POV:
Du set deg i bilen og køyrer til butikken.
Det er kaldt, den våte asfalten nærmar seg frysepunktet - men på grunn av ein sensor i bakken har saltebilen allereie vore på vegen og sørga for at du kan køyra trygt.

POV:
Du er på veg til Haugesund sentrum. Parkeringa er uoversiktleg, det er "aldri" ledige plassar.
Dei enorme, digitale skjermane som er plassert langs hovudvegane inn til byen viser ei sanntidsoversikt over garasjar og stader med ledige plassar. Det gjer det enkelt for deg å planlegga turen, og sparar deg for både tid og frustrasjon.

POV:
Du jobbar i heimesjukepleien og går inn døra til Aagot (86). Det rutete pleddet ligg fint bretta over lenestolen, akkurat slik det gjorde dagen i forvegen. Klokka er 11, men kaffitraktaren står med gårsdagens restar.
Det einaste som bryt stillheita er klokka som går med taktfaste slag.
Du er her fordi alarmen har gått. Vasstandsmålaren til Aagot har gitt beskjed om at det ikkje har vore tappa vatn sidan i går ettermiddag. Det er urovekkande og indikerer at noko ikkje er som det skal. Best å sjekka.

Bygger Noreg med IT
Visste du at du kan jobba nasjonalt med teknologi saman med nokre av dei beste IT-folka i landet - samstundes som du bur i Sunnhordland?

Det aller kjekkaste med jobben er å kartlegga kunden sine behov og finna løysingar som gjer at dei får ein enklare kvardag. Gode løysingar på kompliserte problem gir meg alltid ei god kjensle, seier Christer Trasti.
- I ATEA har me eit mål om å gjera kvardagen enklare og betre for folk, seier han.
Som konsulent i ATEA jobbar Trasti tett med spanande kundar og prosjekt i sunnhordlandsregionen, samstundes som han er ein del av eit nasjonalt nettverk.
- Arbeidsdagen er spanande og variert. Nokre dagar er eg ute hos kundar, andre dagar har eg Teams-møte med kollegaer i heile Noreg, og innimellom jobbar eg med spanande IT-prosjekt, forklarar han og utdjupar:
- Eg kjem borti nye utfordringar og problemstillingar heile tida. Eg prøver så godt eg kan å planlegga arbeidsdagane mine, men skjer det noko som hastar ute hos ein kunde er eg nøydd å setja andre oppgåver på vent.


TRASTI JOBBAR TETT med ulike kommunar, skular og andre kommunale instansar. Samt bedrifter som byggjer og designer høgteknologiske og mdoerne skip, biogass-produsentar med meir.
- Alle er kundar med forskjellige behov og kompetanse innan IT. Nokre av kundane har eksempelvis avdelingar i fleire land. Det gjer at eg må tenka nøye gjennom skyløysingar, hastigheit og sikkerheit. Men det er nettopp det at alle har ulike behov som gjer at eg likar jobben min så godt. Då får eg utfordra både meg sjølv og nettverket rundt meg.

Ute hos kunde jobbar han sjølvstendig, men understrekar at han ikkje kjenner seg aleine av den grunn. I bakhand har han ATEA sitt nettverk av 7000 andre dyktige IT-folk.
- Det er ganske stort sannsyn for at noko av dei har vore borti eit liknande problem tidlegare og kan hjelpa meg eller koma med gode innspel, forklarar han.
Internt i ATEA er det mange som sit med ulik kompetanse, og ein er difor kategorisert i team. Trasti er ein del av Team Hybrid Plattform.
- Det vil seia at eg jobbar både i skya og i serverparkane til kundane. At det er mange slike team gjer det enkelt å spissa kompetansen og finna rett person til rett arbeid.


PRODUKTA ATEA LEVERER er alt frå teknologi til konsulenttenestar. Kundegruppa omfattar alle typar bransjar, frå shipping til skule og omsorgsinstitusjonar, så det gjeld å vera løysingsorientert.
- Ein må lika å jobba med menneske i denne jobben. Sjå moglegheitane hos kundane og knyta det saman med teknologien. Det kjekkaste, og det som gir meg mest, er å sjå kor nøgde kundane er med tinga me implementerer for dei. Det kan vera alt frå ein iPad i skulevesenet til ein serverpark eller eit interaktivt spel på eldresenteret.

FOR TRASTI VAR DET eit ynskje om faglege utfordringar som gjorde at han søkte seg til ATEA. Han har rundt 15 års erfaring innan IT, men var begynt å kjenna på stagnasjon.
- Eg hadde høyrd mykje spanande og positivt om ATEA frå før, og visste at dei er eit selskap med høg kompetanse og mange moglegheiter. Men eg skal ærleg seia at eg ikkje visste at dei hadde lokal forankring på Stord, så det var ei svært positiv overrasking, smiler han.

At han kan bu heime på Stord samstundes som han jobbar i eit så framoverlena selskap var ein av grunnane til at han søkte.
- IT-bransjen er i konstant utvikling. Du er nøydd å vera oppdatert og få påfyll av kompetanse for å henga med på det som skjer. Hos ATEA får eg den moglegheita. Her er det kurs og sertifiseringar som gjer at eg kan utvikla meg i den retninga eg sjølv ynskjer. Eg føler at ATEA satsar på dei tilsette, og det er heller inga hemmelegheit at høgt sertifiserte personar er attraktive i arbeidslivet.

TRASTI OMTALAR SEG gjerne som ein IT-nerd og synest moglegheitene som finst i teknologien er spanande.
- IT er eit hav av moglegheiter og handlar om så mykje meir enn serverar, hardware og software. Det handlar om å gjera kvardagen enklare og betre - og når desse verktøya blir brukt pår ett måte gir det stor verdi for kundane våre.
Teknologien gjer også at ein ikkje er låst innanfor kommunegrensene.
- Som tilsett hos oss er du ein ressurs over fleire område. Det er enormt mange moglegheiter. Du treng ikkje vera tilknytt ein kommune, men kan jobba fritt over heile landet - med dei beste folka innan IT, avsluttar han.

Vita meir om moglegheitene i ATEA?
Tove Janita Kvernenes
Tlf. 95 03 13 18
tove.janita.lunde.kvernenes@atea.no