Bli med og form morgondagens Sunnhordland!
Mange nyutdanna er ikkje klar over kva jobbmoglegheiter som finst i regionen vår. Samstundes veit me at mange bedrifter har utfordringar med rekruttering. Dei fleste veit at ein kan få jobb innan skule, helse og industri - men kva med alle dei andre bransjane som regionen vår består av? Kva moglegheiter finst det, eigentleg?
MED BILAGET DU no held i hendene, ynskjer me å visa fram Sunnhordland som ein attraktiv plass å bu og veksa opp for komande generasjonar. Her er gode tomter og nabolag å busetja seg i, god barnehagedekning og eit flott skulevesen. Utelivet er rikt og samansett - konsertar, bar til bar, kulturelle opplevingar eller berre gå ut og nyta eit nydeleg måltid. Moglegheitene er mange. Det er eit mangfaldig kultur- og idrettsliv å engasjera seg i, som er med på å forma morgondagens unge.
Kort sagt er moglegheitene mange for dei som ynskjer å flytta heim igjen, og i dette magasinet vil me visa fram at det finst jobbar for alle. Håpet vårt er at du skal bli freista til å flytta heim igjen - med all kunnskapen, verdien og kompetansen akkurat du har.
I ARBEIDET MED Å laga dette magasinet har eg reist rundt i heile Sunnhordland og vitja ein liten del av alle dei fantastiske bedriftene som finst i regionen vår.
Gled deg til å bli rørt av det gode samhaldet mellom Are, Mathias og resten av den flotte gjengen hos Podlen Verkstad. Du får lesa om bedrifter som har skapt verdiar for lokalsamfunnet i generasjon etter generasjon - og om gründerar som har hatt mot og vilje til å satsa. Verda ser hit, til Sunnhordland, når morgondagen skal formast innan maritim industri og det grøne skiftet.
MANGE AV DEI eg har snakka med fortel openhjartig om kvifor dei har flytta heim igjen. Fellesnemnaren er nærleik til familie og vener, spanande arbeidsplassar - og kulissane rundt det heile: Den fantastiske naturen vår.
Det er så lett å ta for gitt, men i Sunnhordland har du nærleik til hav, fjordar og flotte fjell. Du kan starta dagen på ein fjelltopp og avslutta med å padla kajakk inn i solnedgangen blant talrike øyar.
DIFOR VIL EG snakka direkte til deg som har ansvaret for rekruttering. Lat oss alle prøva å vera gode ambassadørar for regionen vår, og lat oss gjera vårt ytste for å trekkja folk heim igjen. Gi dei unge og nyutdanna sjansen til å visa kva dei kan, og rom for å veksa. Me ynskjer alle å visa ein attraktiv region med mange moglegheiter.
Saman byggjer me framtida. Velkomen heim.
Silje Huglen Tillung, innhaldsprodusent