Din rekneskapsførar i over 40 år

I over 40 år har Aktiva Økonomiservice vore ein føretrekt partnar for små og store bedrifter i regionen vår. No har dei gått inn i ECIT, men den faglege tyngda og den personlege tilnærminga til kundane er den same.

Marte Eldøy Ottesen, Åsta Landre Bjerke og Liv Marit Børve ved ECIT Stord.

- Me har ei solid forankring i lokalsamfunnet her. Kundane våre er til stade alle vegar i samfunnet, og famnar om dei fleste bransjar og er i alle storleikar. Me jobbar tett på kundane våre, og er stolte over å ha vore ein viktig partnar for kundane våre i over 40 år, seier Liv Marit Børve, dagleg leiar for ECIT Stord.


Det var i fjor at Aktiva Økonomiservice vart ein del av den landsdekkjande kjeda ECIT. ECIT står for Economics & IT, og Børve gler seg til å kunna tilby kundane fleire produkt og tenester enn tradisjonell rekneskapsføring.

- Ved å gå inn i ECIT vert me ein del av eit større bilete. Me står framleis sjølvstendig, men har fått eit langt større apparat å spela på. Det kjem kundane våre til gode, fortel ho.

Verdiane til tidlegare Aktiva samsvara godt med ECIT sine: eit stort hjarta for lokalmiljø, lokalt entreprenørskap og eigarforhold.

- I ECIT arbeider me med mykje spanande lokalt. Innan kjeda finn me spesialistar på mellom anna skattefunn og faste forum med investorar. Me har eigne leverandørar av både IT-system, serverløysingar og datautstyr. Det gir oss betre verktøy til å hjelpa kundane våre på andre måtar enn berre med rekneskap. Me ønskjer å koma tett på kundane våre, og vera ein sparringspartnar. Vårt mål er at kundane skal ta kontakt med oss og våga og bruka oss til fleire ting.

tre kvinner ved ecit stord

Marte Eldøy Ottesen, Åsta Landre Bjerke og Liv Marit Børve ved ECIT Stord.

Marte Eldøy Ottesen, Åsta Landre Bjerke og Liv Marit Børve ved ECIT Stord.

Det tradisjonelle yrket som rekneskapsførar har endra seg dei siste tiåra. Tidlegare kom en til rekneskapsføraren éin gong i månadaen, berande på ein perm eller plastpose med kvitteringar og faktura.

No føregår det meste digitalt, og IT-sikkerheit har dermed fått eit stort fokus. Målet er at alt skal verta digitalt i løpet av 2020.

- Digitaliseringa gjer at me får eit tettare forhold med kundane. No har ein kontakt på ulike flater, korti det måtte vera. Me er opptekne av å vera tilgjengelege for kunden når han treng det. Tette kundeforhold og godt samspel er slik me skapar verdiar med kunden, seier Børve.

- Digitaliseringa gjer at me kan knyte kundane i andre kommunar og landsdelar endå tettare til oss og samhandle meir i kvardagen. Me har kundar i alle Sunnhordlandskommunane, og heilt nord til Lofoten.


ECIT Stord er i vekst, og med kjeda i ryggen finst det mange utfordringar for den som ønskjer å utvikla seg og tileigna seg ein unik erfaring og eigenkompetanse.

ECIT tilbyr mange moglegheiter innad i kjeden, mellom anna traineestillingar i London og andre stader i Europa.

Kjeda er i stadig vekst, så det vert spanande å følgja med i åra som kjem. I løpet av våren vert det 11 tilsette på Stord. Børve skryt over arbeidsmiljøet og staben.

- Me har det veldig kjekt saman. På sikt ønskjer me å veksa, så me er alltid på utkikk etter nye, dyktige kollegaer, smiler ho.

ECIT Stord kan hjelpa med

- Rekneskap
- Lønn
- Rådgiving
- Årsrekneskap

Kontakt oss på post@aktiva.no
eller telefon +47 53 45 63 00

www.ecit.com/no/stord