- Ho er engelen min!

Å driva butikk er både utfordrande og spanande. Det veit Malene Aasheim og Rebecca Alsaker alt om.

Då er det ekstra godt å ha ein solid støttespelar i ryggen som gjer kvardagen enklare.

- I Elite Foto seier me at anten har du arva butikken, eller så datt du tilfeldig inn i det. Sånn var det for meg også, det var heilt tilfeldig. No eig og driv eg Elitefoto på Stord på tredje året.

Malene Aasheim smiler.

- Men du må ikkje spørja meg om korleis det er å driva butikk. Eg har aldri drive under normale omstendigheiter her på Stord. Eg opna butikken ti dagar før samfunnet stengte ned under koronapandemien, og sidan har den eine krisa avløyst den andre. No er det renteauke, høge struamprisar og dyrare drivstoff. Det er blitt dyrare for folk å leva, og det merkar me i vår bransje, fortel ho ærleg.

- Men i sånne tider er det godt å ha eit rekneskapsbyrå i ryggen som gjer at eg kan konsentrera meg hundre prosent om drifta.

Malene Aasheim driv Elitefoto Stord.

Malene Aasheim driv Elitefoto Stord.

Malene er utdanna fotograf og har jobba fire år som dagleg leiar for Elitefoto i Tromsø. Ho har også drive enkeltmannsføretak i fleire år, men trivst godt i butikk. I 2015 flytta ho og familien heim igjen til Stord, og i mars 2020 kunne ho stolt opna drifta av sin eigen fotobutikk på AMFI - med den åtte veker gamle sonen på armen.

- Eg likar å treffa folk og vera kreativ. Så har eg stor respekt for yrket - me forvaltar jo noko av det kjæraste folk eig og har. Nettopp difor trur eg at det er viktig å ha ein fysisk butikk lokalt som kan hjelpa med alt frå framkalling til videooverspeling.

Den største konkurrenten er fotobutikkar på nett, men Malene håpar fleire og fleire ser verdien i å ha ein lokal butikk som er fysisk og kan vera tett på deg som kunde.

- Mange kjem til oss fordi resultatet frå nettbestillinga ikkje blir slik dei hadde håpa. Det er også noko med det å bli møtt med eit smil i ein butikk der folk har fagkunnskap. Me ynskjer å vera ei trygg hamn for kundane våre.

Å driva butikk er ingen dans på roser, og ECIT har difor vore ein viktig støttespelar heile vegen.

- Det er så godt å ha nokon med på laget som har kontroll på økonomi og rekneskap, og som kan halda meg litt i øyrene! Nokon som passar på meg og har oversikt over alle freistar og ting ein kan søka om. Det gjer at eg kan konsentrera meg om det eg aller helst vil, som er å driva butikk og jobba med foto, skryt Malene.

- Ja, me prøver å legga godt til rette for kundane våre slik at det skal vera enklast mogleg for dei. Då legg me gjerne til rette, slik at Malene berre treng å gå inn i systemet og godkjenna, seier Liv Marit Børve, dagleg leiar for ECIT Stord.

Malene vart overraska over kor omfattande det er å driva butikk.

- Eg har absolutt null interesse for økonomi, men forstår at selskapet må ha pengar inn for å kunna driva. Då er det ekstra fint å ha ECIT i ryggen, som kan alt dette og som eg kan ringa til om eg har spørsmål. Det blir ein bekymring mindre for meg, for eg veit at den biten er teken hand om.

Rebecca Alsaker (t.v.) og Liv Marit Børve

Rebecca Alsaker (t.v.) og Liv Marit Børve

I ein anna butikk på AMFI finn me Rebecca Alsaker. Ho er dagleg leiar for 3 Piker og Verftet Café, og har jobba i butikk sidan ho var femten år.

- Eg var innom omsorgsbransjen ein kort periode, men det var ikkje noko for meg. Det er butikk eg er god på, så eg bestemte meg for å starta 3 Piker. Det er absolutt tøft å driva butikk. Utfordringane står i kø og du må jobba døgnet rundt. Eg vil ikkje rosemåla det, for det er beinhard jobbing som ligg bak resultata, seier ho.

3 Piker ser gåve- og interiørartiklar, medan Verftet Café er viden kjende for sine donuts.

Rebecca kjende til Liv Marit og ECIT frå før, og visste at det var ein dyktig gjeng. Difor var valet sjølvsagt då ho starta selskapet sitt.

- Det var eigentleg ikkje meininga at ECIT skulle ta så mykje av rekneskapet, men så har det bitta på seg, fortel Rebecca. - No gjer dei alt, men eg køyrer løn og tek meg av fakturering sjølv.

Rebecca Alsaker (t.v.) og Liv Marit Børve

Kundeforholdet mellom ECIT og Elitefoto og 3 Piker er av det spesielle slaget.

- Me har eit veldig godt og tett samarbeid. For min del er det fantastisk å ha nokon i ryggen som bryr seg og støttar opp om bedrifta, som er oppriktig interessert i at me skal lukkast. Dei heiar oss fram og snakkar varmt om oss til andre kundar. Det betyr mykje for ei lita bedrift som oss, og gjer også til at me får eit nært kundeforhold, understrekar Malene.

Rebecca er einig: - Det er eit utruleg godt samarbeid, og me har så god kjemi! Når du skal driva butikk er det godt å ha eit rekneskapskontor i ryggen som ser deg og dine behov, og som du kan kontakta med alt du lurer på. Ho er engelen min!

Liv Marit Børve skryt over dei unge kvinnene som våger å satsa.

- Me i ECIT ynskjer å vera ein støttespelar i alle delar av prosessen. Det er mykje å tenka på når ein skal driva butikk, og me kan gi gode råd og innspel til kva som er viktig i forhold til kompensasjonar, bidrag, lønn, ytingar, likviditet og anna. Me har lang erfaring frå ulike bransjar, seier ho.

Mange opplever at det er greitt å ha ein uavhengig part og ein partnar i planleggingsfasen når ein driv eiga bedrift.

- Me har vore med på oppstarten av mange bedrifter, og kan hjelpa med alt frå stifting av selskap til å ta all økonomi og rekneskap.

ECIT kan bidra med utstyr og serverløysingar, datautstyr gjennom eigen nettshop, elektroniske køyrebøker, bistand til styremøter og anna.

Malene har gode råd til andre som vil starta butikk: - For det første må du ha tolmodigheit. Du omset kanskje bra dei første vekene, men så vil det koma rolegare periodar som du må stå i. Det er ikkje ein dans på roser. Deretter må du ha ein god dose pågangsmot og vera førebudd på at det er mykje jobb!

Ho er tydeleg på ein ting: - Det hadde ikkje gått utan ECIT i ryggen!

Me kan hjelpa deg med

  • Rekneskap
  • Lønn
  • Stifting av selskap
  • Budsjett
  • Likviditetsstyring
  • Skatt og avgifter
  • Kompensasjonssøknadar
  • Løn og HR
  • Årsoppgjer

Kontakt oss

Liv Marit Børve
lborve@ecit.no
Tlf. 53 45 63 00
www.ecit.com/no/stord