- Me treng gründerar som vågar å satsa!

Då kvinnene bak Huldrafjell vågde å satsa på draumen om å etablera eige klesmerke for born, var det med ein trygg støttespelar i ryggen.

- Eg trur ikkje eg hadde sove om nettene dersom eg ikkje hadde hatt ECIT Stord med på laget, fortel gründer og medeigar Janne Nerheim.

Rebekka Hansen Gjerde satsar på produksjon av barneklede - med eit trygt rekneskapsbyrå i ryggen.

Rebekka Hansen Gjerde satsar på produksjon av barneklede - med eit trygt rekneskapsbyrå i ryggen.

Huldrafjell laga alt frå heildressar og joggedressar, til huer, solhattar og vimplar.

Huldrafjell laga alt frå heildressar og joggedressar, til huer, solhattar og vimplar.

FOR HALVTANNA ÅR SIDAN etablerte Rebekka Hansen Gjerde verksemda Huldrafjell AS saman med Janne Nerheim.

Gjerde er utdanna kjole- og draktsyar, eller skreddar om du vil. Nerheim hadde i mange år drive enkeltmannsføretaket Englatroll, med produksjon av barneklede og barnebøker og inspirasjon frå eventyrverda i fokus, og hadde Liv Marit Børve som rekneskapsførar.

- Då me bestemte oss for å satsa på Huldrafjell var det heilt sjølvsagt at Liv Marit og ECIT skulle vera med oss på dette eventyret, seier Nerheim.

Rebekka Hansen Gjerde satsar på produksjon av barneklede - med eit trygt rekneskapsbyrå i ryggen.

FRÅ FABRIKKEN I LØNNINGSÅSEN på Stord vert det produsert alt frå joggedressar og heildressar, til huer, solhattar og vimplar.

Berekraft, miljø og gjenbruk er rettesnora i alt Huldrafjell gjer; frå emballasje til stoff og produksjon.

Med Huldrafjell ville gründerane også skapa arbeidsplassar for kvinner som kjem til Noreg og har vanskar med å koma seg inn på den norske arbeidsmarknaden. I dag er Jean Brakstad tilsett på fast basis, og er førebels den einaste i selskapet som mottek løn.

- Å vera gründer er tøft, og det har vore spesielt utfordrande det siste året. Det har vore heilt avgjerande for oss og ha nokon i ryggen som kan ta seg av alt som har med rekneskap å gjera. Då kan me fokusera på produksjon og å byggja bedrifta, fortel Gjerde.

Huldrafjell laga alt frå heildressar og joggedressar, til huer, solhattar og vimplar.

Ho legg ikkje skjul på at det økonomiske aspektet er det tøffaste ved å starta eiga bedrift.

- Det er mykje å setja seg inn i! Mange forskrifter og lovar som må følgjast. Sjølv om det ikkje er gratis å ha rekneskapsførar, er det betre at me overlét den delen til nokon som verkeleg veit kva dei driv med. Det får me mykje igjen for.

Rebekka Hansen Gjerde (t.v.) i Huldrafjell og Liv Marit Børve, dagleg leiar for ECIT Stord, har eit godt samarbeid.

Rebekka Hansen Gjerde (t.v.) i Huldrafjell og Liv Marit Børve, dagleg leiar for ECIT Stord, har eit godt samarbeid.

DET ER INGA TVIL om at kundeforholdet mellom Huldrafjell og ECIT er av det spesielle slaget.

- Det skal seiast at Liv Marit og gjengen i ECIT gjerne strekkjer seg litt lengre enn det som er vanleg for ein rekneskapsførar, smiler Gjerde og ser på Børve. - Liv Marit kan gjerne ringa og fortelja at ho har ein pose med gjenbrukstøy på kontoret som me kan koma og henta til produksjonen vår, eller framheva oss og heiar via sosiale medium. Ho er veldig oppofrande og me kjenner oss heldige som har eit rekneskapskontor som ser oss.

- Me er ein god match, nikkar Børve samd. - ECIT har "mot" og "entreprenørskap" som sine kjerneverdiar, og det passar godt saman med profilen til Huldrafjell. I tillegg er begge bedriftsprofilane grøne og blå, spøker ho før ho vert alvorleg.

- Me i ECIT ynskjer å vera ein støttespelar i alle stega i prosessen med å ta steget og satse. Det er mykje å tenkja på når ein startar for seg sjølv, og me kan gi råd rundt kva som er viktig å tenkja på i forhold til forsikringar, pensjon, budsjett, likviditet og programval, for å nemna noko.

ECIT BIDREG OGSÅ med utstyr og serverløysingar, søknadar om skattefunn og søknadar om støtte frå Innovasjon Norge. Allereie i 2020 var ECIT på Stord heilt digitale og fører alle sine rekneskap i skybaserte program, noko Huldrafjell nyt godt av.

Huldrafjell nyttar økologisk materiale eller gjenbruksstoff i kleda sine.

- Systemet som ECIT har levert er svært brukarvenleg, og me har full oversikt over utgifter, inntekter og løn i "skya" vår. Det fungerer veldig godt og gir oss ei god oversikt over økonomien i bedrifta vår. I tillegg veit me at Liv Marit berre er ein telefon unna dersom me har spørsmål, seier Gjerde.

Med skybaserte system har også ECIT blitt langt meir miljøvenlege. Papirmengda er redusert frå fleire pallar i året til eit minimum no.

Ein bunke med gamalt sengetøy ligg klar til å få nytt liv.

BØRVE ER GLAD FOR at Gjerde og Nerheim har følgt draumane sine.

- I eit levande samfunn treng me gründerar som vågar å satsa. Der kan ECIT vera ein trygg sparringspartnar som har mykje erfaring frå ulike bransjar, og kan også bidra med kontaktar der me ser at me har andre som kan utfylla dei på ein god måte. På den måten kan me bidra til gode, men også spanande synergiar og vekst, avsluttar ho.

Huldrafjell nyttar økologisk materiale eller gjenbruksstoff i kleda sine.

Huldrafjell nyttar økologisk materiale eller gjenbruksstoff i kleda sine.

Ein bunke med gamalt sengetøy ligg klar til å få nytt liv.

Ein bunke med gamalt sengetøy ligg klar til å få nytt liv.

Å ha eit rekneskapsbyrå gjer at Huldrafjell kan konsentrera seg om å bygga bedrifta. Rebekka Hansen Gjerde (t.v.), Jean Brakstad og Liv Marit Børve.

Å ha eit rekneskapsbyrå gjer at Huldrafjell kan konsentrera seg om å bygga bedrifta. Rebekka Hansen Gjerde (t.v.), Jean Brakstad og Liv Marit Børve.

GRÜNDER?
ME KAN HJELPA DEG MED

  • Stifting av selskap
  • Selskapsform
  • Budsjett
  • Likviditetsstyring
  • Rapportering
  • Skatt og avgifter
  • Kompensasjonssøknadar
  • Løn- og HR-tenester
  • Skattemelding
  • Årsoppgjer