Anja og Martin kapra draumejobbane innan helse

- Eit fint og sterkt arbeid

Då Anja Helland Kolltveit (29) venta sitt andre born, bestemte ho og sambuaren seg for å flytta heim igjen til Stord for godt. Det har ho ikkje angra på.

- Me kom til eit punkt der me innsåg viktigheita av å ha familien rundt oss, seier Anja.

Ho har dei seinaste åra vore busett i Stavanger, kor ho har jobba som sjukepleiar. Men det skulle ikkje ta lang tid før ho også fekk seg jobb på Stord.

- Eg var heldig og kapra draumejobben då eg flytta heim: Ei 100% stilling som sjukepleiar i heimebaserte tenester, fortel ho.

Anja Helland Kolltveit er sjukepleiar i heimebaserte tenester.

Anja Helland Kolltveit er sjukepleiar i heimebaserte tenester.

Anja Helland Kolltveit er sjukepleiar i heimebaserte tenester.

Eit givande arbeid

Som sjukepleiar i heimetenesten er arbeidskvardagen til Anja nokså vairert.

- Ein må vera fagleg oppdatert til ei kvar tid, då ein aldri veit kva ein møter. Kvardagen varierer både i form av menneske ein møter, diagnosar og sjukdommar som ein må kjenne til og ha kunnskap om.

Sjølv synest Anja det beste med å vera sjukepleiar er nettopp møtet med alle menneska i løpet av ein dag.

- Det kan vera alt i frå dyktige kollegaer som oppmodar og støttar kvarandre til ergoterapeuten som får på plass hjelpemiddel i heimen til ein pasient, slik at pasienten får kjenna på meistring igjen. Eller det kan vera å oppleve at ei trening med fysioterapeuten gjorde til at ein pasient meistra å kle på seg sjølv igjen, noko som kanskje var dens største og viktigaste mål denne vinteren, seier Anja og legg til:

- Det er så mange pasientar eg får moglegheiten til å hjelpa og knyta band med. Det er eit fint og sterkt arbeid.

Over nyåret skal Anja også ta fatt på ny stilling som koordinator i heimetenesten.

- Det ser eg verkeleg fram til!

person wearing gold wedding band

ANJA OG SAMBUAREN HAR IKKJE berre flytta heim til Stord, dei har også flytta heim i nabolaget der Anja vaks opp.

- Eg hadde aldri trudd for nokre år sidan at me skulle enda opp her, men så er det veldig fint borna mine kan få leika på den same leikeplassen som eg gjorde då eg var lita. Det bringer fram mange gode minne, og eg håpar at dei får det like godt her som det eg hadde med turar i Hystadmarkjo, handling av laurdagssnop på Spar og fotball på grasbana, seier ho.

Saman har ho og sambuaren kjøpt seg hus, og har lagt ned mykje tid i renovering.

- Me kjøpte oss ein eldre einebustad, så det har blitt nokre timar med gips, sparkel og måling. Men me håpar og trur at det blir bra til slutt, fortel ho.

Som heilt nyetablerte på Stord har Anja og familien mykje dei ser fram til.

- Me ser fram til å bli ferdige med oppussinga. Det skal bli godt. Elles byrjar sonen min på skulen til neste år, og jenta mi skal byrja på dans. Me har mykje å gleda oss til, smiler ho.

Men dei viktigaste gledene av alle, finn ho i kvardagen og det som skjer her og no.

- Me kosar oss med turar i skogen, bading i Kulturhuset, donut og kakao på Verftet. No i desember har det blitt mykje baking, både peparkakehus og julekjeks. Det har også blitt nokre aketurar til Golfbanen og snømannlaging i hagen, seier Anja og held fram:

- Det viktigaste av alt er å ha familien nær, ein god jobb å gå til og at borna trivst og har det bra!

Martin (32) skulle aldri tilbake til Stord:

- Då eg bikka 30 var det noko som endra seg

I 20-åra var Martin sikker på at han ikkje skulle flytta heim igjen. No jobbar han fast på Stord og er i full gong med å restaurere bestemor sitt hus frå 60-talet.

- Det slo meg ganske plutseleg, at no var det på tide å koma heim, ler Martin Tjessem Dahl.

Han vaks opp i Lauvdalen og har budd heile sitt borne- og ungdomsliv på Stord. Etter vidaregåande var lysta på å koma seg ut og oppleve verda stor.

- Sidan den gong har eg gjort mykje forskjellig, som å gå på folkehøgskule, studert eitt år i Sogndal, reist fleire månadar rundt i verda, studert i Trondheim - og dei seinaste åra har eg jobba på austlandet, fortel han.

Martin Tjessem Dahl

Sjølv om han ikkje visste om han skulle flytte tilbake, har saknet etter heimstaden vore til stades i periodar.

- Eg hugsar godt at eg var i Thailand og var skikkeleg dårleg og matlei. Der kom eg over ein dansk restaurant som selde litt grovare brød, og så hadde dei kjøktkaker! Det hugsar eg var heilt fantastisk, då kjende eg at eg var litt heime.

Martin Tjessem Dahl

Martin Tjessem Dahl

I mars 2022 bestemte Martin seg for å ta med seg sambuaren til Stord og flytta heim for godt.

- Ho er opphaveleg frå Lavik i Sunnfjord og hadde ikkje anna krav enn at ho ville tilbake til Vestlandet. Sånn sett passa det bra for oss begge at det vart Stord til slutt, smiler han.

Med utdanning i vernepleie frå NTNU søkte han seg jobb i Stord kommune, og det skulle ikkje ta lang tid før han fekk tilbod om jobb som avdelingsleiar for habilitering .

- Det gjekk veldig fort å få seg jobb! Eg har inntrykk av at det ikkje er vanskeleg når ein er mann innan helsevesenet, seier han.

- Kva går jobben ut på?

- Arbeidet med habilitering går ut på å sørge for at dei med nedsett funksjonsevne, grunna sjukdom eller skade, har mest mogleg sjølvstende og livskvalitet.

Skal ein tru Martin, har han trivst godt i arbeidet så langt.

- Eg er veldig nøgd med jobben! Det kjekkare er når me får i gong gode refleksjonar og samtalar. Eg har veldig dyktige og kjekke kollegaer, og trivst godt både på miljøvakter og med det administrative ansvaret som følgjer med stillinga mi.

Martin og sambuaren flytta heim til Stord. Foto: Haldis Lauksund

Martin og sambuaren flytta heim til Stord. Foto: Haldis Lauksund

Utanom jobb er Martin og sambuaren også travle med å restaurera sin framtidige heim, nemleg huset til bestemor hans.

- Dette er litt av årsaka til at me flytta heim. Bestemor gjekk bort for to år sidan, og huset trong å bli bebudd.

Han synest det er stas å kunna overta eit hus som har ei historie i familien.

- Det har vore viktig for oss og slekta elles at huset blir verande i familien på eitt eller anna vis, så det kjennest bra å få moglegheita til å bringa det vidare, seier Martin - som håpar å flytta inn i det nye huset i løpet av sommaren.

JOBBE I KOMMUNEN?
Her er våre ledige stillingar!

Ekstravakter/helgevakter i pleie, omsorg, skule og barnehage.
Stord kommune har ofte behov for fleire personar til helgevakter og ekstravakter både til institusjon, bufellesskap, hjelp i heimen, barnehage og skular.

Kontaktinfo

Tlf. 53 49 66 00
post@stord.kommune.no
www.stord.kommune.no