Bli med oss og form framtida!

Me treng fleire ekspertar!

Frå generasjon til generasjon, i tett symbiose med eit samfunn i endring.

Hundrevis av gode kollegaer, kloke hovud, har sett sine spor og gjort sin innverknad.

No treng Leirvik AS deg med på laget - for å ta del i ei spanande framtid.

Leirvik AS har posisjonert seg til å ha verdsleiande kompetanse på bygging av store aluminiumskonstruksjonar. Det er denne unike kompetansen ein bygger vidare på når bedrifta no har tatt steget inn i det grøne skiftet.

- Dei første 75 åra har vore ei fantastisk reise gjennom entreprenørskap, utvikling og innovasjon. Me er stolte av at Leirvik AS har vore ein viktig bidragsytar i prosessen som har gjort Stord til det allsidige og leiande industrisamfunnet me ser i dag. No jobbar me inn mot ei grøn framtid.

Dorota Zborowska er prosjektleiar for Leirvik AS.

Dorota Zborowska er prosjektleiar for Leirvik AS.

Det er mykje som skal klaffa når ein splitter ny bustadmodul på 100 tonn skal posisjonerast om bord på Skarv ute i Norskehavet.

Med 8 centimeters klaring er marginane marginale.

Komplekse prosessar og utrekningar, alt må vera grundig gjennomtenkt - og i bresjen for det heile står Dorota Zborowska.

41-åringen har ei sentral rolle i det som er eitt av dei viktigaste pågåande prosjekta til Leirvik AS, og har lang erfaring med kompliserte prosjekt innan Energy M&M (Modification and Modules). Ho er utdanna mekanisk ingeniør og har jobba innan fleire ulike fagfelt - både som strukturingeniør, med piping og som kontraktsansvarleg. Den allsidige bakgrunnen gjer at ho passar perfekt som prosjektleiar for den nye bustadmodeln som skal leverast på oppdrag frå Aker BP/Aker Solutions.

Dorota Zborowska er prosjektleiar for Leirvik AS.

DOROTA FLYTTA TIL STORD for den store kjærleiken. Ho kjem frå Gdansk og har studert i Brighton - to europeiske storbyar med ein litt anna puls.

- Å koma til Stord var ein stor overgang. Det er så stille her, ler ho. - Men eg trivst skikkeleg godt, og det er ein fin plass for ungane å veksa opp, med nærleik til fjord og fjell. For mi yrkesgruppe er det dessutan svært mange jobbmoglegheiter her.

På jobb er ho vane med høgt tempo og har ein enorm arbeidskapasitet.

- Med så komplekse prosjekt som me jobbar med her, blir det aldri keisamt! Det er utfordringar heile vegen, på alle område - akkurat slik eg likar det. Når du trur du har kontroll fredag ettermiddag, dukkar det stadig opp nye utfordringar når du er tilbake måndag morgon.

Ho rosar teamet sitt og arbeidsmiljøet i bedrifta.

- Du føler at du utgjer ein forskjell her. Alle helsar på kvarandre og det er alltid rom for å spørja om ting. Døra til leiarane står alltid open. Kommunikasjon er nøkkelen til det meste, så eg prøver å vera ein tydeleg leiar for teamet mitt. Døra mi står i alle fall alltid open, smiler ho.

Foto: Kjell Arild Bakken

Foto: Kjell Arild Bakken

FOR FEM ÅR SIDAN fekk Dorota nok av alt som heitte industri og entreprenørskap. Ho ville prøva noko nytt - og svaret blei eige yogastudio på Leirvik.

- Du skulle kanskje tru at yoga og ingeniøryrket er svært ulike, men det er det altså ikkje! I alle fall ikkje når du ser vekk frå den fysiske biten. Eg tenker strukturering i yogatimane mine, så det er eigentleg ganske samanliknbart med korleis eg jobbar som prosjektleiar, smiler ho.

