Storbyane i Noreg har skrive under ei erklæring om ein felles utsleppsfri kommunal bygg- og anleggsnæring innan 2025.
Det betyr at dei tunge anleggsmaskinane må bli utsleppsfrie, anten med elektrisitet, hydrogen eller andre utsleppsfrie energikjelder.
Dette fører til utfordringar med tilgang til nok straum og nødvendig infrastruktur for lading.

Eviny Mobil Energi jobbar for energi- og klimaeffektive løysingar i framtida. Mobile batteribankar er ein del av denne løysinga.
Likevel byr det på utfordringar: Ein må til ei kvar tid ha oversikt over kor batteribankane er, og kor mykje straum som er på dei.

For å løysa denne utfordringa, har Ilder utvikla Effektkalkulatoren, samt eit kontrollpanel som er knytt opp mot mobilbankane.
Kontrollpanelet viser batteribankane i sanntid, og har ei rekke avanserte funksjonar. Det sparar Eviny for både tid og pengar.

Jobbar fremst i det grøne skiftet
Når innovative tech-løysingar møter det grøne skiftet, er resultatet hardtslåande, tidsbesparande og brukarvenleg.
- Det har vore utruleg spanande å få jobba med Eviny på dette prosjektet. Resultatet er ei oversiktleg og brukarvenleg løysing på ei kompleks og samansett utfordring. Det er givande å ta del i målet om utsleppsfrie bygg- og anleggsplassar. Det er banebrytande arbeid Mobil Energi Eviny jobbar med, og det er utruleg kjekt å få delta så langt framme i det grøne skiftet, seier Knut Marius Sundt.
Han har rolla som tech lead i Ilder sitt prosjekt-team, og har jobba fram løysinga saman med andre Ilderar.
Sundt sit på Ilder sitt kontor på Stord, og flytta nyleg inn i splitter nye lokale i Kunnskapshuset. Her jobbar han tett med Ilder sine andre kontor i Bergen, Fauske og Stokmarknes.

Knut Marius Sundt har tech-lead på Mobil Energi-prosjektet.
Eyvind Bohne-Kjersem, leiar i Eviny Mobil Energi, skryt av leveransen.
- Me er svært nøgde med løysinga som Ilder har levert - frå Effektkalkulatoren til kontrollpanelet. Det har gjort kvardagen vår mykje enklare. Ilder finn gode løysingar og strukturerer data på innovative måtar. Dette hjelper oss også i forhold til miljørapportering, seier han.

Knut Marius Sundt har tech-lead på Mobil Energi-prosjektet.
Knut Marius Sundt har tech-lead på Mobil Energi-prosjektet.

Ilder tilbyr "Team as a Service". Det vil seia at i staden for å leiga inn konsulentar enkeltvis, kan du leiga inn eit heilt team som gjer jobben for deg.
Når du som kunde tek kontakt, etablerer Ilder eit fleksibelt tverrfagleg team for å løysa ei utfordring ved bruk av teknologi.
- Me set saman eit dyktig og erfarent team basert på prosjektet sitt innhald og omfang. Teamet er utstyrt til å utføra eit breitt spekter av oppgåver innan softwareutvikling. Gjennom heile prosessen jobbar me tett med kunden for å sikra at løysinga møter ønskjer og mål.
Det unge tech-selskapet spesialutviklar digitale løysingar for norsk industri, og har vakse til å bli heile 40 tilsette på fem år. Dei tilsette representerer eit breitt spekter av unik kompetanse innan design- og brukaroppleving (UX, UI), programvareutvikling, IT-sikkerheit og prosjektleiing. Nyleg fekk dei også ein lærling innan IT-faget.
- Tanken bak Ilder er å utvikla kule IT-produkt og gjera dei tilgjengelege for kundane og industrien der dei er - utan at ein treng å knyta til seg eit byrå frå Oslo, understrekar Sundt.
Les meir om våre tenester her.
Namnet Ilder har dei teke frå eitt av Noregs einaste rovdyr.
- Ilderen er ein smidig liten type. Lett og barsk på same tid, og kan til og med gjerast stoverein. Kvar ilder hos oss har minst ein av desse eigenskapane. Me er ein fin miks av folk, og det er eit kreativt og godt arbeidsmiljø med stor friheit.



Ilder er til saman 40 tilsette og har kontor på Stord, Bergen, Fauske og Stokmarknes.
Ilder er til saman 40 tilsette og har kontor på Stord, Bergen, Fauske og Stokmarknes.
OFTE VEIT IKKJE KUNDANE kva løysing dei treng, før dei kontaktar Ilder. Det er vanskeleg å vita kva som er mogleg å få til når det gjeld teknologi og innovasjon – difor oppmodar Sundt kundar som er interessert til å ta kontakt.
- Fortel oss gjerne om di utfordring eller problemstilling, så finn me ei løysing. Kundane som kjem til oss treng hjelp med alt frå sikkerheitstiltak til utvikling av avanserte appar og komplette programvaresystem.
Koding er difor berre ein av mange ting Ilderane gjer i løpet av ein arbeidsdag.

- Me driv med mykje meir enn det! Totalen er appellerande, utfordrande og interessant. Når du jobbar i Ilder går kundekontakt og problemløysing hand i hand. Du får vera kreativ og finna gode løysingar, samstundes som du hjelper kunden til å få ein betre kvardag.
Om sjølve programmeringa trekk Sundt parallellar til det å vera forfattar.
- Det å skrive orda er det minste problemet. Det er innhaldet som er krevjande og utgjer den store forskjellen. Slik er det med kodinga også. Det er ikkje eit problem å skriva inn kodane, men å finne ut kva ein skal skrive for at løysinga blir bra.

