Bømlo kommune:

- Nesten som Bakkebygrenda

Då Erlend Flornes Skaret flytta heim til Bømlo etter å ha budd 25 år vekke, hadde familien verken bustad, jobbar, skuleplass eller barnehage. No er dei godt integrert i lokalsamfunnet og stortrivst på sin nye heimstad.

- Det er noko av den same idyllen som i Astrid Lindgren sine bøker om Bakkebygrenda. Det er så stille, og ungane kan springa rundt til naboane, utan at me treng å bekymra oss for trafikken. Livet går langsamt. Det er heilt nydeleg!

Magdalena Flornes Skaret ser ut vindauga i stova heime på Rekkje, eit steinkast unna Meling på Bømlo. Ein eldre låve i tilknyting til huset vitnar om at dette ein gong var eit småbruk. På dei omliggande jordene beitar sauar gjennom heile sommarhalvåret, og i horisonten kan ei rekkje med naust og nokre båtar skimtast – det er kort veg til Melingsvågen.

- Ja, det er lite tilgjort. Det er ingen som forventar at du er noko, og du treng ikkje gøyma deg bak noko du ikkje er. I Steyr var det høge hekkar rundt husa, skogane var private og over avgrensa område. Individualismen var stor. Kontrasten til det opne landskapet og samfunnet me lever i her i Noreg er veldig stor.

ERLEND FLORNES SKARET flytta frå heimplassen på Bømlo for 25 år sidan. Dei siste seks åra har han budd i Austerrike saman med familien: Kona Magdalena kjem frå Steyr, ein liten austerriksk by med om lag 40.000 innbyggjarar. Her er borna Frida (6) og Oscar (3) født og oppvaksne.

- Det var rett tidspunkt for oss å flytta med tanke på skulestarten til Frida. Me har gått mange rundar på kor me vil busetja oss, og ynskja ein plass me hadde tilknyting til. Å flytta tilbake til Bømlo kjentest rett – me har hatt mange lange, fine feriar her, seier Magdalena.

DET ER EIT stort steg å flytte frå alt det kjende til ein heilt ny stad – og forvente at alt skal fungera. Ungane hadde begynt å få vener i Steyr, Magdalena jobba som grunnskulelærar. Erlend er utdanna sivilingeniør men har jobba sjølvstendig som forfattar i fleire år. Nettverket var stort, kvardagen trygg og god.
Likevel var det fleire ting som gjorde at familien ynskja å flytta på seg:

- Skulesystemet er ein av dei største grunnane. Systemet er annleis i Austerrike. Elevane får karakterarar allereie frå 3. klasse, noko som legg eit stort press på borna. Når dei fyller ti år og er ferdig med fjerde klasse, må dei velja om dei skal gå yrkesfag eller ålmenn. Det er store val å ta i så ung alder, dei forstår ikkje konsekvensane.

Magdalena har heile tida for positiv til å flytta, men det var viktig for Erlend at ho ikkje romantiserte det å bu i Noreg.

- Eg ville at ho skulle ha eit realistisk bilete av å bu her. Me har vore på lange feriar her, men kvardag er noko heilt anna. Vintermånadane kan vera mørke, og ein grå tysdag i november er ikkje akkurat sol og sommar. Difor var det eigentleg eg som bremsa ned det heile – meir enn kva ho gjorde, fortel han.

DÅ BUBILEN MED flyttelasset vendte fronten heimover for å ta fatt på den nær 2000 kilometer lange reisevegen, var det utan jobbar, bustad, skuleplass og barnehagetilbod i bagasjen.

- I bilen på veg opp fekk eg ein telefon frå Bømlo kommune om at eg hadde fått jobb som prosjektleiar for bygg og anlegg. Då kjente eg at bitane begynte å falla på plass, smiler Erlend.

