Samarbeider for kundane

Liv Marit Børve og Christine Frønsdal leiar kvart sitt rekneskapskontor på kvar si side av Bjørnafjorden.
No har dei viska ut kommunegrensene og inngått eit samarbeid.
- Til saman sit me på svært mykje kompetanse innan ulike fagfelt i bransjen vår. Me trur kunnskapen er større om me deler han, og dette ynskjer me å utnytta. Gjengen i ECIT på Os er svært dyktige, og me ser at fleire av våre kundar kan dra nytte av ekspertisen deira, seier Liv Marit Børve, dagleg leiar for ECIT Stord.

Liv Marit Børve er dagleg leiar for ECIT Stord.
- STYRKEN VÅR ER AT ME har lokale avdelingar nær kunden. Me kjenner både industri og næringsliv i regionane våre. Som kunde hos oss får du lokale ansikt å forholda deg til, og me lovar deg ein partnar som jobbar tett på. Det er enkelt å stikka hovudet innom i døra på ein kaffikopp, og no når Covid slepp taket gler me oss til på nytt å kunne besøke kundane våre meir.
- Ofte vert det automatisk stor avstand når ein er ein del av eit stort rekneskapsbyrå, ofte i dei større byane. Når fleire kontor fusjonerer skapar det også avstand til kundane, seier Christine Frønsdal.
Ho er dagleg leiar for ECIT Os.

Christine Frønsdal er dagleg leiar for ECIT Os.
- Me har ingen planar om dette - me er lukkelege som eit lite lokalkontor, og synest difor det er utruleg flott å kunna samarbeida med avdelinga på Stord, nikkar ho.
Til saman har dei to avdelingane rundt 600 kundar innan alle bransjar og storleikar.
- Frodelen med eit slikt samarbeid er at me kan gi kundane ennå betre tenestar.

Liv Marit Børve er dagleg leiar for ECIT Stord.
Liv Marit Børve er dagleg leiar for ECIT Stord.

Christine Frønsdal er dagleg leiar for ECIT Os.
Christine Frønsdal er dagleg leiar for ECIT Os.
Digitalt fokus

BÅDE STORD OG OS har eit stort fokus på digitale løysingar for kundegruppa.
- Me har eit sterkt fokus på å utnytta ny teknologi, og vil finna den løysinga som gjer det enklast for kundane våre å driva selskap, seier Frønsdal.
- Kvardagen er blitt svært digital. Der ein tidlegare troppa opp på kontora til rekneskapsføraren med bæreposar med kvitteringar og bilag, er alt digitalt i dag og blir lagra i skya. Det gir kunden ei unik moglegheit til å følgja med, og det vert enklare for oss å forholda oss til. Faktisk var ECIT heilt digitale allereie i 2020, seier Børve.

Det er også ein styrke for kundane at kontora er ein del av ECIT.
- Innan kjeda finn me spesialistar på blant anna skattefunn, og faste forum med investorar. Me har eigne leverandørar av datautstyr, IT-system og serverløysingar. Det gir oss betre verktøy til å hjelpa kundane våre på andre måtar enn berre med rekneskap, forklarar Liv Marit Børve.
- Me ynskjer å koma tett på kundane våre og vera ein sparringspartnar. Vårt mål er at kundane skal våga og bruka oss til fleire ting.


ECIT STORD HAR ei solid forankring i lokalsamfunnet, med over 40 års erfaring.
- Det er ein spanande marknad. At me vel å samarbeida med ECIT Os handlar også om å utnytta ressursane på best mogleg måte. Saman sit me på svært mykje kompetanse, og det ville vore synd å ikkje utnytta dette best mogleg, seier Børve.
- Me er flinke til å spela kvarandre gode. Dessutan er me veldig på bølgelengde med Stord-gjengen, og deler mykje av den same mentaliteten og tankane rundt ting, fortel Frønsdal.
- Me har det utruleg moro når me treffest for å utveksla erfaringar, samarbeider eller er sosiale. Det er ikkje langt å ta ferja over fjorden, smiler Børve.
- Eg gler meg til alt me skal få til saman med kundane våre.

Liv Marit Børve (f.v.), Sidsel Skard, Christine Sæle og Camilla Nilsen.
Liv Marit Børve (f.v.), Sidsel Skard, Christine Sæle og Camilla Nilsen.
