Kulturell møteplass i sentrum

Ekteparet Anders og Bertine Skaar Hansen står bak Åtgaum [Bistro og vinbar], ein av dei mest populære utestadane på Stord.

Når Anders Skaar Hansen (34) snakkar om kulinariske opplevingar, er det vanskeleg å ikkje la seg riva med. Med stor begeistring fortel han om franske ostar, italienske vinar, perfekt steikt kjøt - og om den gongen han blei lurt til å eta hund i Kina.

Ein skulle tru det var ei livslang interesse som ligg i botn for all kunnskapen. Sautering, braisering, kontrastparing - Anders strør om seg med avanserte ord som er ein Michelin-kokk verdig.

Men det har ikkje alltid vore slik.

- Det er noko som skjer med oss menn i Hansen-familien når me bikkar 30. Me får ei enorm interessa for mat og begynner rett og slett å eta oss til døde. Eigentleg heilt forferdeleg, spøker han. - Men det er utruleg mykje god mat Og eg blir heilt rysta over kor lite eg eigentleg kan!

Åtgaum vann nyleg Målprisen.

Åtgaum vann nyleg Målprisen.

ÅTGAUM ER EI REISE SOM STARTA MED EI REISE.

Tilfeldigheiter ville ha det til at Anders og Bertine var på reise i Asia, nærare bestemt Thailand, då koronapandemien trefte verda med full kraft.

I lockdown, innestengt på pappa Hansen sin plantasje, begynte ekteparet å leika med ideen om å starta noko eige. Begge har lang erfaring som servitørar hos Bakeriet Frugård og var godt kjende med utelivsbransjen.

- Bertine og eg har reist mykje rundt og ete mykje god mat. Det er interessa vår, og me likar å oppleva nye plassar der me kan nyta eit godt måltid. Difor begynte me å skribla ned i Apple Notes og Google Docs medan me sat fast i Thailand. Idear, skisser, tankar... spira blei sådd, og me blei gira på å få til eit konsept sjølv.

Foto: Åtgaum [Bistro og vinbar]

FOR Å GJERA EI LANG HISTORIE KORT: Kort tid etter at dei kom heim til Noreg, sette Anders seg ned saman med GSE Sandvik og JK Arkitektur, eigarane av Hellandshuset, og la planar for det nye konseptet. Lokala hadde stått tomme etter at Sykkel & Kaffi la ned i desember 2019.

På eigarsida gjekk Trym Sandvik Steinshamn inn, med 24 prosent av aksjane.

- Det er sunt å få med ein tredjepart til å styra. Det kan jo bli litt psykosetilstandar om ikkje nokon kjem inn og set foten ned innimellom, kommenterer Anders.

Frå oktober 2020 jobba ekteparet for fullt med å gjera klar den nye kulturbaren.

Foto: Åtgaum [Bistro og vinbar]

Anders smiler lurt under hatten. Han har brukt ti år på å utdanna seg til grunnskulelærar. Han har budd i Trondheim og Bergen, gått på NTNU og UiB, teke seg tid, levd livet.

- Eg stod på randen til å bikka inn i eit klassisk A4-liv. Forsøket på å etablera Åtgaum var kanskje ei siste krampetrekning, eit siste forsøk frå mi side på å sleppa unna 07 - 15 og det same opplegget kvar dag.

Han smiler igjen.

- Og det funka, det!

Foto: Åtgaum [Bistro og vinbar]

Foto: Åtgaum [Bistro og vinbar]

Foto: Åtgaum [Bistro og vinbar]

Foto: Åtgaum [Bistro og vinbar]

14. MAI 2021 KUNNE DEI ENDELEG OPNA DØRENE til det som er blitt ein attraktiv møteplass på Leirvik.

- Me ville skapa noko, ein plass der me kunne servera god mat og få kulturelle opplevingar. Litt som Litteraturhuset i Oslo, men med ein lokal vri.

