Selja bustad i haust?

- Tenker du på å byta bustad er det berre å koma i gang med prosessen. Det er seljars marknad, seier Bente Faksnes i Eiendomsmegler1.
- Eg har tru på at dei som vil selja bustad i haust kjem til å få selt. Marknaden er heit og det er mange folk på visning, fortel ho.
ETTER EIN ROLEG sommar har bustadmarknaden byrja å ta seg opp. Haustmånadane me no går inn i har tradisjonelt vore bra for bustadmarknaden i regionen.
- Eg forventar ein sunn og effektiv bustadmarknad i haust. Det er mange spanande objekt som kjem for sal framover, og går du med tankar om å selja er dette den rette tida å gjera det på.

Auka rente, høge straumprisar og auka inflasjon vil truleg ikkje ha stor innverknad på kor mange kjøparar det er ute i marknaden, men vil i staden dempa prisnivået.
- Ein får ikkje finansiering til å strekkja seg like langt i bodrundane då ein må ta høgde for auka rentekostnadar, trur Faksnes.
- Kjøparane må gjerne gå ned eit prisnivå for å få kjøpt seg bustad, forklarar ho.
Likevel trur ho ikkje det vil legga ein stor dempar på salet.
- Folk vil ha bustad uansett. Eg får dagleg telefonar frå potensielle kjøparar som vil vita om det kjem nye objekt ut for sal.


FAKSNES RÅDER ALLE som går med tankar om å selja bustad til å koma i gang med prosessen.
- Ver ute i god tid! Start tidleg og legg ein god plan saman med meklar.
Har du utsett dei siste detaljane i lang tid, kan det vera lurt å bruka dei neste månadane på å få det gjort - sjølv om du ikkje er klar for å selja bustaden umiddelbart.
- Sett på den lista under oppvaskmaskinen, ferdigstill listverket i taket på soverommet... alle desse enkle grepa kan gjera mykje med førsteinntrykket for potensielle kjøparar.
Ho oppfordrer til å bruka meklaren din aktivt til å spørja deg til råds undervegs om kva du bør gjera.

Foto: Tove Skaugerud
HAR DU ALLEREIE bestemt deg for å byta bustad i løpet av dei neste månadane, er det smart å ta kontakt med Sparebank1 SR Bank eller den banken du bruker så tidleg som mogleg.
Dette gjeld også om du er førstegangskjøpar.
- Då har du finansieringa på plass og er klar for å slå til når draumebustaden dukkar opp!

Foto: Tove Skaugerud
Foto: Tove Skaugerud
HAR DU EINEBUSTAD oppfordrer Bente Faksnes til å planlegga rundt uteområda før haustmørket og vinteren set inn for fullt.
- Akkurat no blømer det i beda og buskar og tre er grøne. På seinsommaren og utover hausten er det ofte enklare å få tatt fine utebilete enn i dei grå og kalde vintermånadane. Det gir også finare og meir innbydande bilete i salsannonsen.
