Stjerneskotet

Namn: Marie Aakre Aarland
Bur: Rubbestadneset
Yrke: Eigedomsmeklarfullmektig
Favorittstad på Bømlo: Musikkfabrikken
Beste eigenskap: Sosial og evig optimist
Verste eigenskap: Dårleg tapar
Beskriv deg sjølv som meklar: Resultatorientert
Marie Aakre Aarland (24) tenkte at det ikkje fantes jobb for ho som eigedomsmeklar i Sunnhordland. Det var heilt til ho fekk ein telefon frå Bente Faksnes i Eiendomsmegler1.


Eg har alltid vore interessert i interiør og styling, og har jobba mange år i interiørbutikk. Det var i grunnen det som var utgangspunktet mitt då eg tilfeldigvis bestemte meg for å utdanna meg som eigedomsmeklar. Eg ville jobba med menneske, men utan butikk-biten, smiler Marie Aakre Aarland.
- I tillegg synest eg det er tiltalande å kunna tilpassa dagane mine. Eg blir motivert av inntekta og er innstilt på at det blir mykje arbeid med lange dagar og seine kveldar. Eg hadde nok ikkje trivst med å sitja på eit kontor heile dagen.

MARIE FÅR ENERGI av å jobba med menneske - og i yrket som eigedomsmeklar kjem det godt med.
- Allereie den første veka fekk eg erfara både skilsmisser med frustrasjon og dårleg stemning, og dødsfall med mange kjensler involvert. Du blir jo litt hobbypsykolog, men det er viktig å vera profesjonell, seier ho.
Snart skal ho fly solo inn i ein bransje som er svært konkurranseutsett. Bustadmarknaden er tøff, men ho er trygg på at ho meistrar jobben.
- Eg har vore med dei andre på kontoret eit halvt år under opplæring. Eg har fått teke del i alle prosessane rundt eit bustadsal og fått mykje god kunnskap. Eg er trygg på at eg skal klara meg godt, men det vil nok ta litt tid å jobba seg opp. Uansett har eg eit godt team av dyktige kollegaer i ryggen som kan hjelpa meg.
Fram til no har Marie vore og sett på over 100 bustadar for e-takstar til finansiering. Då treff ho kunden i forkant av eit bustadsal, går gjennom kva som er gjort av oppgraderingar og oppussing, tek bilete og går gjennom standarden til huset. Deretter gjer ho ei verdivurdering.
- Eg prøver å få til eit kundemøte om dagen. Eg likar veldig godt å koma meg ut og treffa folk, og sånn sett trur eg dette yrket kjem til å passa meg veldig godt, smiler ho.

BUSTADMARKNADEN HEIME PÅ Bømlo og i Sunnhordland er annleis enn i dei store byane.
- Me var mange som begynte på bachelor i eigedomsmekling, jus og økonomi. Berre rundt 13 av oss fullførte, og no har eg høyrt at fleire har slutta og funne seg andre jobbar. Mykje av grunnen er at dei er blitt kasta ut i bustadmarknaden utan verken opplæring eller kunnskap.

Marie er blitt ein del av denne gjengen hos Eiendomsmegler1. Frå venstre. Rebecca Riddell, Bente Faksnes, Marita Pedersen og Christoffer Lillestøl Naustvåg.
Ein av dei andre fordelane med å jobba som meklar i distriktet, er at du kjem nærare kundane dine.
- I byane kjennest det som om pengane rår, og det er om å gjera og få eit sal. Du skal vera tøff for å henga med og bransjen er meir kynisk. Her i Sunnhordland føler eg at me kjem tettare på menneska som meklarar. Det er noko av grunnen til at eg er glad for at eg flytta heim igjen og satsar på ei karriere her.

Marie er blitt ein del av denne gjengen hos Eiendomsmegler1. Frå venstre. Rebecca Riddell, Bente Faksnes, Marita Pedersen og Christoffer Lillestøl Naustvåg.
Marie er blitt ein del av denne gjengen hos Eiendomsmegler1. Frå venstre. Rebecca Riddell, Bente Faksnes, Marita Pedersen og Christoffer Lillestøl Naustvåg.

MARIE ER FØDT OG OPPVAKSEN på Rubbestadneset på Bømlo og har studert i Bergen.
- Eg var eigentleg ganske bestemt på at eg ikkje skulle flytta heim igjen. Så kom korona og me vart på ein måte tvungne til å studera heime. Når samfunnet opna igjen, var ikkje kvardagen som student den same som før. Det tok ikkje lang tid før eg sa opp leilegheita mi og bestemte meg for å flytta heim til Bømlo for godt, fortel ho.
Ho har også eit årsstudium i økonomi og administrasjon, som ho tok etter bacheloren.
- Det var for å ha fleire bein å stå på. Eg trudde nemleg ikkje det var så enkelt å få jobb som meklar her i regionen - heilt til eg fekk ein telefon frå Bente som oppfordra meg til å søka på den ledige stillinga i Eiendomsmegler1, smiler ho.

No flyttar stadig fleire av venene hennar heim igjen - til Marie si store glede. Travle og lange dagar som eigedomsmeklar venter, då er det godt å kunna slappa av og lada batteria saman med vener og familie.
Nyleg var den blide 24-åringen på Hawaii.
- Eg er glad i å reisa. Sånn sett er eg glad for at eg har valt eit yrke der eg kanjobba meg inn og det er rom for å ta ferie når marknaden roar seg.
Men framtida, den ser ho for seg på Bømlo - og håpar å finna ein bustad i Ramsmyro på Rubbestadneset.
KJØPA BUSTAD?
Dette bør du tenka på!
- Tenk nøye over kor du vil busetja deg
Det er dyrt å selja om du ikkje trivst, og sel du innan eitt år må du betala skatt på eventuell forteneste. - Ha finansieringa på plass
Undersøk med banken kor mykje du kan få i lån og be om finansieringsbevis. Beviset viser at du kan betala for deg. Myndigheitene krev at du har 15 prosent pluss omkostinga av kjøpesummen i eigenkapital. Det kan vera oppsparte midlar, koma frå sal av din noverande bustad eller via kausjonist. Du kan låna opptil fem gongar di eiga inntekt. - Set deg inn i salsoppgåva
Den viktigaste informasjonen får du gjennom salsoppgåva og tilstandsrapporten. I salsoppgåva skal bustaden vera godt skildra og all naudsynt informasjon som seljar kan gi deg.
- Les alle dokument og spør meklar om noko er uklårt, gjerne i forkant av visning. Ikkje lat deg blinda av positive ord og språkvendingar. Jo grundigare dokumentasjon du har om bustaden, jo enklare er det å vurdera tilstanden og kor mykje du vil/kan betala. - Sjekk tilstandsrapporten
- Les seljar eigenerklæring
- Ver førebudd når du går på visning
Tenk over kva du vil spørja om på visninga. Er du førstegongskjøpar kan det vera lurt å ta med seg ein fagperson. - Set eit tak for mykje du vil by
Tenk gjennom kva du vil by for ein bustad og set ein makspris for deg sjølv. I bodrunde er det lett å bli freista til å strekkja seg litt og litt.

Bente Faksnes, eigedomsmeklar MNEF
Bente Faksnes, eigedomsmeklar MNEF
Kjøpa bustad?
Marie Aakre Aarland
Eigedomsmeklarfullmektig
Tlf. 936 14 767
marie.aarland@em1sr.no
Bente Faksnes
Eigedomsmeklar MNEF
Tlf. 926 33 943
bente.faksnes@em1sr.no