I dag jobbar Dorota 70 prosent som prosjektleiar hos Leirvik AS og driv eige yogastudio resten av tida. Ho skryt av arbeidsgivaren som legg til rette for at ho skal kunna kombinera.

- Det var godt å få kollegaer igjen! Leirvik er dessutan svært fleksible og legg til rette på best mogleg måte slik at dei tilsette skal trivast.

Sjølv om kvardagen er travel og det er mykje ansvar som kviler på hennar skuldre, blir ho ikkje lei.

- Kva som driv meg? Eg er workaholic, ler Dorota før ho blir alvorleg. - Nei, det som driv meg er ansvaret og det å få ting. Det er ei enormt god kjensle når me lukkast, og på vegen fram får me verkeleg utfordra oss. Så blir eg veldig motivert av å jobba saman med andre dyktige menneske.

I HALL 5 jobbar Kristian Økland (29) med morgondagens teknologi. Som Robotic Engineer har han spanande dagar når framtidas Leirvik AS blir forma.

- Om det er noko me ikkje får til, har me ingen å spørja. Det er nybrottsarbeid, og det er jo berre me som kan det, seier han.

Kristian har fagbrev i aluminiumkonstruksjonsfaget. Han tok læretida si i ei anna bedrift, men då han jobba på Sverdrup-prosjektet saman med fleire frå Leirvik AS, treivst han så godt saman med dei at han like greitt søkte om å få begynna.

- Eg fekk faktisk tilbod om læreplass hos Leirvik, men eg takka nei. Grunnen var at eg trudde eg ville bli ein arbeidsmaur, ein i mengda. Det angrar eg på den dag i dag, fortel han.

Heldigvis hadde Leirvik ei opning til han, og etter å ha jobba eitt år, fekk han tilbod om toårig fagskule gjennom Stordmodellen.

- Det var utruleg lærerikt, og allereie etter det første året fekk eg tilbod om jobb i den nye robotavdelinga som Leirvik etablerte. Det takka eg ja til, samstundes som eg fullførte fagskulen.

29-åringen er arbeidsvillig og lysten på å læra meir.

- Det er mange moglegheiter i bedrifta for den som ynskjer å jobba og få meir utdanning og kompetanse. Her får du verkeleg utvikla deg, understrekar 29-åringen, som i desse dagar kombinerer jobben med prosjektplanleggingskurs hos HVL.

- Så lenge du viser at du vil jobba, blir du satsa på.

SAMAN MED TRE andre er Kristian ein del av robotavdelinga til Leirvik AS.

Den seks meter lange roboten sveisar i aluminium, ikkje stål, som dei fleste andre robotar. Dette er ein forløpar til ein robot på tjuefire meter som blir implementert i desse dagar.

Robotane er unike, og er viktige brikker i framtidas prosjekt.

Frå kontoret jobbar Vebjørn Jansen med ein "digital tvilling". Han programmerer og gir roboten instruksjonar og kommandoar. Så testar dei det ut i verkstaden, der roboten er.

- Det kjekkaste er når eg prøver eit nytt laserprogram, og det blir rett ti av ti gonger. Då får eg ei utruleg meistringskjensle over å ha klart å få det til å fungera så godt, smiler han.

Roboten vart teken i bruk i 2020, og med denne vil Leirvik først og fremst finna ut korleis automatisering kan hjelpa til med å produsera veggar og skott til bustadkvarter meir effektivt.

Kompetansen og kunnskapen som Kristian og kollegaene opparbeider seg, vil difor vera essensiell i framtida.

- Det er spydspissen av teknologi me jobbar med her. Det er utruleg spanande å få vera ein del av, avsluttar han.

Våre forretningsområde

ENERGY, Modifications & Modules

ENERGY, LQ & Modules

Aquaculture

Infrastructure

Me treng fleire ekspertar!

Klikk her for å sjå ledige stillingar!