Når du flyttar til Sunnhordland, korleis vil du bu?

I Sunnhordlandskommunane står einebustadtradisjonen sterkt, der me skal kunne gå rundt huset og helst eige det sjølv. Er det framleis slik de unge vil ha det?

ABO Plan & Arkitektur ynskjer å utfordre tenkinga rundt tradisjonelle bustadområde. No vil me høyra frå de som vurderer å flytte heim att, eller for fyrste gong til Sunnhordland. Kva bustadområde skal me som planleggjarar og arkitektar teikna og planlegge for? 

Det er fleire trendar i samfunnet som gjer at det kan vera trong for andre typar bustader enn dei me tradisjonelt har bygd. Stor auke i eldre og aleinebuande, aukande grad av einsemd og utanforskap, trong for betre miljøtilpassing og fellesskapsløysingar og ein utfordrande bustadmarknad gjer at me må tenkje nytt om det å bu.

Hjelp oss og svara på fem enkle spørsmål om korleis de ynskjer å bu i framtida.

Deltakarar er med i trekninga av gåvekort på Åtgaum.