Oppskrifta på suksess

Det starta med kantinedrift og ein draum om å driva for seg sjølv.
I dag driv Tommy Persson både kantine, kafé og catering, og har fått eit solid fotfeste i regionen vår.
Med to bedrifter og høge ambisjonar, innsåg gründeren tidleg at han trong hjelp.
- Det beste med å ha ein solid støttespelar som ECIT Stord, er at kvardagen min blir einklare og gjer at eg kan onsentrera meg om det eg helst vil: Å driva Bralunsj, seier Tommy Persson.
Kokken frå Sverige har lang erfaring frå restaurant- og matbransjen, og for fem år sidan bestemte han seg for å sei opp den trygge, faste jobben og starta for seg sjølv.
Ambisjonane var høge, han ville starta i ein konkurranseutsett bransje, bygga opp noko eige der han kunne vera kreativ både med oppskrifter og servering.
- Då eg starta Bralunsj i 2018 var eg fast bestemt på å klara alt sjølv. Det gjekk eg fort vekk ifrå, smiler han.

Tommy Persson driv Bralunsj. Her frå kantina som han driv i Kunnskapshuset på Stord. Foto: Privat.
Tommy Persson driv Bralunsj. Her frå kantina som han driv i Kunnskapshuset på Stord. Foto: Privat.
Den entustiastiske kokken har eit hjarta for god mat, elskar når ein tenker utanfor boksen og er blitt eit populært namn både på Stord og i Kvinnherad.
Han leiger seg gjerne ut til bedrifter, events og private lag - og med ein forkjærleik for streetfood og grillmat, ønskjer Persson å levera matopplevingar av høg kvalitet.
- Det var ein trong som gjorde seg gjeldande i 2018, då eg valte å satsa på draumen min. Det kom til eit punkt der det var naturleg for meg å ta det steget, seier han.
Bralunsj overtok kantinedrifta for 150 personar i Kunnskapshuset på Stord, og med det la han grunnsteinen for vegen vidare.
- Det var tøft å starta for seg sjølv, og det er utfordrande å driva eit selskap aleine. Eg såg tidleg at eg var nøydd å sitja kveldar og helger for å rekka over alt - og ikkje hadde eg kunnskapen til det, heller. Eg innsåg difor tidleg at eg trong ein støttespelar, seier han.
KANTINEDRIFTA PÅ LEIRVIK er sjølve grunnsteinen i bedrifta, og den populære kokken deler tida si mellom Stord og Halsnøy, der han bur og driv utleige av selskapslokalet EMZA.
I fjor sommar stifta han selskap nummer to då han opna Bralunsj Café på Husnes Storsenter. Her serverer han herlege smårettar og bakverk.
- Det å ha ein støttespelar som ECIT er heilt avgjerande i forhold til drifta og det å kunna klara seg når ein skal ta steget og våga å satsa for fullt på gründerlivet, understrekar han.

DET VAR IKKJE TILFELDIG at valet fall på ECIT Stord når Persson trong hjelp til rekneskap, løn og andre tenester knytt til drifta.
Rekneskapsbyrået har 45 års erfaring frå bransjen, og har kontor i andre etasje i Kunnskapshuset. Dei var difor allereie kjende ansikt frå kantina.
- Vegen til døra deira var kort når eg trong å forhøyra meg om denne type tenester og kva dei kunne hjelpa meg med. Eg kopla på ECIT då eg forstod at eg ikkje kunne klara alle sider av drifta sjølv. Eg vil jo at rekneskapen skal gå bra, ler han, før han blir alvorleg.
- Nei, eg vil jo ha kontroll. Då er det godt å ha dyktige folk som kan ta seg av den delen av drifta.

- Det er godt å ha nokoni ryggen som kjenner behova til bedriften min, og som støttar meg og vil at eg skal lukkast, seier Tommy Persson i Bralunsj AS. Her saman med dagleg leiar i ECIT Stord, Liv Marit Børve (t.v.) og rekneskapskonsulent Christine Sæle.
I dag er det rekneskapskonsulent Christine Sæle som har hovudansvaret for Bralunsj, saman med Liv Marit Børve, men alle dei tilsette i ECIT Stord jobbar tett saman.
- Det er ein fantastisk flott gjeng som jobbar her, og eg er svært godt nøgd med kundeforholdet. Dei er dyktige, og flinke til å halda meg i øyro slik at eg held både freistar og godkjenner ting i tide, blunkar han.

