ECIT styrker laget

Trass ein spesiell vår har ECIT Stord auka bemanninga under koronapandemien. No er Stord-kontoret klare til å ta bedrifta inn i ei digital framtid. Og latteren? Den sit laust.


- Me har det veldig kjekt på jobb, det trur eg alle kan vera einige i. Me som jobbar her er ein god fagleg miks som utfyller kvarandre godt. Slik skapar me verdiar for kundane våre kvar dag, smiler Liv Marit Børve, dagleg leiar for ECIT Stord.

Generasjonsskifte

Rekneskapskontoret har røter tilbake til 1978, då under namnet Aktiva Økonomiservice. I fjor bestemte dei seg for å gå inn i ECIT.

Christina Sæle (f.v.), Linda Sørdal, Trude Valø og Elin Benjaminson er alle tilsett i ECIT Stord i år.

Slik vart dei ein del av eit større nettverk, og har fått fleire strenger å spela på ut mot kundane.

I dag har dei kontor i Kunnskapshuset i Sæ, og det siste året har det vore eit generasjonsskifte i bedrifta. No tel dei tolv tilsette.

- Gjennom snart førti år har me opparbeidd ein solid fagleg kompetanse, kombinert med god lokalkunnskap om næringslivet her i regionen, fortel Børve. - I år har me styrka laget med fire dyktige tilsette. Me skal framleis vera den trygge, gode støttespelaren for kundane våre.

Christina Sæle (f.v.), Linda Sørdal, Trude Valø og Elin Benjaminson er alle tilsett i ECIT Stord i år.

Christina Sæle (f.v.), Linda Sørdal, Trude Valø og Elin Benjaminson er alle tilsett i ECIT Stord i år.

Fagleg påfyll

Trude Valø, Linda Sørdal, Elin Benjaminson og Christine Sæle er alle blitt tilsett som rekneskapskonsulentar i år. Alle fire har bakgrunn frå rekneskapsbransjen, og fellesnemnaren er eit ynskje om eit større arbeidsmiljø og meir fagleg påfyll. Begge deler får dei hos ECIT.

- Folk tenker kanskje at når ein jobbar med rekneskap så er alle dagar like. Slik er det verkeleg ikkje. Eg trur eg snakkar for alle når eg seier at eg lærer noko nytt kvar dag. Her får me utfordra oss sjølv, og veks mykje både fagleg og personleg, slår Trude Valø fast.

Sjølv har ho erfaring frå inkasso, og vart nærast headhunta til jobben i ECIT.

- Det var mykje som hendte privat, slik at eg rakk aldri å senda inn søknad på stillinga slik eg hadde lova Liv Marit. Etter freista var gått ut, ringde ho og lurde på kor søknaden min var blitt av. Ho kunne fortelja at ho uansett hadde sett meg opp til intervju, noko eg er takksam for i dag. Eg trivst svært godt her, fortel ho med eit smil om munnen.

Med hjarta for lokalmiljøet

Som ein del av eit større selskap kan dei trekka vekslar på ekspertane. ECIT Stord har eit stort hjarta for lokalmiljøet, lokalt entreprenørskap og eigarforhold.

- Gjennom ECIT får me betre verktøy til å hjelpa kundane våre på andre måtar enn med bare rekneskap. Me ynskjer å koma tett på kundane våre og vera ein sparringspartnar for dei. Vårt mål er at kundane skal ta kontakt med oss, og våga å bruka oss til fleire ting, fortel Børve.

Elin Benjaminson nikkar samd.

- Då eg søkte meg til ECIT, var det for å bli ein del av noko større, og få fleire å spela på gjennom arbeidsdagen. Samstundes såg eg moglegheita til å verta autorisert rekneskapsførar.

For å få autorisasjon må ein ha to års relevant arbeidspraksis etter fullført bachelorgrad. Også Christine Sæle har eit mål om å verta autorisert, og begge er på god veg.

F.v.: Christine Sæle, Trude Valø, Linda Sørdal og Elin Benjaminson.

