Fann draumebustaden i sentrum


Då Ola Odland (35) og Hanna Huglen Vinsnesbakk (26) skulle kjøpa bustad, fall valet på leilegheit i Leirvik sentrum.

- I byrjinga var Hanna inne på tanken om å kjøpa ein eldre einebustad som me kunne pussa opp, slik mange på vår alder gjer. Då ville me hatt arbeid i fleire år framover, og det ville blitt kostbart, fortel Ola Odland.

Etter kvart fekk han sambuaren på gli om å sjå etter leilegheit. Paret var på fleire visningar før tilfeldigheitene førte dei til Holevegen.

- Me gav til og med bod på ein annan bustad, utan at me hadde spesielt lyst på den. No kjenner me at me har funne heilt rett leilegheit for oss. Her kan me bu så lenge me lever, seier han.

Ola Odland har kjøpt leilegheit i sentrum saman med sambuaren.

- Ja, det er fint å kjenna på at me ikkje går for ei mellombels løysing men faktisk tenker langsiktig. Me har jo investert mykje i denne leilegheita, seier Hanna, og legg til:

- Ved å kjøpa leilegheit i sentrum tenker eg at me har kjøpt oss fri frå jobbing - både når det gjeld oppussing, hage og vedlikehald.

Ola Odland har kjøpt leilegheit i sentrum saman med sambuaren.

Ola Odland har kjøpt leilegheit i sentrum saman med sambuaren.

Leilegheita har to terrassar. Frå denne har dei panoramautsikt over sentrum og hamnebassenget.

Leilegheita har to terrassar. Frå denne har dei panoramautsikt over sentrum og hamnebassenget.

Ei open stove- og kjøkkenløysing gjer rommet ekstra luftig.

Ei open stove- og kjøkkenløysing gjer rommet ekstra luftig.

Paret er glade i fargar, og har måla nokre av romma.

Paret er glade i fargar, og har måla nokre av romma.

Leilegheita er på 99 kvadratmeter og har tre soverom, toalett, vaskerom og to terrassar.

Leilegheita er på 99 kvadratmeter og har tre soverom, toalett, vaskerom og to terrassar.

Leilegheita har to terrassar, noko som sikrar ein fantastisk solgang og panoramautsikt over sentrum og hamnebassenget.

Ei open stove- og kjøkkenløysing gjer rommet ekstra luftig.

Paret er glade i fargar, og har måla nokre av romma.

Leilegheita er på 99 kvadratmeter og har tre soverom, toalett, vaskerom og to terrassar.

Leilegheita dei fall for ligg i tredje etasje i Holevegen og vart bygd i 2014. Solgangen er fantastisk, og paret har 99 kvadratmeter fordelt på tre soverom, toalett, vaskerom og to terrassar.

Frå den opne stove- og kjøkkenløysinga har dei panoramautsikt over bybiletet.

- Me kan sitja lenge og berre følgja med på det som skjer. Og på kvelden og natta når Leirvik ligg opplyst og stova er heilt mørk, får ein litt storbykjensle, smiler Vinsnesbakk.

Hanna Huglen Vinsnesbakk og Ola Odland trivst godt i Holevegen.

- Venane mine frå andre plassar er overraska over kva du kan få til denne prisen på Stord. Det ville ikkje vore mogleg i ein større by, seier ho.

- Dessutan kjennest det veldig uavhengig å bu i sentrum. Me har gåavstand til alle fasilitetar, og nyttar oss aktivt av både restaurantar og butikkar. I tillegg er det kort veg til mange turløyper, seier Odland.

Hanna Huglen Vinsnesbakk og Ola Odland trivst godt i Holevegen.

Hanna Huglen Vinsnesbakk og Ola Odland trivst godt i Holevegen.

Unge vil til sentrum

Bente Faksnes er avdelingsleiar for Eiendomsmegler1 på Stord og selde leilegheita til Odland og Vinsnesbakk tidlegare i vinter. Ho opplever i større grad at unge også vil til sentrum.

- Det er ei aukande trend at unge gjerne går vekk frå fokuset på einebustadar og gjer slik som Hanna og Ola. Grunnen til dette er nok at mange ynskjer enkle og nøkkelferdige bustadar som krev lite vedlikehald.

Bente Faksnes er avdelingsleiar for Eiendomsmegler1 på Stord.

Ho understrekar at leilegheitene som vert bygde i dag ofte er svært arealeffektive og innehar gode planløysingar.

- Når ein i tillegg har gåavstand til skule, barnehage, fasilitetar, turområde og nærleik til sjøen, er det klart at det er attraktivt å bu i sentrum.

Bente Faksnes er avdelingsleiar for Eiendomsmegler1 på Stord.

Bente Faksnes er avdelingsleiar for Eiendomsmegler1 på Stord.

Kontakt Bente Faksnes
Tlf.
926 33 943
bente.faksnes@em1sr.no