Perfekt SUV for heile familien

Suzuki ACROSS 4x4 Plug-in-Hybrid har fått anmeldarane til å trilla terningkast 6.

- Denne bilen er blitt ein stor favoritt blant kundane våre, og det er ikkje få ACROSS-ar som køyrer rundt i trafikken lokalt, smiler Kjetil Skulstad hos Heiane Bil.

Forventningane var store då Suzuki lanserte sitt nye flaggskip, ACROSS 4x4 Plug-in-Hybrid - og bilen har på ingen måte skuffa.

- ACROSS er ein suveren SUV som har plass til heile familien. Den elektriske rekkevidda ligg på 75-98 kilometer og med eit bagasjerom på 500 liter skal du få plass til det meste av utstyr, seier Skulstad.

- I tillegg har bilen firehjulsdrift, automatgir og fantastiske køyreeigenskapar. Den har rett og slett alt du kan ynskja deg i ein bil, fortset han begeistra.

Suzuki ACROSS 4x4 Plug-in-Hybrid har bagasjerom på heile 500 liter.

Suzuki ACROSS 4x4 Plug-in-Hybrid har bagasjerom på heile 500 liter.

Suzuki ACROSS 4x4 Plug-in-Hybrid har bagasjerom på heile 500 liter.

Lang rekkevidde

Med hybrid får du langt lågare kostnadar for drivstoff. Den elektriske rekkevidda gjer nemleg at du får unna det meste av kvardagskøyringa elektrisk, samtidig som du kan nytta bilen på lengre køyreturar.

- Med ein plug-in-hybrid som ACROSS kjem du deg dit du vil. Og med 4x4 som standard er dette midt i blinken for deg som ynskjer ein solid bil å køyra til hytta med. Sjølv har eg køyrd både til Vågsli og Hovden utan å måtta tenka på lading, fortel Skulstad.

ACROSS er større og har betre rekkevidde enn mange av konkurrentane i sin klasse, og er Suzuki sin første ladbare hybrid.

- Bilen har eit gunstig forbruk og er ein god og driftssikker bil.

Perfekt til familien

- ACROSS er den perfekte bilen for heile familien. Her får du enkelt plass til fem personar med bagasje, og med Suzuki sitt avanserte firehjulsdriftsystem er bilen skapt for aktive familiar og norske forhold.

Her er det god plass til heile familien og alt ein treng å ha med seg. God kvalitet, firehjulstrekk og økonomisk og driftssikker køyring gjer at ACROSS er blitt svært godt motteken i marknaden.

- Kundane våre er veldig nøgde, og det er berre positive tilbakemeldingar! Bilen held det han lovar med tanke på rekkevidde, og innfrir i aller høgste grad på køyrekomfort. Me snakkar ein bil som er knallgod å køyra samstundes som du får fridom til både økonomisk kvardagskøyring og lange turar.

Avansert 4x4

Den robuste SUV-en har fått Suzuki sitt avanserte E-Four Electronic 4x4-system. Dette systemet gir deg som sjåfør god handtering og kontroll på glatte underlag.

- Suzuki har faktisk berre bilar med firehjulstrekk på den norske marknaden. Det avanserte systemet deira gir suveren stabilitet på vegen, anten det er på sleip og våt vegbane eller på snødekte vegar.

Med E-Four-systemet kan du velja mellom fire ulike modus: Normal, Eco, Sport og Trail. Ved å byta modus vil bilen tilpassa seg forhold og ynskja køyrestil.

Trykker du på Trail-knappen er det el-motoren bak som går - og bremsene held igjen hjula med dårleg grep, for å overføra krefter til hjula som har best grep.

- Smarte funksjonar som dette gjer at bilen fungerer perfekt i ulendt terreng - og er din aller beste ven om du skal på hytta, uansett årstid.

Ladbar hybrid

I kjernen av det avanserte Plug-in-Hybrid-systemet er det to kraftige, elektroniske motorar som gir eit kraftig dreiemoment i låg hastigheit, kombinert med ein sterk 2,5 liters motor for rask akselerasjon for høgare hastigheiter.

- Kombinasjonen av ein 2,5 liters bensinmotor og to elektriske motorar på høvesvis 134 kW og 40 kW gir ACROSS ein motoreffekt på heile 305 HK.

Bilen akselererer frå 0-100 på berre seks sekund.

- Det er utan tvil den sprekaste Suzukien nokosinne, sett vekk frå motorsyklar og båtar, smiler Skulstad fornøgd.

Systemet gir også ACROSS ei eineståande økonomisk køyring og behageleg akselerasjon.

CO2-utsleppet vert på 22 g/km2.

Batteriet (18,1 kWt) er plassert i golvet, mellom hjula - ei perfekt plassering med tanke på balanse, køyreeigenskap og sikkerheit.

Moderne infotainment på 9 tommar.

Kort leveringstid

- Mange elbilar har svært lang leveringstid. Då er det gledeleg å kunna fortelja at dersom du ynskjer ACROSS så er det kort leveringstid på denne. Det betyr at du kan få deg ein splitter ny hybrid før jul. Det er ingenting å lura på dersom du er på jakt etter ein overlegen familie-SUV som gir deg friheit i kvardagen. Då er det berre å stikka innom for ein prøvetur, oppmodar Skulstad.

Moderne infotainment på 9 tommar.

Moderne infotainment på 9 tommar.

Suzuki ACROSS 4x4 Plug-in-Hybrid

  • Plug-in-Hybrid
  • 500 liter bagasjerom
  • Bensindriven
  • Svært godt utstyrt
  • Automatgir
  • 305 HK
  • 0-100 på 6 sekund
  • Infotainment på 9 tommar
  • Apple CarPlay og Android Auto
  • Adaptiv Cruise Control (ACC)
  • Filvarslar
  • Fire køyremodus: Normal, Eco, Sport og Trail
  • Éin utstyrsvariant
  • Seks ulike fargar

First Edition utstyrsnivå inkluderer

  • Svarte skinnseter
  • Svarte takrails
  • 19'' aluminiumsfelgar
  • Elektrisk bakdør med fotsensor
  • Mørke ruter
  • 8 vegs elektrisk førarsete
  • Oppvarma ratt og baksete
  • Elektrisk parkeringsbrems

VÅRE MODELLAR

(Klikk på bileta for lenke)

ACROSS 4x4 Plugin Hybrid

ACROSS 4x4 Plugin Hybrid

S-CROSS 4x4 Hybrid

S-CROSS 4x4 Hybrid

Vitara 4x4 Full Hybrid

Vitara 4x4 Full Hybrid

Swift 4x4 Hybrid

Swift 4x4 Hybrid

Ignis Offroad 4x4 Hybrid

Ignis Offroad 4x4 Hybrid

Kontakt oss eller stikk innom for prøvekøyring!

Kjetil Skulstad
Tlf 917 64 311
ks@heianebil.no