa daglegdagse problem med teknisk program synest eg er tiltalande. Det er mange tekniske utfordringar å løysa, og den nye arbeidskvardagen med avanserte maskinar er spanande å ta del i. Dette er framtida, slår han fast.

Som eitt av leiartalenta hos Leirvik AS, er Christian valt ut til å følgja leiarutviklingsprogrammet til Atheno.
Programmet består av sju samlingar fordelt på 4-5 månadar, i tillegg til heimerefleksjonar.
- Me lærer å ha sjølvforståing for å betre kunna vegleia andre. Eg forventar å bli ein endå betre leiar når eg er ferdig med kurset, og det er flott å bli satsa på som tilsette på denne måten.
Leirvik AS har fleire etterutdanningsprogram og kurs som dei tilsette kan følgja. Dei er opptekne av å gi sine tilsette gode moglegheiter til vidareutdanning og kompetanseheving.
- Eg set stor pris på moglegheita eg får her. Det er viktig å satsa på dei unge, understrekar han.

Fakta om Maskinparken
- Nyinvesteringar i Leirvik Prefab 2023 -
Resato Vannkuttar
- Resato ACM 30120
- Arbeidsområdet er 3,02m x 12,02m
- Platekutting ved høgt vanntrykk og sand
- Levert av iTec
Messer Plasmakuttar
- Messer Element 400
- Arbeidsområde er 2,6m x 12,6m
- Platekutting ved plasmakutting (lysbue)
- Levert av iTec

Emmegi Profilkuttar
- Emmegi Satellite XTE
- Arbeidsområdet er 15,5m langt
- 5 akset profilkuttar. Kuttar og modifiserer aluminiumsprofilar
- Levert av Emmegi
Yaskawa Sveiserobot
- Yaskawa AR 2010
- Arbeidsområdet er 22m x 5m x 2m
- Gantry sveiserobot til sveising av store samanstillingar i aluminium. Med fugefølge laser.
- Levert av Skala Robotech AS

Me treng fleire ekspertar!
Klikk her for å sjå ledige stillingar!


OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.
Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.
Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!
© Copyright Polaris Media Vest