Industrieventyret på Eldøyane

Med banebrytande teknologi leverer Baker Hughes Stord tenester til den globale energiindustrien.
Verksemda har vore ein viktig brikke for lokalsamfunnet i snart tjue år – no gler dei seg over høgt ordrevolum og omsetningsrekord for andre året på rad.

- HEILT SIDAN OPPSTARTEN av Advantec har me vore ei bedrift som er driven av teknologi og nyutvikling, seier Kolbjørn Mehl.
Han er dagleg leiar for Baker Hughes Stord, ein viktig leverandør av brønnkontrollsystem til den globale energiindustrien.
- Hovudproduktet vårt er WOCS (Workover Control Systems) men me leverer også produksjons- samt test & flush HPUar (Hydraulic Power Unit). I tillegg jobbar me med produktutvikling av neste generasjons WOCS-system som står på havbotn, seier han.
- 90% av omsetnaden vår går til eksport. Me har verkeleg slått i bordet med å vera ein solid og påliteleg leverandør ut i marknaden, og eg kan ærleg seia at det hadde ikkje vore mogleg utan alle dei dyktig og dedikerte tilsette me har på Stord. Det me leverer her er leiande teknologiløysingar til utviklings- og produksjonsprosjekt, og me har høgt fokus på kvalitet og HMS i alle ledd.

Kolbjørn Mehl, dagleg leiar for Baker Hughes Stord.
INDUSTRIEVENTYRET STARTA I 2005, då under namnet Advantec.
Ein svært attraktiv teknologi førde til at selskapet raskt vart ein aktør i sitt marknadssegment, sett frå eit globalt perspektiv. Gode samarbeid med globale aktørar innan subsea, olje og gass sette Stord-bedrifta på kartet – og Advantec sin unike teknologi vart etterspurd.
I 2015 vart Advantec kjøpt opp av GE Oil & Gas, og er no ein del av Baker Hughes-konsernet med 54.000 tilsette på verdsbasis, derav ca 2.000 i Noreg.

Audun Waage og Torstein Lydersen i Baker Hughes Stord.
- Sjølv om me er ein del av eit stort selskap, fungerer Baker Hughes Stord som eit mikrosamfunn. Me har alle disiplinar på huset: Alt frå tilbodsavdeling, engineering, lager & logistikk, innkjøp, service og verkstad produksjon til HMS og kvalitet. Det gjer arbeidsmiljøet her utruleg variert og godt, samstundes som det gir dei tilsette og bedrifta mange moglegheiter. Med Baker Hughes har ein fått ein eigar med finasielle musklar til å vidareføra visjonane inn i framtida.

Kolbjørn Mehl, dagleg leiar for Baker Hughes Stord.
Kolbjørn Mehl, dagleg leiar for Baker Hughes Stord.

Audun Waage og Torstein Lydersen i Baker Hughes Stord.
Audun Waage og Torstein Lydersen i Baker Hughes Stord.
105 DYKTIGE TILSETTE jobbar saman for å levera verdsleiande teknologi, og nyleg vart delar av surfaceproduksjonen flytta frå Stavanger til Stord.
- Det er god aktivitet for oss, som utvider produktpotreføljen og sikrar arbeid for våre verkstadtilsette. Me har kome oss velberga gjennom korona utan at det har hatt dei store konsekvensane for drifta og leveransane våre. Energimarknaden har vore stabil gjennom heile perioden med pandemi, og me hadde omsetnadsrekord både i 2020 og 2021. No byrjar ordrebøkene våre for åra framover å fylla seg opp, og engineeringsavdelinga er svært travel med komande prosjekt. Me jobbar for fullt inn mot framtida.

Lars Petter Kjeka har travle dagar i engineeringsavdelinga til Baker Hughes på Stord.
Lars Petter Kjeka har travle dagar i engineeringsavdelinga til Baker Hughes på Stord.

SJÅ FOR DEG at ein oljebrønn skal vedlikehaldast.
Kvar gong ein utfører arbeid på ein brønn på havbotn, treng ein eit kontrollsystem. Då koplar ein av gjeldande kontrollsystem og koplar inn Baker Hughes sitt i staden. Såkalla WOCS gjer at ein kan ha kontroll medan operasjonen pågår.
I den største av dei tre produksjonshallane vert utstyr klargjort og tilpassa til prosjektet det skal brukast på.

Jarle Siggervåg jobbar med å klargjera HPUen i ein splitter ny WOCS.
Enorme umbilicals, vert spola på reelar som skal sendast rundt i heile verda på oppdrag. Desse vert kopla saman med «juletrea» på havbotn med WOCSen på overflata.
Lengda på reelane kan vera over 3000 meter, og kan vera tjukke som trestammer. Inni her finn ein forskjellige slangar og kablar som sender signal og væsker (olje, kjemikaliar) som skal ned til brønnen på havbotn.
- Brønnkontrollsystemet vårt inneheld alt naudsynt utstyr og vert tilpassa kvar kunde sitt behov. Med denne typen automatiserte løysingar i industrien, kan oppgåver gjerast langt meir effektive, nøyaktige og sikre, fortel Jarle Siggervåg. Han jobbar med å klargjera HPUen i ein splitter ny WOCS.