F.v.: Christine Sæle, Trude Valø, Linda Sørdal og Elin Benjaminson.

Frå venstre: Christine Sæle, Trude Valø, Linda Sørdal og Elin Benjaminson

Frå venstre: Christine Sæle, Trude Valø, Linda Sørdal og Elin Benjaminson

Digital kvardag

Det tradisjonelle yrket som rekneskapsførar har endra seg radikalt dei siste tiåra. Tidlegare kom gjerne kundane inn til rekneskapsføraren éin gong i månaden, berande på permar eller plastposar fulle av kvitteringar og fakturaer.

I dag føregår det meste digitalt, og ein har eit tettare samarbeid med kunden.

Line Sørdal jobba i bedrifta for 13 år sidan. No er ho tilbake, og ser tydelege endringar:

Frå venstre: Åsta Landre Bjerke, Håkon Beltestad, Marte Eldøy Ottesen, Synnøve Kongsvik Hjelland, Christine Sæle, Liv Marit Børve (bak), Brit Romfog, Trude Valø, Elin Benjaminson, Astrid Nordtveit, Linda Sørdal og Sidsel Skard.

- Den største endringa er nok at alt er skybasert og digitalt i dag. I staden for å bla i permar, søker me i skya. Det er ein ny og mykje meir effektiv måte å jobba på. No er me inne og jobbar i lag med kunden gjerne fleire gonger i veka, mot gjerne berre annakvar månad tidlegare når alt kom i permar.

Ho gler seg over å vera tilbake.

- Personleg set eg pris på ei utfordring. Eg brenn for rekneskap og får mange utfordringar her. Med eit stort fagmiljø og mange å spela på, har me ein unik styrke ut mot kundane våre. Og så er det så kjekke kollegaer, smiler ho.

Børve fortel om aktivitetar som styrker samhaldet mellom kollegaene som ulike temadagar, samlingar og litt ekstra sprell i kvardagen.

- Kollegaene vert som familie nummer to, skyt Benjaminson inn, og dei andre nikkar samd.

- Ja, me finn på mykje kjekt. Eg trur dei høyrer oss i kantina når det er lunsj, for å seia det slik, ler Børve.

Frå venstre: Åsta Landre Bjerke, Håkon Beltestad, Marte Eldøy Ottesen, Synnøve Kongsvik Hjelland, Christine Sæle, Liv Marit Børve (bak), Brit Romfog, Trude Valø, Elin Benjaminson, Astrid Nordtveit, Linda Sørdal og Sidsel Skard.

Frå venstre: Åsta Landre Bjerke, Håkon Beltestad, Marte Eldøy Ottesen, Synnøve Kongsvik Hjelland, Christine Sæle, Liv Marit Børve (bak), Brit Romfog, Trude Valø, Elin Benjaminson, Astrid Nordtveit, Linda Sørdal og Sidsel Skard.

Møt våre nyaste tilsette!

- Kva likar du å gjera på fritida?
- Kva likar du best med hausten?
- Drikk du helst kaffi eller te?

Christine Sæle, rekneskapskonsulent

- Stall og riding.
- Eg likar dei spektakulære fargane.
- KAFFI!

Trude Valø, rekneskapskonsulent

- Då likar eg turar i skog og mark, tid med familien og baking/koking på kjøkkenet.
- Alle dei flotte fargane, og at me kan tenna lys og ha det koseleg rundt oss.
- Svart kaffi utan noko dilldall.

Elin Benjaminson, rekneskapskonsulent

- Vera med familien.
- Alt frå dei vakre fargane naturen har å by på, til å kunne trekkja seg inn med ei god bok, levande lys og fyre i peisen når dagane blir kortare.
- Kaffi eller varm sjokolade med krem.

Linda Sørdal, rekneskapskonsulent

- På fritida likar eg å gå tur, trene og vere ilag med familie og vener.
- Det eg likar best med hausten er dei fine fargane, mørke kveldar med levande lys.
- Kaffi.