Det er skikkeleg gøy å jobba her. Me er eit ungt og framoverlena teknologimiljø, og er stadig på utkikk etter fleire dyktige ilderar.

ILDER HAR INTRODUSERT nytenking og innovasjon til Mobil Energi-prosjektet.
- Ilder består av ein framoverlena gjeng som tek utfordringar på strak arm. Dei er svært kompetente, og bryr seg verkeleg om å finna gode løysingar på våre problemstillingar, skryt Bohne-Kjersem.
Han opplever at Ilder har stor eigeninteresse i løysingane som vert levert.

Eyvind Bohne-Kjersem
- Me ser at dei legg ned svært mykje stoltheit i jobben, og er genuint opptekne av at løysingane skal fungera optimalt både for oss og kundane våre. Det set me pris på.
Det var ingen tilfeldigheit at nettopp Ilder fekk Mobil Energi-prosjektet. Bohne-Kjersem fortel at dei har samarbeidd med Ilder tidlegare, mellom anna på Plug Insight.
- I Plug-prosjektet leverte Ilder ei løysing for oss som gjer det mogleg å overvaka anløp med landstraum både i sanntid og med historiske data, ha oversikt over driftsstatus og sjå anlegg og fartøy i sanntidskart. Den gode erfaringa frå dette var bakgrunnen til at me valte Ilder for overvakingssystem av batteribankane, utdjupar han.

Eyvind Bohne-Kjersem
Eyvind Bohne-Kjersem
EFFEKTKALKULATOREN VAR DET første systemet Ilder utvikla for Mobil Energi-prosjektet. Kalkulatoren let kundane forstå og formidla sine energibehov på byggeplassen.
- Tilgang på nok straum og nødvendig ladeinfrastruktur er ein del av dei største barrierane for overgangen til utsleppsfrie byggeplassar. Maskinparkane skal bli elektriske, og då får ein eit auka energi- og effektbehov som er midlertidig. Dette behovet er som regel vesentleg høgare enn det bygget har behov for i driftsfasen, seier Bohne-Kjersem.
Ved å legga inn data over maskinar og utstyr, let Effektkalkulatoren kundane forstå og formidla sine energibehov, og effektbehovet blir planlagt over tid.
- Ved å laga planlegginsverktøy som Effektkalkulatoren og mobile batteribankar, kan ein unngå unødvendige utbyggingar av straumnettet, som både kan vera kostbart og ta lang tid.
DET ER AVGJERANDE med god design og brukarvenlegheit for å kunna samla omfattande data i gode og velfungerande system.
- Me tek alltid utgangspunkt i brukaren og har eigne interaksjonsdesignarar med i teamet for å sikra at løysingane treff kunden sine ønskje og behov. Interaksjon og brukarvenlegheit kjem i første rekke. Det er viktig at avanserte data blir framstilt på ein måte som er enkel å oppfatta og lesa.

I prosjektfasen blir difor funksjonalitet, intuitive løysingar og brukarbehov kontinuerleg testa og lagt til grunn for vidare arbeid.
- Me har eigne testgrupper som får prøver seg undervegs i prosjektet. Det er viktig at me har ei felles forståing og at irritasjonsmoment blir luka ut. Eit prosjekt skal vera sjølvforklarande og utruleg enkelt for både kunde og brukar – sjølv om det er avanserte data og store mengder informasjon, understrekar han.

Easter Eggs


FOR Å SIKRA AT kunden testar systema godt nok, legg Ilder inn «Easter Eggs» i løysingane dei leverer.
- «Easter Eggs» er ei overrasking innebygd i softwaren som berre viser seg ved gitte omstender. Me gir brukaren eit hint eller to, men for å finna ut av dei, må du vera god, smiler Sundt lurt.
- Desse skjulte skattane gir brukaropplevinga eit bonuselement, samstundes som det er eit svært nyttig verktøy for å oppmuntra til å prøva alle moglege funksjonar i ei programvare. Medan ein jaktar intenst etter egg kan ein snuble over feil eller andre problem som elles ville vore uoppdaga. Med andre ord gir det god og nyttig hjelp til oss utviklarar gjennom grundig brukartesting av systemet. Det er vinn-vinn for både oss og kundane våre.

Sundt skriv inn «Hello Kitty» i søkefeltet på programvaren, trykker enter – og vipps er heile layouten farga rosa og har fått Hello Kitty-musepeikar.
- Totalt useriøst, veldig gøy – og ikkje minst effektivt. I akkurat dette tilfellet fekk med beskjed på førehand om at Eviny blei skuffa om me ikkje leverte noko sprell, smiler han.
- Irriterande vanskeleg, eg klarar aldri å finna dei, kommenterer Bohne-Kjersem med eit smil. – Likevel er det veldig positivt at dei legg inn slike ting. Det viser dedikasjonen som Ilder har i alt arbeidet dei utfører.

Me hjelper deg med
- IOT
- Software
- Skyløysingar
- Microsoft Azure
Har du ein idé du ønskjer å lufta?
Kontakt oss for ein uforpliktande prat!
Tlf. 901 12 012
kontakt@ilder.no
Følg oss på
Facebook - LinkedIn

OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.
Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.
Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!
© Copyright Polaris Media Vest