Attraktive hytter på Vestlandet

Skal du selja hytta?
Ikkje vent til gradestokken viser 20 pluss, for då vert det hektisk!
Bente Faksnes er eigedomsmeklar ved Eiendomsmegler1 sitt kontor på Stord. Den erfarne meklaren har eit godt råd til deg som lurer på om du skal selja hytta:
- Kom i gang no! Hyttemarknaden har vore svært god dei siste par åra, etter at me nordmenn oppdaga det flotte ferielandet vårt. Me som sel fritidseigedomar har ventelister med kjøparar som er på jakt etter hytte ved sjøen.

Bente Faksnes, eigedomsmeklar MNEF i Eiendomsmegler1.
- Før selde me stort sett hytter ved sjøen frå påske og utover sommaren, og så selde me innlandshytter om hausten. Det har endra seg. No vil folk ha alt, heile tida - og det er mange som vil ha!

Bente Faksnes, eigedomsmeklar MNEF i Eiendomsmegler1.
Bente Faksnes, eigedomsmeklar MNEF i Eiendomsmegler1.

Brennheit hyttemarknad
Bente ser at stadig fleire ynskjer å nyta livet ved sjøen: nippa til eit glas med bobler i sjøkanten ein varm sommarkveld, dorga etter makrell i lyse sommarnetter...
Tradisjonelt sett har Vestlandet vore ein favoritt.
- Me har mykje folk på visning, og dei fleste vil ha hytte ved sjøen. Om det heiter Kråko eller Urangsvåg betyr ikkje så mykje, berre at det er ved sjøen, smiler ho.

Foto: Privat
Forståeleg nok - kven drøymer vel ikkje om ei solvarm brygge og lyden av bølgjeskvulp?
- Årstida er heller ikkje så nøye. Faktisk selde me ei hytte på Bømlo i romjula, smiler ho. - Hytte ved sjøen er alltid attraktive, sjølv på vinteren. Samstundes har ikkje mange seljarar kome på banen enno, så viss du veit at du skal selja i år, bør du ikkje venta, oppmodar ho.

Foto: Privat
Foto: Privat
Gode tider i vente
Den erfarne meklaren kan melda om gode år og lyse framtidsutsikter.
- 2021 var fantastisk bra. Kvart år kan sjølvsagt ikkje vera slik, men me merker at trykket framleis er høgt. Også dette året har starta veldig bra, seier ho.
Bente er også optimist med tanke på åra som kjem: - Fritidseigedomar er alltid attraktive, så etterspurnaden er det absolutt.

Foto: Eiendomsmegler1
Hyttekjøparane på Vestlandet har ulike preferansar, som over alt elles. Nokre ynskjer seg eigedomar som ligg litt utanfor allfarveg, medan andre helst vil vera i eit hyttefelt med fellesområde og båtplass. Nokre vil ha luksus og komfort som heime, medan andre vil ha enklare hytter.
- Om du skulle kjøpa hytta i dag, kva ville du sjølv valt?
- Då ville eg nok sett meg om etter eit naust eller ei rorbu.
Bente smiler litt for seg sjølv og så kjem det: - Jo nærare sjøen, jo betre!
Eiendomsmegler1 har flinke meklarar i alle dei store hytteområda, så ynskjer du hjelp til å kjøpa eller selja fritidsbustad, ta kontakt med ein av våre hytteekspertar!

Foto: Eiendomsmegler1
Foto: Eiendomsmegler1
