Investerer i ei teknologisk framtid

Salt Ship Design har investert store summar i nye IT-løysingar. Eit tett samarbeid med teknologiselskapet Atea har gitt dei skreddarsydde løysingar.

Frode Marton Meling er IT-sjef for 120 personar i Noreg, Polen og Serbia. Salt Ship Design er ein av verdas største aktørar innan skipsdesign, og for den framoverlente bedrifta er det ei sjølfølgje at kommunikasjonen skal gå saumlaust på tvers av landegrensene.

Frode Marton Meling er IT-sjef i Salt Ship Design.

- Me nyttar den beste tilgjengelege teknologien i kvardagen vår. Hos oss kombinerer marinearkitektar og marineingeniørar erfaring og kunnskap for å utvikla og levera design og dokumentasjon som trengst for å bygga fartøy, seier Meling.

- Det er kritisk for oss å ha høgast mogleg oppetid. Alle skal vera online, og data skal vera tilgjengeleg for alle som jobbar i selskapet. Då treng me leverandørar som kan gi oss det aller beste innan IT.

Frode Marton Meling er IT-sjef i Salt Ship Design.

Frode Marton Meling er IT-sjef i Salt Ship Design.

SALT SHIP DESIGN har nedslagsfelt og leverer skipsdesign for ei rekke reiarar og aktørar innan den maritime bransjen. Dei seinaste åra har bedrifta vunne mange kontraktar som sikrar dei leveransar på alt frå prosessbåtar og brønnbåtar til fartøy innan havvind og offshore.

Den suksessrike bedrifta har pussa opp det karakteristiske bygget sitt på Sunnhordlandskaien på Leirvik, der mellom anna ni ulike møterom skal vera ein god base for flange planleggingsmøte saman med kundar frå heile verda.

Salt Ship Design er ein av verdas fremste aktørar innan skipsdesign, og har kontor i tre land. - Me treng ein leverandør som kan gi oss det beste innan IT, seier Frode Marton Meling.

I tillegg har dei investert millionar i ein splitter ny serverpark, for optimal yting i kvardagen for alle dei tilsette.

- Me har investert i nye serverparkar i alle dei tre landa våre, og det er Atea som har levert det same i alle land, forklarar Meling.

- For oss er det svært viktig å ha ei felles digital plattform innad i bedrifta som gir oss stor fleksibilitet.

Meling understrekar at kvardagen er heildigital, noko som stiller strenge krav både til teknologien, sikkerheita og bruken.

- Me jobbar med mange tunge program som krev store ressursar. Me skreddarsyr design og løysingar for reiarar, og jobbar til dømes med teikningar av båtar som alle prosjektinvolverte skal kunna vera oppdaterte på. Det gir ein del utfordringar i forhold til IT, sikkerheit og nettverk. Med løysinga som Atea har levert, ser me fram til ein enklare digital kvardag.

Salt Ship Design er ein av verdas fremste aktørar innan skipsdesign, og har kontor i tre land. - Me treng ein leverandør som kan gi oss det beste innan IT, seier Frode Marton Meling.

Salt Ship Design er ein av verdas fremste aktørar innan skipsdesign, og har kontor i tre land. - Me treng ein leverandør som kan gi oss det beste innan IT, seier Frode Marton Meling.

- ME ER SVÆRT stolte over at Salt Ship Design har valt oss som leverandør når dei no har investert i nye IT-system, serverar og løysingar, seier Tove Janita Kvernenes, salsleiar i Atea.

Meling har vore kunde hos Atea i over tjue år, og då han vart IT-sjef i Salt Ship Design for ni år sidan, tok han like godt med seg Atea som leverandør.

- I byrjinga leverte Atea hardware for oss, men me har fått eit breiare samarbeid gjennom åra. Atea er ein erfaren og solid aktør som kan levera på eit vidt spekter av behov. Dei har moderne løysingar og er spesialistar innan mange område, fortel Meling.

- Det er ein grunn til at eg er éin mann på IT her hos oss. Det meste kan eg nytta Atea til.

Han skildrar seg sjølv som ein vanskeleg kunde.

- Eg utfordrar gjerne Atea på kva løysingar eg trur dei kan levera. Det trur eg gjer at me får eit enno betre resultat.

- Ja, du er ingen enkel kunde sånn sett, smiler Kvernenes. - Du gir oss stadig utfordringar som gjer at me må hevda oss og verkeleg levera varene.

ATEA LEVERER EIT heildekkande tilbod av produkt og tenester innan teknologi og IT til ei rekkje bedrifter og kommunar.

- Målet vårt er å bygga Noreg med IT. Me skal vera gode rådgjevarar for kundane våre, slik me har vore no når Salt Ship Design skulle investere i nye system. Det er heilt essensielt for Salt at teknologien fungerer som den skal. Me ser på det som ei tillitserklæring at dei har valt oss som leverandør her.

Teknologiske og avanserte løysingar krev oppdaterte system og omfattande kunnskap om kva teknologi som vil vera det beste for kunden.

- Me stiller høge krav til oss sjølv. Leverandørane våre forventar at me heile tida er oppdaterte og har høg kompetanse på produkta deira. Difor sertifiserer me oss også jamleg, fortel ho.

photo of outer space

Photo by NASA on Unsplash

NÅR EIN SKAL INVESTERA i nye servertenester, er det viktig å ta stilling til kor ein skal vera.

Skal ein ha serveren inhouse i eigen serverpark, eller skal ein flytta alt opp i skya?

Framtidsretta verksemder føretrekker gjerne digitale skyløysingar. Fleksibilitet, effektivitet, prosesseringskraft og brukarvenlegheit bidreg til produktivitet og innovasjonsevne.

- Samstundes er det jo eit spørsmål frå mange bedrifter som er bekymra for om dei har nok kontroll på IT-sikkerheita i skya, seier Kvernenes.

Salt Ship Design har gjort ei rekke tiltak for å betra IT-sikkerheita. - Det er ein kontinuerleg prosess, seier Meling.

Salt Ship Design har mykje av infrastrukturen sin i skya, men er også avhengige av gode løysingar på kontora. Difor køyrer dei ei hybrid løysing enn så lenge.

- Investeringa me no gjer, er fordi me veit at det fortsatt vil gå nokre år før me alle tenester kan kunna køyra i skya.

Meling fortel at datasikkerheit er noko dei jobbar kontinuerleg med.

- Saman med Atea har me gjort ei rekke tiltak for å betra sikkerheita vår. Me er godt sikra i dag, men dette er ein kontinuerleg forbetringsprosess som alle selskap/firma må ha høgt på agendaen, ikkje berre internt i IT-avdelingane. Sikkerheita er aldri betre enn det svakaste leddet, avsluttar Meling.

Salt Ship Design har gjort ei rekke tiltak for å betra IT-sikkerheita. - Det er ein kontinuerleg prosess, seier Meling.

Salt Ship Design har gjort ei rekke tiltak for å betra IT-sikkerheita. - Det er ein kontinuerleg prosess, seier Meling.

ATEA LEVERER

  • Information Management
  • Hardware
  • Software

Konsulenttenester innan

  • Digital arbeidsplass
  • Hybrid plattform
  • Skytenester
  • Datasenter
  • Datadriven innovasjon
  • Havbruksteknologi
  • IT-sikkerheit
  • Velferdsteknologi

Ta kontakt med oss!

Tove Janita Kvernenes, salsleiar
Tlf. 95 03 13 18
tove.janita.lunde.kvernenes@atea.no