Gjestespel frå lokale aktørar, Småsceneri, fransk salong, bokbad og konsertar. Lyrikk og poesi, kveldar med seksretters og vinsmaking.

Åtgaum har funne si nisje og komplettert det heile med ein nøye utvalt og velkomponert meny.

SPANSKE GATEKAFEAR, italienske vingårdar og franske restaurantar. Brustein som klikkar under skoa, lukta av råvarer og fransk landsbygd. Den summande lyden av millionbyar i Asia, så folksamt at det knapt er nokon som ensar deg. Det kantonesiske kjøkkenet som er fullt av overraskande smakssamansetningar.

Anders har vore der. Sett det. Smakt det.

- Kina var ganefryd, og der eg blei lurt til å eta hund, humrar han. - Me besøkte far min, og heile familien var ute og skulle eta på restaurant. På bordet fekk me mange små rettar og smakte oss gjennom den eine nydeleg retten etter den andre. Etter den eine retten spurte dei meg om det smakte godt - før dei røpte at det var hund eg hadde ete, humrar han.

- Det smakte ikkje så aller verst. Litt seigt, kanskje. Hest er betre, har du smakt det?

Heime hos Skaar Hansen er det to som koker. Matinteressa er felles, og Anders er oppteken av å eta god mat.

- Akkurat no har me vore inne i ein meksikansk periode. I det meksikanske kjøkkenet er det utruleg mykje prepping av råvarer og sånt dill som Bertine likar. Eg har derimot prøvd å kutta det heilt ned, hatt tre typar råvarer som eg har bygd på, forklarar han.

- Spesielt pasta er godt å laga på den måten. På ekte, italiensk vis. No er eg lei av det, men gi det to-tre månadar så er eg nok på pastakjøret igjen. Det pleier å gå i bølgjedalar.

Hadde han fått velja éin ting å eta resten av livet, er han ikkje i tvil om kva han ville valt:

- Pizza! Det måtte blitt pizza. Berre tenk kor mykje du kan variera med! Chicago style, italiensk... kanskje toppa med rips og pære for å få syra som kontrast. Jo, seier han og nikkar. - Definivit pizza.

KOMPETANSEN ANDERS OG BERTINE har tileigna seg etter å ha reist rundt, er betydeleg. Anders innrømmer at han gjerne nerder litt ekstra og går all in for å læra.

- Eg suger til meg kunnskap, og bruker mykje av nettverket mitt til å læra - både om smakssamansetting, råvarer og rettar. Eg er heller ikkje redd for å sprøja om ting eg lurer på - men så har eg mykje igjen å læra. Spesielt om tilbereding. Julie og Fredrik (Urt & Ugras, red. anm.) var innom for ikkje så lenge sidan og kikka oppgitt på meg. "Kvifor gjer du det så tungvint for deg sjølv? Om du gjer det på denne måten, sparer du 2-3 minutt kvar gong du skal tilbereda!". Så ja. Definitivt ein veg å gå der.

GJESTANE ELSKAR ÅTGAUM. Bistroen har funne si nisje, og no i januar har dei oppdatert menyen sin.

- Eg trur me har funne noko veldig bra som vil bli tatt godt imot.

Med seg på laget har dei dyktige servitørar, som er essensielle for drifta.

- Alice er rå på lister, og har kontroll på det meste. Bertine og Håvard er knallgode på cocktails. Det er mykje spanande planar framover, lovar han.

Spesielt stas er det at gjestane kjem reisande frå heile Sunnhordland.

- Når eg har jobba 10 - 22 ein laurdag og kan gå heim og spretta ei nydeleg flaske med bobler... det er mi belønning for å jobba 70-timars veke.

Men kva er det som driv Anders? Kva er det som gir han stjerner i augo og som gjer at det er verdt all den harde jobbinga?

- Det er når eg får overraska gjestane. Kanskje det er ein god vin eg kan trekka fram, eller ei samansetting av smakar. Då likar eg meg aller best, smiler han.