Satsar på dei tilsette

Alexander Zaneski, Martin Restad og Astrid Johansen har alle spanande stillingar i Baker Hughes.

Fellesnemanren er ein arbeidsgivar som satsar på sine tilsette

Alexander Zaneski (29) er leiar for tre ulike avdelingar i Baker Hughes. Han har alltid hatt eit bevisst forhold til jobben og kor han vil. At bedrifta har satsa på han og kompetansen han sit med, har vore ein avgjerande faktor.

- Eg beit meg merke i det allereie då eg starta som lærling. Dei som var eit par år eldre enn meg fekk mange moglegheiter når dei viste initiativ og stå-på-vilje. Det var då eg såg at det var mogleg å jobba seg oppover.

Alexander har ikkje fylt 30 eingong, men har likevel ti års erfaring i selskapet. I dag er han leiar for tre ulike avdelingar internt i Baker Hughes, og deler vekene sine mellom Stord, Bergen, Stavanger og Ålesund.

- Eg likar at det skjer ting rundt meg, og i Baker Hughes får eg verkeleg utfordra meg. Det er utruleg kjekt å få slike moglegheiter, smiler han.

DEI GODE FØREBILETA gjorde at Zaneski begynte å følgja deira eksempel. Han jobba mykje overtid og la ned ein solid innsats for å bli god i jobben.

- I tillegg har eg alltid gitt tydeleg uttrykk til leiinga om kva eg ynskjer. Eg trur eg var inne hos sjefen tre gonger for å spørja om å reisa offshore. Når det då opnar seg ein moglegheiter, var det meg dei tenkte på først.

Han råder difor andre til å vera tydeleg med ambisjonar og kva ynskje ein har.

- Då eg begynte i lære visste eg knapt kva automasjon var. Eg er ikkje den typiske skuleguten, men treivst godt då eg kom inn i bedrifta. I dag har eg valt å gå ein meir kommersiell retning, og i eit så stort selskap har ein som regel ei rolla som kan passa, same kva ein ynskjer.

I DAG ER TITTELEN HANS Service Manager, og han fungerer som avdelingsleiar for EMSIC, Offshore Manifold Connection Systems & Subsea Completion og Dokumentkontroll.

- EMSIC er veldig spanande, og er eit knutepunkt for ulike siter i bedrifta. Me jobbar hovudsakleg med rammeavtalar over heile verda. 80 prosent av tida mi går derimot til MCS og Completion. Det er ei avdeling som utfordrar meg mykje. Me utfører utfordrande subseaoperasjonar for kundane våre på norsk sokkel, og har tøffe omsetningsmål som me jobbar beinhardt for å nå.

Parallelt med jobben tek Alexander ein bachelor i leiing.

- Eg tek studiet på deltid og bacheloren blir difor over seks år. Det passar meg veldig godt. Sjølv om det er travelt, er det veldig utviklande. Det at eg har jobba ved sidan av gir meg også moglegheit til å henta inn relevante cases frå arbeidet mitt inn i studiane.

DET TYDELEGASTE BEVISET på at Baker Hughes er ein god arbeidsstad, er nok at Alexander sin sambuar nyleg vart tilsett som kvalitetskontrollør.

- Ho har sett korleis arbeidsdagane mine er og kva moglegheiter som finst for dei som ynskjer det. Ho hadde nok ikkje søkt seg hit om eg hadde klaga over jobben heime kvar dag, smiler han.

Astrid Johansen har jobba i olje- og energibransjen i nesten 20 år.

- Det kjekkaste med å jobba her, er at det alltid skjer noko. Bransjen har vore prega av innovasjon og stor utvikling dei siste tjue åra, og ting er stadig i endring. Me får mindre ressursar, noko som krev ei omstilling og eit anna mindset frå det globale samfunnet og industrien rundt. Det er veldig spanande å vera ein del av, fortel ho.

Det var i 2003 at Astrid fann vegen inn i ein spanande offshorebransje, og i sommar hadde ho sin første arbeidsdag på Eldøyane.

Astrid Johansen er Planner i Baker Hughes.

