Verdas mest berekraftige IT-selskap utfordra kommunen

Bømlo kommune går føre som eit godt eksempel når dei inviterte tilsette til ei ordentleg vårreingjering av IT-utstyr.

Gamle mobilar, nettbrett, berbare PC-ar og skrivarar var berre noko av det som vart teke i mot på Rådhuset.

Vanja Espeland er personalsjef i Bømlo kommune, og saman med IT-selskapet Atea har ho teke initiativ til miljødugnaden der tilsette kan levera IT-utstyr som ikkje lenger er i bruk.

Goitloop-skapet vart fylt med gamalt IT-utstyr.

- Håpet er jo å fylla skapet heilt opp. Kommunen sin visjon er "Berekraftige Bømlo", og i alle våre planar og tenester skal berekraft vera gjennomgåande. I denne miljødugnaden med innlevering av gamalt utstyr, bidreg kommunen til å setja gjenbruk og resirkulering på agendaen, seier Espeland.

Vanja Espeland, personalsjef i Bømlo kommune.

Vanja Espeland, personalsjef i Bømlo kommune.

Goitloop-skapet vart fylt med gamalt IT-utstyr.

Goitloop-skapet vart fylt med gamalt IT-utstyr.

UNDERSØKINGAR ANSLÅR AT det ligg rundt 10 millionar mobiltelefonar som ikkje lenger er i bruk rundt i dei norske heimar.

Mange kan nok kjenna seg igjen i at ein tek vare på den gamle telefonen når ein får seg ny - "i tilfelle" ein kan få bruk for den gamle.

- Det har ein tendens til å hopa seg opp med teknologisk utstyr som ein ikkje nyttar lenger. Det ligg nok eit par generasjonar med gamle mobiltelefonar i hus og heimar. Dette har me i Atea bestemt oss for å gjera noko med via programmet "Goitloop", seier Tove Janita Kvernenes i Atea.

Rapportar anslår at det ligg truleg 10 millionar mobiltelefonar som ikkje er i bruk, rundt i norske heimar.

- Det er mange som ikkje tenkjer over kva verdi desse har - både i form av resirkulering av komponentar og for gjenbruken sin del. Om ein ikkje har bruk for desse lenger, finst det kanskje andre som har det. Difor er det ekstra viktig å gjenvinna IT-utstyr.

Rapportar anslår at det ligg truleg 10 millionar mobiltelefonar som ikkje er i bruk, rundt i norske heimar.

Rapportar anslår at det ligg truleg 10 millionar mobiltelefonar som ikkje er i bruk, rundt i norske heimar.

GRUNNEN TIL AT mange ikkje kvittar seg med eldre IT-utstyr, er ofte at det finst sensitiv informasjon i form av private bilete eller andre opplysningar på eininga.

Det treng ein ikkje å bekymra seg for når ein leverer utstyr via "Goitloop".

- Det skal vera heilt trygt å levera inn utstyret, anten det er ein mobiltelefon eller ein harddisk. Einingane vert formatert og skapet som oppbevarer utstyret er sikra med kodelås. Hos logistikksenteret vert alt registrert på einingsnivå og vurdert etter tilstand.

- Om det er mogleg, set me det i stand og sel vidare. Dersom det ikkje er mogleg å bruke utstyret på nytt, vert det delt opp i komponentar. Me kan gjenvinna 99,7 prosent, der dei resterande 0,3 prosenta er giftige stoff. Plast blir til ny plas, og dei ulike metalla vert gjenvunne kvar for seg, forklarar Kvernenes.

Tove Janita Kvernenes frå Atea, saman med Vanja Espeland og Andre Thinh Nguyen.

Tove Janita Kvernenes frå Atea, saman med Vanja Espeland og Andre Thinh Nguyen.

BØMLO KOMMUNE ER svært nøgde med at IT-utstyret dei leverer kan koma til nytte for andre.

Leiar for IKT-avdelinga i kommunen, Andre Thinh Nguyen, rosar tiltaket.

- I likheit med mange andre kommunar er det mykje gamalt IT-utstyr osm blir liggjande. Det kan vera alt ifrå fasttelefonar til eldre PC-utstyr som harddiskar, tastatur og skjermar.

Nguyen fortel at Bømlo kommune har hatt rammeavtale på leveranse av IT-tenester og produkt med Atea dei siste ti åra.

- Kommunen har levert IT-utstyr til gjenvinning lenge, men dette er første gong dei tilsette får tilbod om å levera inn sitt private utstyr. Dette heng saman med vår visjon og det at Bømlo kommune er i gang med miljøfyrtårnsertifisering. Per no er det Rådhuset og hovudbiblioteket på Kulturhuset som er sertifisert. Tiltak som dette gjer i tillegg til at ein får ei bevisstgjering rundt problematikken og ei djupare forståing for korleis ting heng saman.

