Kjøp bustad med lokale rådgjevarar i ryggen

I snart 200 år har Sparebanken Vest vore der for folk og lokale bedrifter på Vestlandet.
Som kunde får du kundeutbyte, den beste mobilbanken i Noreg - og gode økonomiske råd frå din eigen personlege rådgjevar.
- Velkommen til oss!
Banksjef Arve Havnerås opnar døra til Sparebanken Vest sitt kontor på Leirvik.
- Vil du ha kaffi? Cappuccino? Kakao, kanskje?
Saman med Vivi Tranøy Loftheim, banksjef for Bømlo og Kvinnherad-kontora, har dei til saman 62 års erfaring med å gi sunnhordlendingane gode økonomiske råd.

Mange har sitt første økonomiske møte med banken når ein skal kjøpa bustad for første gong.
- Me jobbar aktivt for å vera ein god rådgjevar, ein samarbeidspartnar du kan snakka med. Då er det viktig at me snakkar same språk som kunden, og at den som skal ha lån forstår kva det blir snakka om, seier Arve.
Ofte opplever han at unge som vil ha bustadlån har høyrt ting frå foreldre, vener eller kjende - og understrekar at dette ikkje nødvendigvis er overførbart til kvar enkelt.
- Me vurderer alle individuelt. I banken får du ein personleg rådgjevar som kjenner deg. Du kan vera trygg på at du blir teken vare på og får gode råd når det skjer små og store ting i livet ditt. Me vil gjerne vera der for kundane våre gjennom alle livsfasar.
Vivi synest kundekontakten er noko av det mest spanande med å jobba i bank.
- Hos oss er alle kundar like viktige! Me ynskjer å ha låge skuldrer i møte med kunden - det er god stemning her med opne dører, og kaffikoppen er aldri langt unna.
Alle rådgjevarane har opne kalendrar slik at kunden enkelt kan avtala møte når det passar.




Kundeutbytte
60 prosent av Sparebanken Vest er eigd av kundane. Det betyr at du kan få kundeutbytte.
- Kor mykje du får utbetalt er basert på det årlege overskotet i banken og kor mykje kvar einskild kunde har hatt i innskot og lån, forklarar Vivi.
- Eit lån på fire millionar kroner hos oss gir ein familie åtte tusen kroner i kundeutbytte. Slik får kunden også ta del i verdiskapinga til banken, legg Arve til.
- Så håpar me jo at kundane våre bruker utbyttet på noko kjekt!
Kjøpe bustad?
1. Ta kontakt med banken tidleg
2. Tenk over kva som er reelt for deg
3. Spar opp eigenkapital slik at du har ein buffersone til uforutsette ting
4. BSU. Sjølv ein hundrelapp i månaden hjelper

Både Arve og Vivi har eit brennande engasjement for lokalmiljøet. Arve har vore ein viktig person i stordfotballen i ein mannsalder, og er stolt over at Sparebanken Vest gir noko attende til lokalmiljøet.
- Det betyr mykje for meg at me får moglegheita til å gjera ein skilnad for alle dei fine folka som bur i regionen vår. Me ynskjer oss gjerne endå fleire søknadar frå lag og organisasjonar, smiler han.
Dei siste ti åra har Sparebanken Vest til saman delt ut over 1,5 milliardar kroner til idrettslag, kultur, forsking, berekraftprosjekt og anna.
- Du har kanskje ein draum om hus eller bil. Når Sparebanken Vest gir deg lån, er me med på å realisera draumen. Me ynskjer også å skapa ein betre kvardag på Vestlandet, og det gjer me gjennom å levande organisasjonar. Me ynskjer å støtta trivnad og eldsjeler.
Mobilbanken
- Mobilbanken vår er heilt genial, seier Vivi begeistra.
- Du får full oversikt over forbruket ditt, og kan søkje om lån, få oversikt over fondssparing og seie opp abonnement du ikkje har bruk for - berre for å nemna noko.
90 prosent av banken har du i lomma, og rangeringa i App Store og Google Play viser at Sparebanken Vest har den beste bank-appen i Noreg.

- I appen kan du enkelt avtale møte med kunderådgjevaren din, legg ho til. - Bank skal vera enkelt, og som kunde skal du kunna fiksa det du treng raskt og saumlaust.
Med eiga IT-avdeling i Sparebanken Vest kan banken enkelt snu seg etter kundane sine behov og ønskje.
- All utvikling skjer hjå oss internt. Satsinga på utviklinga og innovasjon gjer at me kan laga gode og brukarvenlege digitale løysingar som gjer bankkvardagen enkel for kundane våre.

Kontakt oss
Arve Havnerås
Banksjef Stord
Tlf. 95 26 58 40
arve.havneras@spv.no
Vivi Tranøy Loftheim
Banksjef Bømlo og Kvinnherad
Tlf. 97 13 18 88
vivi.loftheim@spv.no
