Bømlo Næringsråd
DÅ EG HADDE FULLFØRT bachelorgraden min i 2017, vurderte eg å flytta tilbake til Bømlo. Eg hadde budd vekke i 6 år, og tenkte det kanskje var på tide å flytta heim igjen. For å få oversikt over moglege arbeidsstader i regionen, tok eg turen på Sunnhordlandstreffet. Der kom eg i dialog med fleire bedrifter frå Bømlo og Stord. Dessverre kunne alle eg prata med fortelja meg det same. Med ein bachelorgrad i marknadsføring og leiing, var det ikkje noko relevant arbeid å få hos dei.
Eg innsåg at det kanskje var lurt å ta meir utdanning, og flytta difor til Oslo i staden for Bømlo. Der begynte eg på ein mastegrad i organisasjonspsykologi og leiing. Undervegs på studiane var eg hyppig i kontakt med ivrige bedrifter i og rundt hovudstaden, og visste at eg kom til å kunne få meg jobb i ein av desse når eg var ferdig. Likevel vurderte eg igjen å flytte til Bømlo.
Med ein mastergrad i bagasjen tok eg opp igjen kontakten med nokre av bedriftene eg hadde møtt på Sunnhordlandstreffet. Dessverre hadde dei ikkje noko stilling som passa for ein nyutdanna. Eg gav dei papira mine og ba dei ta kontakt om noko skulle dukka opp, før eg takka ja til ein god jobb i eit IT-selskap i Oslo. Eg kjøpte meg leilegheit i Oslo, og planla å slå meg til ro der.
Mari Pedersen Totland
DET ER MANGE som gjer som meg, og flyttar til byen for å ta utdanning. I byane er næringslivet tett på studentane, og skapar relasjonar heilt i frå studiestart. Ordningar som internships og trainee-stillingar er veletablerte. Det er enkelt å forstå at ein student som får tilbod om relevant sommarjobb, eit internship gjennom studiet og/eller ein trainee-stilling etter fullført utdanning vel å bli i byen. Og undersøkingar viser, at der ein er to år etter studiet, der blir ein, noko som fører til ein kompetanselekkasje frå distrikta og til byane. At eg flytta heim frå Oslo til Bømlo, er faktisk å gå mot flyttestraumen.
No set Sunnhordland inn støtet på å motverke kompetanselekkasjen frå vårt område. Som nytilsett prosjektleiar i Bømlo Næringsråd håpar eg å bidra til at me får på plass fleire arena der næringsliv og utflytta sunnhordlendingar kan treffast - både i regionen og på Bømlo. Eg vil jobba for at fleire bedrifter forstår verdien av å satsa på studentar og nyutdanna gjennom ordningar som internships og trainee-stillingar, og legge til rette for at dei som flyttar hit finn gode møteplassar for å bli kjende med kvarandre.
På denne måten legg me til rette for at næringslivet på Bømlo og i regionen får tilgang på kompetansen dei treng for å fortsetja å vera framtidsretta og berekraftige i åra som kjem.
Stord Næringsråd
Av: Anne-Grete Sandtorv
Det er viktig for næringslivet å få synleggjort dei spanande arbeidsplassane på Stord og i sunnhordlandsregionen, og då spesielt inn mot dei unge som skal gjere viktige val for kva dei ynskjer å arbeide med i framtida.
MANGE AV BEDRIFTENE har eigne program og kontakt mot skulane i regionen for å fortelja om deira bedrift. I tillegg har Ytre Sunnhordland Opplæringskontor (YSO) dei siste to åra hatt ein målretta Yrkesfagdag med alle 10. klassingane i kommunen, der unge lærlingar har fortalt om dei ulike faga - det er viktig at elevar møte unge som dei lett kan identifisera seg med.
UNDER UTDANNINGSMESSA PÅ Vikahaugane har Stord Næringsråd kvart år eit miniseminar retta mot rådgjevarar, NAV, skuleeigarar og bedrifter for å ha dialog rundt konkrete prosjekt innan kompetanseutvikling, kva bedrifter ser etter hos ein tilett og liknande.
NETTVERK U37 ER ei ressursgruppe i Stord Næringsråd som er retta mot dei tilsette i bedriftene som er i aldersgruppa under 38 år. Nettverk U37 har sine eigne arrangement, samstundes som dei har ei rolle på Stord Næringsråd sin årsfest og på Stordkonferansen. Eg tenkjer at mangfald i kjønn, alder og kulturell bakgrunn er noko me heile tida må jobba bevisst med i næringslivet, for å skapa ein mest mogleg attraktiv arbeidsregion.
Anne-Grete Sandtorv
TILGANG PÅ NOK og rett kompetanse vil vera eit fokusområde for bedrifter og det offentlege framover. Det er mange som går av med pensjon, og det er færre unge som kjem til. Dette i seg sjølv tilseier at me vil mangle arbeidskraft i Sunnhordland Kompetansforum. I regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland jobbar no målretta med konkrete prosjekt kor å trekka arbeidskraft til regionen og å arbeida betre saman i regionen. Saman med Atheno har difor Samarbeidsrådet for Sunnhordland no tilført meir ressursar til dette arbeidet.
HER VIL DET skje mykje spanande framover. Å tenka regionalt vil vera vår styrke, og som regionsenter for Sunnhordland har Stord ei viktig rolle her.