- Det er godt å ha nokoni ryggen som kjenner behova til bedriften min, og som støttar meg og vil at eg skal lukkast, seier Tommy Persson i Bralunsj AS. Her saman med dagleg leiar i ECIT Stord, Liv Marit Børve (t.v.) og rekneskapskonsulent Christine Sæle.
- Det er godt å ha nokoni ryggen som kjenner behova til bedriften min, og som støttar meg og vil at eg skal lukkast, seier Tommy Persson i Bralunsj AS. Her saman med dagleg leiar i ECIT Stord, Liv Marit Børve (t.v.) og rekneskapskonsulent Christine Sæle.

ECIT har vore heildigitale sidan 2020, og har nærare 300 kundar innanfor dei fleste bransjar og storleikar.
Det er slutt på tida då kundane kom innom med bæreposar fulle av kvitteringar og bilag, og den digitale kvardagen har opna dørene for ein heilt ny måte å kommunisera med kundane på
Persson er likevel ikkje framand for å stikka innom i døra når han er på huset.
- Det set me pris på. Det er fint å ha den fysiske nærleiken til kundane, og at dei kan stikka innom ved behov. Sjølv om det meste skjer digitalt, er det flott å kunna sitja saman rundt bordet og diskutera smått og stort rundt drifta. Dessutan er det alltid spanande å høyra om Tommy sine planar, smiler Sæle.

SYSTEMA SOM ECIT LEVERER er blitt kåra til best i test fleire gonger.
- Systema er saumlause og integrerte, og alt snakkar saman. Det er brukarvenleg og gunstig for meg som kunde - så slepp eg å bruka tid på ting eg ikkje forstår, seier han.
Dialogen med ECIT skjer både på epost, telefon og via chat.
- Tommy kan skriva i chatten i systemet sitt, så får eg opp ei melding om det. Det er ein praktisk funksjon når ein sit og jobbar med ting. Då kan eg svara han direkte, eller når eg kjem på jobb dagen etterpå. Terskelen for å slå på tråden er også låg. Det er viktig for oss at me er tett på kundane våre, forklarar Sæle.



Det å ha ein støttespelar som ECIT er heilt avgjerande i forhold til drifta og det å kunna klara seg når ein skal ta steget og våga å satsa for fullt på gründerlivet.
LIV MARIT BØRVE er dagleg leiar for ECIT Stord og har mange års erfaring frå oppstart og hjelp med små og store bedrifter.
- Me heiar på dei som vågar å satsa på draumane sine. Me ynskjer å vera ein støttespelar i alle delar av prosessen, og kan gi gode råd og innspel til kva som er viktig å tenka på i forhold til løn, fakturering, ytingar, likviditet og anna.
Ho understrekar at dersom ein vurderer å starta for seg sjølv, kan ECIT bidra som ein uavhengig part og ein partnar i planleggingsfasen.
- Me hjelper til med alt frå stifting av selskap til økonomi og rekneskap.
ECIT bidreg også med utstyr og serverløysingar og datautstyr gjennom eigen nettshop, elektroniske køyrebøker, bistand til styremøte og anna.

Den dyktige kokken vil ikkje røpa for mykje om planane framover, men kan likevel letta på sløret om kva framtida har i vente for svoltne sunnhordlendingar.
- Bralunsj har avtalar i både Stord kommune og Kvinnherad kommune. No håpar me å kunna etablera eit kjøkken på Bømlo også. Me har stor tru på at catering vil bli teke varmt imot her, og me gler oss til framtida.
På vegen hjelper ECIT Stord med alt frå fakturering og lønskøyring, til regelverk og lovar.
- Det er ikkje vanskeleg å veksa med ein slik støttespelar i ryggen. Det gjer at eg kan konsentrera meg om det eg er god på, nemleg å vera gründer og tenka utanfor boksen, smiler han.

Me kan hjelpa deg med
- Rekneskap
- Lønn
- Stifting av selskap
- Budsjett
- Likviditetsstyring
- Skatt og avgifter
- Kompensasjonssøknadar
- Løn og HR
- Årsoppgjer
Kontakt oss
Liv Marit Børve
lborve@ecit.no
Tlf. 53 45 63 00
www.ecit.com/no/stord

OM ANNONSØRINNHALDET FRÅ PM VEST
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.
Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.
Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!
© Copyright Polaris Media Vest