Tidlegare har ho jobba for fleire store selskap både nasjonalt og internasjonalt.

- Eg har budd på Stord sidan 2012, men har alltid vore offshore eller pendla.

I 2021 tok ho like godt familien med og flytta til Gran Canaria.

- Me har ein seglbåt som ligg der nede. På grunn av offshorearbeidet til mannen min blei kvardagen eten opp av karantene og me følte oss isolerte. Då bestemte me oss for å flytta ned i ein periode. Ting fungerte godt over Teams, og heimekontor var allereie ein innarbeidd vane, smiler den eventyrlystne kvinna.

Astrid Johansen er Planner i Baker Hughes.

Astrid Johansen er Planner i Baker Hughes.

VEL HEIME I NOREG venta ein ny kvardag som Planner i Baker Hughes.

- Grunnen til at eg bytta jobb var at eg ville prøva noko nytt. I dag jobbar eg tett med ressursplanlegging og planlegging av operasjonar. Her i Baker har me ein heilt anna tidshorisont på prosjekta enn det eg er vane med frå tidlegare. Det gjer også rammene rundt tryggare - i mange av selskapa i bransjen jobbar ein gjerne frå prosjekt til prosjekt. Her er det ei solid ordrebok ut 2023 og framtida vidare ser lys ut.

ASTRID HAR OGSÅ bite seg merke i karrieremoglegheitene som finst i selskapet.

- Du har store moglegheiter om du vil jobba. Det er mogleg å gjera karriere, og ein blir oppmoda til å etterutdanna seg og utvikla sine eigne ferdigheiter. Det er veldig positivt, seier ho og utdjupar:

- Me jobbar jo i ein bransje som endrar seg raskt, og difor er det flott at ein kan få slike moglegheiter. I andre selskap er det fort å "stivna" i ei stilling, men her hos Baker Hughes finst det stadig stillingar å strekkja seg etter. Det er flott, og eg føler at ein ser dei tilsette.

FOR MARTIN RESTAD var det som å koma heim igjen då han begynte som Product Manager WCU i sommar.

36-åringen frå Tysnes har nemleg lang erfaring frå tidlegare Advantec, før nye utfordringar førte han til Stavanger for fire år sidan.

Då det opna seg ei stilling hos Baker Hughes på Stord, var han ikkje sein om å gripa sjansen.

- Det låg alltid i korta at me skulle heim igjen til regionen vår. Etter nyttår tek eg difor med meg sambuaren min og den sju veker gamle dottera vår og flyttar heim til Tysnes. Med ein arbeidskvardag nede på Eldøyane der eg jobba før i tida, blir det som å koma heim igjen - i dobbelt forstand.

Martin Restad og Astrid Johansen

Martin Restad og Astrid Johansen

36-ÅRINGEN ER utdanna automasjonsingeniør og har jobba med WOCS (Workover Control Systems) heile karrieren.

- Det som er så kjekt er at produktet er i stadig endring, noko som innbyr til mykje utvikling. Kvart system blir tilpassa kunden sine behov. Baker Hughes på Stord er eit såkalla Center of Excellence når det gjeld IWOCS, og sit med kjernekompetansen på dette i konsernet.

På Eldøyane finst alle disiplinar, frå engineering og produksjon til service og sal.

- Det gjer at me får jobba tett med heile produktet, og får eit nært forhold til produkta me leverer.

GODE KOLLEGAER VAR noko av grunnen til at Martin ynskja å returnera til Baker Hughes.

Han fortel at han har hatt tett kontakt med mange av dei tidlegare kollegaene i åra han var vekke.

- Det er ein god gjeng her og me har eit godt miljø på jobb. Forhåpentlegvis får me inn mange nye folk også, sidan det er mykje spanande på gang.

Han røper at ein gong i veka samlast Stord-avdelinga til felles gamingkveld. Då er det CS:Go som står på agendaen.

- Onsdag er øyremerka gaming saman! Då stiller kollegaer frå alle disiplinar opp, både gutar og jenter. Det er skikkeleg gøy, og ein får gjerne ut litt frustrasjon, seier han med glimt i auga.