Avansert teknologi blir laga på Eldøyane og skipa ut i heile verda. Denne WOCSen skal til Afrika.
- Kontrollrommet styrer HPUen som genererer hydraulisk kraft, og sender dette gjennom umbilicalen og ned til undervasskontrollmodulen, forklarar han og viser veg inn i det som liknar ein kvit container.
- Før me sender det ut til kunden, vert alt testa og kontrollert. Akkurat denne skal til Afrika. Det hender at ein representant frå kunden er til stade og observerer arbeidet på Stord. Då må ein vita kva ein jobbar med.

HPUane kan skreddarsyast til kunde. Denne er laga i ei bøyd form.

Jarle Siggervåg jobbar med å klargjera HPUen i ein splitter ny WOCS.
Jarle Siggervåg jobbar med å klargjera HPUen i ein splitter ny WOCS.

Avansert teknologi blir laga på Eldøyane og skipa ut i heile verda. Denne WOCSen skal til Afrika.
Avansert teknologi blir laga på Eldøyane og skipa ut i heile verda. Denne WOCSen skal til Afrika.

HPUane kan skreddarsyast til kunde. Denne er laga i ei bøyd form.
HPUane kan skreddarsyast til kunde. Denne er laga i ei bøyd form.
Kjetil Storetvedt sørger for at alt går rett for seg på delelageret.
Bjørn Gundersen jobbar i surfaceavdelinga. Dette brønnventiltreet har fått overhaling og er klart til å skipast ut igjen i Nordsjøen.
Espen Fylkesnes med jiggen "Helga".
JOHNNY HELLAND HAR vore med i selskapet sidan byrjinga. Med teknisk bakgrunn har han vore innom fleire område i bedrifta, mellom anna på reiseoppdrag.
I dag har han spanande og utfordrande arbeidsdagar, som Global Rental Asset Manager - WOCS. Det betyr at han har hovudansvaret for utleigepoolen av WOCS-system, og koordinerer dette over heile verda: frå Afrika til Asia, til Stillehavet og Brasil.

Johnny Helland har ansvaret for utleigepoolen av IWOC-system.
- Baker Hughes har investert i ein flåte av moderne WOCS-system for lang- eller korttidsutlegie til den globale marknaden. Me har også erfarne WOCS-ingeniørar- og teknikarar som er tilgjengelege for operasjonar, fortel han.
Helland ser positivt på utviklinga selskapet har hatt dei seinaste åra, og fortel om eit godt arbeidsmiljø nede på Eldøyane. No set han pris på å ha eit stort konsern i ryggen.
- Med Baker Hughes som eigar har me heilt andre musklar inn i den globale verdsmarknaden enn tidlegare.
MED LYSE FRAMTIDSUTSIKTER kjem eit behov for å utvida med fleire dyktige tilsette. Moglegheitene i eit internasjonalt selskap som Baker Hughes er uendeleg mange for den som ynskjer det.

- Me er i stor grad ute etter å rekruttera lokalt når det gjeld alle fagdisiplinar her hos oss. Me er på utkikk etter nye, kloke hovud som kan hjelpa oss å ta bedrifta vidare inn i framtida, og kjem til å ha behov for både ingeniørar, planleggar, innkjøpar, servicekoordinatorar og kvalitetskontrollørar i nær framtid. I tillegg aukar talet på lærlingar frå seks til ti i haust. Baker Hughes er medlem av Opptek (Opplæringskontor for teknologifag) og er ein del av Stordmodellen som vidareutdannar fagarbeidarar til teknisk fagskule og ingeniørar.

Johnny Helland har ansvaret for utleigepoolen av IWOC-system.
Johnny Helland har ansvaret for utleigepoolen av IWOC-system.



ENDRE OLSON, Daniel Moores Bernes, Anders Tofte Eide og Amalie Riise er alle viktige brikker når framtida til Baker Hughes skal formast, og er alle lærlingar innan automasjonsfaget.
Medan Olson er i gang med fagprøven, har dei tre andre eitt år igjen av læretida.
- Å vera lærling her kan absolutt anbefalast, seier Riise med eit smil.
Tofte Eide nikkar samd: - Eg skal vera ærleg å seia at eg ikkje visste heilt kva eg gjekk til, eller kva oppgåver eg fekk ta del i som lærling. Automasjon er eit stort fag, men det er utruleg mykje spanande ein får jobba med her.
Akkurat no held dei på med kalibrering.
- Me får prøva oss sjølv, og på den måten lærer me mykje. Alle som jobbar her er veldig hjelpsame, så me er ikkje redde for å spørja om det er noko me lurer på, nikkar Olson.
Med fagbrev innan automasjon har dei svært mange moglegheiter i framtida, og i Baker Hughes Stord er det inga tvil om at dei verkeleg har verda for sine føter.