Etter å ha budd hos foreldra til Erlend eit par månadar, fann ekteparet endeleg eit husvære. Ein koseleg einebustad frå 50-talet med steintrapp, tilhøyrande låve og loft. Familien har gjort det heimekoseleg og no trivst dei godt.

- Me har valt å leiga. Det er kanskje uvanleg, men me føler at det gir oss trygge rammer. Me slepp å forhalda oss til renteauke og ein del andre utgifter som kjem med når ein eig bustad, kommenterer Erlend. – Me var veldig glade då dette dukka opp. I tillegg har skulestarten gått over all forventning, og me må rosa skulen for å ha lagt godt til rette.

MAGDALENA ER UTDANNA grunnskulelærar, men har førebels valt vekk læraryrket. Ho jobbar deltid som vertskap på Bømlo Kulturhus.

- Eg har ikkje heilt bestemt meg for om eg vil tilbake til læraryrket. Akkurat no trivst eg godt der eg er. Det er fin jobb og eg har fått ein varm velkomst. Det er kjekt å snakka med folk, smiler ho.

Ho har fått mykje tid til å reflektera når ungane er på skule og i barnehage, og nyttar turløypene i nærområdet aktivt.

- Det eg likar aller best med å bu her er at me kjem så nære naturen. Mellom anna prøver eg å gå til Siggjo ein gong i veka, fortel ho.

- Det skal ikkje så mykje til for å imponera ho, skyt Erlend inn med eit smil.

– Ho kan finne på og stoppa bilen og laga kø når ho ser ein regnboge. Det er ikkje mykje regn i Austerrike, så regnbogar er eit sjeldan fenomen.

- Ja, eg blei heilt frå meg av begeistring då eg såg ein regnboge på Siggjo og sendte det i familiegruppa til Erlend. Dei andre var tydeleg ikkje like imponerte som meg, det var visst daglegdags, ler ho.

BÅDE ERLEND OG MAGDALENA rosar bømlingane for å vera initiativrike

- I ballbingen her oppe på Meling samlast me ein gjeng damer kvar måndag for å trena. Det er eit privat initiativ og gjer det enklare å koma i kontakt med folk.

- Ja, og i Kulturløa her borte har det vore eit par konsertar. Det er kjekt når folk dreg i gang slike ting. Det seier noko om mentaliteten og viljen til dei som bur her.

Familien valte også å vera opne då dei flytta inn i nabolaget. Magdalena og borna ringte på hos naboane og inviterte alle til ope hus.

- Mange blei nok litt overraska over at me kom på dør, men me blei godt tekne imot. Mange kom og det var ein fin måte å knyta kjennskap på.

Likevel er ho tydeleg på at det har vore vanskeleg å bygga seg opp eit godt nettverk. 

- I Noreg er folk venlege, men ein er jo opptekne mde sitt. Eg kvir meg kanskje litt til å ta kontakt og vil ikkje vera så mykje til bry. I alle fall ikkje på denne tida, når ein er mykje innandørs.

ERLEND ER UTDANNA sivilingeniør og har jobba i betongbransjen i Oslo fleire år. Likevel har han hatt ein indre draum om å skriva, og etter eit sabbatsår på forfattarskule i Bø, valde han å følgja draumen.

- Betong og poesi… det er jo to heilt forskjellige verder, smiler han.

I fleire år har ekteparet levd på lite løn. Dei har ikkje savna noko, men no var tida inne for meir stabilitet og økonomisk tryggleik.

Jobben i Bømlo kommune kom difor godt med, og som prosjektleiar for bygg og anlegg har han ansvar for å leia mange av kommunen sine prosjekt trygt i hamn – blant anna nybygget av brannstasjonen på Svortland.

- Det har vore mykje å setja seg inn i, og nybygget er ganske avansert i forhold til konstruksjonane. Men eg trivst godt og synest det er positivt å kunna bidra til samfunnet på ein litt anna måte igjen. Dessutan er det ekstra godt med kollegaer, smiler han.

Jobb i kommunen?

Me har mange spanande stillingar!