Aleksander er førstegongskjøpar:
Vil ha urban bustad med utsikt

Aleksander Husevik (30) har brukt over eitt år på å leita etter bustad på Stord.
Med gode råd frå eigedomsmeklar Bente Faksnes i Eiendomsmegler1 håpar han å snart finna draumebustaden.
- Eg har vore på fleire visningar enn eg kan telja, seier Aleksander Husevik med eit smil.
30-åringen flytta heim igjen til Stord for over eitt år sidan og jobbar som køyrelærar for Sunnhordland Trafikkopplæring.

Aleksander Husevik er på bustadjakt.
Med full jobb og ein hektisk timeplan er han klar for å koma seg inn på bustadmarknaden, og leiger leilegheit i påvente av eit kjøp. Dermed har han ingen problem med å betena eit lån.
- Eg har vore med i nokre bodrundar, men har førebels tapt alle. Grunnen er at bustadane har gått langt over prisantyding. Eg gir ikkje opp, men prøver å vera tolmodig, seier han.

Aleksander Husevik er på bustadjakt.
Aleksander Husevik er på bustadjakt.


Sentral beliggenheit og utsikt er det viktigaste når Aleksander skal finna bustad.
- Eg har budd i fleire storbyar tidlegare, og likar det urbant. Det er også praktisk for meg med tanke på jobb, og eg likar godt bykjensla med kort veg til uteliv, restaurantar og kafear. Difor er ei leilegheit sentralt på Leirvik midt i blinken for meg, seier han.
Bustadane han ser på har ei prisantyding på mellom 2,5 og 3,5 millionar kroner.
- Etter å ha vore på mange visningar veit eg i større grad kva eg er ute etter. Mellom anna vil eg gjerne ha ei open stove- og kjøkkenløysing, og helst meir enn eitt soverom.
Aleksander røper samstundes at han har vore usikker på objekt han eigentleg ser etter.
- Først ville eg ha leilegheit. Deretter verka det meir freistande med eit renoveringsobjekt, men det er mykje arbeid og blir ofte svært kostbart. No er eg tilbake til å sjå etter leilegheit.


EIGEDOMSMEKLAR BENTE FAKSNES trur tida er moden for å koma seg inn på bustadmarknaden, og forventar ikkje at prisane går ned med det første.
- Marknaden er veldig bra akkurat no, og både einebustadar og leilegheiter har fått eit prisløft. Det gjer situasjonen for unge som Aleksander som skal kjøpa for første gong. Eg vil råda førstegongskjøparar til å setja seg godt inn i bustadmarknaden. Gå på masse visningar, bli kjent med området du vil bu i og finn ut korleis prissjiktet er på det du ynskjer deg. Du kan gjerne melde deg som interessert slik at du får innblikk i bodrundar og får ei kjensle av kva ting blir selt for.

Ho oppmodar også unge førstegongskjøparar til å bruka meklaren aktivt.
Meklaren skal vera ein mellommann mellom seljar og kjøpar, og kan gi gode anbefalingar til begge partar. Spør og grav om alt du lurer på, tipsar Faksnes.
- Mange tenker at meklaren er på seljar si side. Det stemmer ikkje. Me skal hjelpa begge partar og jobba for at begge blir nøgde. Som kjøpar kan du forventa at meklaren har sett seg godt inn i bustaden og kan fortelja om standard og eventuelle manglar. I Eiendomsmegler1 skal me også kjenna området som bustaden ligg i og vita om nabolaget. Då vert me gode rådgjevarar for kjøparane også.

Gode råd i bustadjakta
- Spør meklar om alt du lurer på med bustaden du vurderer
- Gå på mange visningar
- Set deg nøye inn i prospektet
- Les eigenerklæring og tilstandsrapport
- Bruk god tid på visning!
- Ta gjerne med deg nokon som kan meir enn deg

Bente Faksnes, eigedomsmeklar MNEF
Bente Faksnes, eigedomsmeklar MNEF
Kontakt Bente Faksnes
Tlf. 926 33 943
bente.faksnes@em1sr.no