Vanja Espeland i Bømlo kommune saman med Tove Janita Kvernenes, salsleiar i Atea.

Kommunen er den største arbeidsgjevaren på Bømlo, med rundt 1200 tilsette fordelt på 800 årsverk.

- Ved å gå føre som eit godt eksempel og verkeleg setja lys på berekraft og gjenvinning håpar me å kunna vera ein attraktiv arbeidsgjevar. Det viser at me har handlingskraft, og eg håpar dette får ringverknadar, slår Espeland fast.

Vanja Espeland i Bømlo kommune saman med Tove Janita Kvernenes, salsleiar i Atea.

Vanja Espeland i Bømlo kommune saman med Tove Janita Kvernenes, salsleiar i Atea.

ELEKTRONISK AVFALL ER ein av verdas raskast veksande avfallstypar, og produksjonen av elektroniske einingar har stor påverknad både på miljø og menneskeliv.

Heile 95 prosent av miljøbelastinga knytt til ein PC kan sporast tilbake til produksjonen - berre 5 prosent er knytt til sjølve bruken. Difor er det avgjerande at ein klarar å føra komponentar frå ulike einingar tilbake til verdikjeda.

- Med andre ord er det heilt naudsynt med gjenvinning og gjenbruk på grunn av den enorme miljøbelastinga det inneberer å la vera, fortel Kvernenes.

Bømlo kommune er svært nøgde med at IT-utstyr kan koma til nytte for andre.

- Ulike kommunar og bedrifter har forskjellige behov. iPadar som Bømlo kommune ikkje lenger nyttar, kan det vera ei bedrift på Sørlandet som har behov for, forklarar Espeland.

- Og utstyret er heilt som nytt, lovar Kvernenes. - Det vert sett i stand og pakka i fine esker med teksten Baby I'm back.

Restverdien i produkta som blir levert, krediterer Atea tilbake til kommunen.

- Det er sjølvsagt også ein motivasjonsfaktor for mange.

Foto: Colourbox

Bømlo kommune er medlem av 100%-klubben.

Bømlo kommune er medlem av 100%-klubben.

NYLEG VART KOMMUNEN også medlem av Atea sin 100%-klubb. Her er fleire av kommunane i regionen med.

100%-klubben består av bedrifter og verksemder som har forplikta seg til eit mål om å gjenbruka og resirkulera 100% av IT-utstyret sitt, seier Kvernenes.

- Det er jo slik at våre kundar har ei enorm makt til å utgjera ein forskjell. Ein sit på eigarskap til store mengder av IT-produkt og andre elektroniske einingar. Med den makta kjem det også eit ansvar. Difor vil me at 100%-klubben skal vera med på å gjera oss og våre kundar bevisste på og ha fokus på viktigheita av gjenbruk og gjenvinning av IT-utstyret.

Bømlo kommune er medlem av 100%-klubben.

Verdien på andrehandsmarknaden av det estimerte utstyret som ligg rundt i dei norske heimar, er på heile 1 milliard kroner.

- Det betyr at salsverdien på einingane som ligg og støvar ned i skuffer og skap har store verdiar. Det er eit enormt potensiale her, og bedrifter er sjeldan klar over kor mykje dei kan tena, reint økonomisk, på å handtera hardware betre.

ATEA ER VERDAS mest berekraftige IT-selskap. Kåringa har analysert meir enn 7000 selskap over heile verda, og kåra dei 100 mest berekraftige.

Atea er nr. 1 i sin kategori, og nr. 51 på den samla indeksen.

- Det betyr at me er verdast mest berekraftige IT-selskap, og på lista over dei 100 mest berekraftige selskapa i verda! I tillegg er me det mest berekraftige selskapet totalt sett i Noreg, noko som er ei skikkeleg anerkjenning av den innsatsen og investeringa Atea har lagt ned i arbeidet med berekraft. Denne prisen er prestisjetung, så det er skikkelig stas, seier Kvernenes.

- Me har jo visst lenge at me er gode på dette, men no vert det lagt merke til i marknaden blant eksterne aktørar, og me har eit skikkeleg kvalitetsstempel på jobben me har gjort og dei ambisjonane me har for tida framover.

Vita meir om GOITLOOP og 100%-klubben?

Tove Janita Kvernenes
Tlf. 95 03 13 18
tove.janita.lunde.kvernenes@atea.no