Med hjarta for heimen og bygda

Har du tilhøyrigheit til Fitjar kan du bli medlem i kraftlaget og få fleire fordelar - mellom anna kjøpsutbyte.

Krystallklårt vatn frå Fitjarfjellet renn i krappe stryk nedover elvane før det går gjennom vasskraftverka i Årskog og på Rimbareid. Naturleg, fornybar energi omgjort til rein kraft.

- Hos oss betalar du kun straumen du bruker - etter at du har brukt den. Er du i tillegg medlem i Fitjar Kraftlag, får du kjøpsutbyte basert på din handel med kraftlaget, seier Therese W. Nysæther, dagleg leiar for Fitjar Kraftlag.

Tenk over kva du brukar straum til. Halda jamn temperatur inne. Laga maten som samlar familien rundt middagsbordet. Lyset over senga til borna ved leggetid. Lading av iPad og mobil. Den viktige kampen på TV. Tørke fotballsko etter trening, vaske klede.

Alt dette er augneblink i kvardagen som krev straum. Elektrisitet. Kraft.

Og det er her Fitjar Kraftlag kjem inn - med eit ynskje om å vera til stade i alle desse små augneblinka som utgjer livet ditt.

Nysæther påpeikar at det er fleire fordelar med å velja ein lokal straumleverandør.

- Me ynskjer å vera personlege og synlege i lokalsamfunnet. Den gode servicen, nærleiken til deg som kunde... det er ein av oss åtte i bedrifta du treff når du tek kontakt.

I oktober delte Kraftlaget ut ein million kroner til lag og organisasjonar på Fitjar.

- På den måten er me med og gir noko tilbake til bygda. Me har ein visjon om å vera eit kraftlag som betyr noko og er med og utgjer ein forskjell i innbyggarane våre sine liv, på ein positiv måte. Eg håpar me kan fortsetja å vera ein viktig støttespelar også i framtida, seier Nysæther.

Ho understrekar at dei har eit brennande ynskje om at Fitjar skal vera ein levande stad, der Fitjar Kraftlag kan bidra til vekst.

Fitjar Kraftlag delte ut ein million kroner til lag og organisasjonar i oktober.

No i desember blei det delt utbetalt kjøpsutbyte på 5 millionar kroner, til saman har ca 1100 medlem fått ei gjennomsnittsutbetaling på ca 4.700 kroner.

Kjøpsutbytet blir rekna utifrå all handel ein har med Fitjar Kraftlag. Det gjeld breiband/Altibox, elbilladar og straumen du bruker i heimen eller på hytta. Les meir om kundefordelane her.

- Saman med medlemane våre ynskjer me å styrka selskapet og bidra til utvikling i bygda. Som medlem eig du difor ein liten bit av kraftlaget og kan vera med på å påverka retning og avgjerder, forklarar ho.

Fitjar Kraftlag delte ut ein million kroner til lag og organisasjonar i oktober.

Fitjar Kraftlag delte ut ein million kroner til lag og organisasjonar i oktober.

Arnbjørn Mæhle (f.v.), Trond Ivar Olsen, Malin Helena Isaksen, Kari Havnerås, Therese Nysæther, May-Lin Olsen, Håvard Fitjar og Kristoffer Urdal.

Arnbjørn Mæhle (f.v.), Trond Ivar Olsen, Malin Helena Isaksen, Kari Havnerås, Therese Nysæther, May-Lin Olsen, Håvard Fitjar og Kristoffer Urdal.

Arnbjørn Mæhle (f.v.), Trond Ivar Olsen, Malin Helena Isaksen, Kari Havnerås, Therese Nysæther, May-Lin Olsen, Håvard Fitjar og Kristoffer Urdal.

Arnbjørn Mæhle (f.v.), Trond Ivar Olsen, Malin Helena Isaksen, Kari Havnerås, Therese Nysæther, May-Lin Olsen, Håvard Fitjar og Kristoffer Urdal.

KARI HAVNERÅS er lærling innan kontor- og administrasjonsfaget.

- Det er utruleg kjekt å vera lærling i denne bedrifta. Eg har eigne arbeidsoppgåver og kjem ikkje "på toppen" av dei andre. Det å kunna føla seg nyttig når ein kjem på jobb er viktig for meg. Difor stortrivst eg her, smiler ho.

Kari Havnerås og Håvard Fitjar er lærlingar i Fitjar Kraftlag.

Kari er ein av to lærlingar i bedrifta. Den andre er Håvard Fitjar, som er lærling innan telekommunikasjonsmontørfaget.

- Me set stor pris på lærlingane våre og det dei tilfører bedrifta. Dei kjem med eit nytt syn på ting og set gjerne spørjeteikn ved etablerte rutinar. Det trur me er viktig for å kunna utvikla oss, seier Nysæther.

Kari Havnerås og Håvard Fitjar er lærlingar i Fitjar Kraftlag.

Kari Havnerås og Håvard Fitjar er lærlingar i Fitjar Kraftlag.

Lat oss spola tilbake til 1935, då elektrisitet enno ikkje var ålmenneige. Fitjar låg i mørket og på fjellet rann det klåre, ville vatnet i elvane.

Same år vart Fitjar Kraftlag skipa, og vasskraftverk kom til - nettopp med mål om å få lys til bygda.

87 år etter produserer Kraftlaget framleis straum, og elektrisitet er blitt ei sjølvfølgje.

- Me leverer straum til kundar over heile landet, og er stolte over å ha levert kraft i meir enn åtte tiår. Utviklinga har vore enorm, og me er glade for å ha bidrege til denne. No gler me oss til å fortsetja å forma framtida saman med kundane våre, smiler Nysæther.

Foto: John Arvid Skumsnes

Foto: John Arvid Skumsnes

Les meir om kva lokale tenester me kan tilby deg på
www.fitjar-kraftlag.no

Kontakt oss
Tlf. 53 45 76 00
post@fitjar-kraftlag.no

Opningstider:
Måndag - fredag: 08 - 15